10 høgdepunkt frå «Unge Lovende»

… Og første glimt frå den kommande sesongen.

Etter mange oppturar og nedturar, avslutta siste sesong av «Unge Lovende» på ein positiv måte for alle hovudkarakterane.

Nenne stod med boka si i handa, Alex skulle oppfylle skodespelardraumen i New York, og Elise var klar for å pitche ideane sine til eit TV-selskap. Moglegheitane står på døra til dei ambisiøse jentene.

Korleis det kjem til å gå vidare for forfattaren, skodespelaren og standupkomikaren, skal vi snart få sjå når sesong 3 har premiere 23. februar. Men før den tid, har vi samla ti av dei mest minneverdige augneblikka frå serien så langt.

Sjå traileren til den nye sesongen øvst i saka!

1. Pølsedame-Alex ?

episode 5, sesong 2
http://gph.is/2En8C0A

«Eg er blitt heilt fucked av byrået» skreik ein illsint Alex. Ho blei litt ivrig då ho skreiv under på reklamekontrakt med ei pølsebedrift, men missa at det stod at det kom til å vere pappfigurar med ho som pølseetande motiv på kvart eit gatehjørne. Kjipt for Alex, men utruleg morosamt for oss sjåarar.

2. Elise + Anders = ?

episode 6, sesong 1
http://gph.is/2EkTkp3

Etter mykje fram og tilbake i form av andre kjærastar og one-night-stands, innrømde Elise ENDELEG at ho var forelska i Anders.? Alle heia på at det framleis skulle vere dei to i sesong 2, men den gong ei. Allereie i første episode vart Elise singel att.

3. «Då er vi saman, seier eg»?

episode 6, sesong 2
http://gph.is/2ElPg87

Når vi først er inne på kjærleik, må vi nemne dette augeblikket mellom Nenne og Leo. Det som startar med heftig krangling og utskjelling i siste episode av andre sesong, ender med at Leo seier at han og Nenne er i lag. Forholdet deira har vore noko (veldig) turbulent så langt, så korleis det faktisk kjem til å gå er vanskeleg å vite.

4. Callback til New York ?

episode 3, sesong 2
http://gph.is/2Entsgh

Jaja, ho stal kanskje venninna sin audition, men å få callback til New York er store greier for Alex. Som Nenne sa: «Faen ta Teaterhøgskolen», for dette fortente ho verkeleg.

5. Tone sin «tale» i bryllaupet ?

episode 6, sesong 1
http://gph.is/2En0RE3

Det var på tide at Elise si mor, Tone, stod opp for seg sjølv, men vi cringa då ho gjorde det i bryllaupet til dottera. Ei uforgløymeleg scene, likevel. Den fortente du, Kjetil.?‍

6. Spyttaren ?

episode 1, sesong 2
http://gph.is/2EpcGh1

Å bli spytta i trynet under samleie same dagen som du har blitt dumpa, er ikkje akkurat den beste kombinasjonen. Dette blei ein vits Elise brukte godt då ho gjorde standup, men heldigvis blei ho og spytte-Jørgen vener til slutt. Han er jo eigentleg ganske søt.

7. Då Nenne la seg sjølv inn ?

episode 6, sesong 1
http://gph.is/2EpDzx2

I første sesong såg vi at Nenne sleit. Etter ho låg med ein gamal kjenning i skogen og kidnappa ein unge, kunne sjåarane merke at ikkje alt var som det skulle. Då ho fekk beskjeden frå forlaget om at dei ikkje lenger ville gi ut boka hennar, blei det for mykje for ho. Ho fekk eit samanbrot og la seg inn på psykiatrisk avdeling.

8. «Eg er ferdig, Alex» ?

episode 2, sesong 2
http://gph.is/2EncfUg

Den tristaste scena i heile serien, var då Kimmo sa han ikkje lenger ville vere saman med Alex.? Sjølv om Alex prøvde å få han tilbake utan hell i siste episode av sesong 2, har vi framleis eit håp om at det kan bli dei to igjen.

9. Catfight ?

episode 3, sesong 2
http://gph.is/2En1oG3

Det eskalerte mellom Elise og Anders sin andre ekskjæraste, Linn Jeanett. Dei gjekk frå å hooke på baren til å slå kvarandre på gata, noko som resulterte i at Linn Jeanett sprang blødande heim.

10. Boka til Nenne ?

episode 5, sesong 2
http://gph.is/2EkSXuN

Det fine vennskapet mellom jentene kom godt fram i scena der Elise les høgt frå boka til Nenne. Spesielt då Elise seier «Dette skal du lese. Det er skikkeleg fint», er det vanskeleg å ikkje bli rørt. ❤️