nrk.no

– Å provosere vert ei drivkraft

Utan konsertverksemd eller ein skikkeleg arena å vise fram musikken på, finn Lüt trøyst i tanken på å bryte alle punkens reglar.

Lüt header

Lüt finn trøyst i tanken på å bryte alle punkens reglar.

– Å provosere vert ei drivkraft

– Det er artig å vere på hotell i Tromsø. Eg kjenner meg som turist i eigen by.

Trass turnear i både inn- og utland gjennom heile deira vaksne liv, og ein livsstil som gjer at dei ser innsida av fleire hotell enn dei fleste, har punkbandet Lüt enno til gode å oppleve heimbyen på dette viset.

I artikkelserien «Festivalstemning» tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Først ute er Tromsø og bandet Lüt.

Lüt-vokalist Markus Danjord (23) ser ut av vindauget i hotellobbyen der han treffer P3.no saman med gitaristane Ørjan Myrland (24) og Mads Ystmark (24).

– Berre sitte her og sjå på alle dei som går forbi. Det er mange pene folk i denne byen.

High risk, low reward

Tilværet som band har stått i stampe det siste halvtanna året, og mange forventningar og planar har gått i vasken. Vinteren 2020 var bransjekonsertane på Trondheim Calling og Bylarm vel gjennomførte, og neste steg på planen var å turnere saman med Kvelertak, før albumet «Mersmak» for alvor skulle sette dei på kartet i februar 2021.

Slik vart det ikkje. Utan konsertar er det utfordrande for eit liveband å halde på momentet.

Vokalist Markus Danjord syng medan ein motorsykkel passerer framfor han.
LÜT SITT TROMSØ: Bandet viste mellom anna fram syklar, som opptar fleire av medlemmene, då P3.no kom på besøk. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Gjengen som møter oss, er likevel ved godt mot. I fråveret av ordinær konsertverksemd skal vi på rundtur i Tromsø og filme ein livevideo med dei seinare på dagen.

– Når de kjem heilt opp hit og vil lage sak, må jo vi forsøke å gjere det beste ut av det, fortel Ørjan.

Mellom anna besøker vi bossplassen der Mads hadde sin første ordentlege jobb, og fotballbana der fleire av medlemmene ifølge seg sjølve regjerte i ei årrekkje – eit Lüt-sentrert Tromsø, og kanskje ikkje dei mest folkelege lokasjonane byen kan by på, erkjenner Mads.

– Vi kan ikkje fordra å gjere noko «safe». Det vert ofte sånn «high risk, low reward».

Reine, pene gutar

Den blide gjengen kjenner seg ikkje lenger som rebellane som skreiv tidlege Lüt-låtar som «Aura av hat» eller utgjorde bandforløparen The Wolves, som i 2014 fekk hyppig radiospeling med den nokså punkete punklåten «Let’s Skate This Town».

Dei har rett og slett ikkje så mykje å vere forbanna på lenger, seier Markus.

Lüt i studio. Bassist Marius Platt står nærast kamera og korar.
KORING: Karane i Lüt skjønte tidleg at koring var eit effektivt tjuvtriks. Her er bassist Marius Platt på jobb. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

– Hardcore var vel utgangspunktet vårt ein gong, men det er jo ikkje der vi er no lenger. Vi er jo reine, pene gutar som likar å sove under tak. Vi vil det skal vere ein «badass» nerve der, men ein må forsøke å ekspandere.

For sjølv om bandet framleis har ein fot trygt plassert i sitt opprinnelege element, omtalar 2021-utgåva seg sjølv som pop, rock og punk om kvarandre.

– Vi utviklar jo oss personleg også, og når musikken på sett og vis er så personleg, utviklar jo den seg også. Eg trur det er essensen av det vi held på med, legg Mads til.

Vil skrike med autotune

Tilbakemeldingane på sistealbumet «Mersmak» har i aller høgste grad vore positive, men bandet veit det likevel finst dei som aldri vert nøgd. For trass i at punkscena tradisjonelt baserer seg på å gjere opprør, er det mange reglar ein skal følgje.

Lüt ser liten verdi i å blidgjere «gatekeepers» om det går på tvers av kven dei ynskjer å vere, snarare tvert om, skal ein tru Mads.

– Ein vert jo nesten avhengig av å provosere, og det er vel litt «punk spirit» i det. Vi veit at kvar gong vi gjer greia vår, vil nokon i dei indre miljøa meine noko om det. Det er jo noko deilig i det. Det vert ei drivkraft.

Vokalist og lydteknikar i Lüt, Markus Danjord, står lent over eit miksebord i studio.
IKKJE BERRE VOKALIST: Markus Danjord i Lüt tar også kontroll i studio. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Markus har planen klar for korleis Lüt skal vekke framtidige reaksjonar.

– Vi har tenkt på å bryte ut i ein herleg miks av autotune og skriking, få med litt synth, gi ein liten langfinger til alle som skal meine så mykje. Vi har møtt nok av dei. Sjølv om det er ekkelt å seie det, er det godt å ha provokasjon å falle tilbake på når ting går tungt.

Vidare hentar han eit populært, men kanskje uventa, namn opp av hatten når tema vert kven som tar punken ut til massane i dag.

– Det er jo godt at punk er på god veg til å få ein eller annan posisjon i mainstreamen, og ikkje berre forblir ei sånn skitten, ballete greie. Ein ser det jo mellom anna i det Olivia Rodrigo held på med. Ikkje at det er særleg ekstreme greier, men vi nærmar oss noko. Eg håpar berre det inspirerer fleire til å gå i den retninga.

Tre konsertar, ingen søvn

Artistane og banda vi treffer i denne artikkelserien, har vorte bedne om å plukke ut éin song frå katalogen sin, som dei skal framføre for oss medan dei viser oss lokalområdet sitt. For Lüt var det ikkje tvil om at det var «VIEPÅ» dei ville spele.

Låten går langt i å skildre bobla ein hamnar i under intens turnering, og minner karane om brorskapet som finst i bandet, kompisgjengen, Lüt. Over to døgn spelte bandet tre konsertar på tre svært ulike stader, og tidlegare gitarist Hans Marius Mikkelsen sov ikkje eitt sekund på turen. Markus går så langt som å kalle låten deira beste.

Fem bilete av kvart av medlemmene i Lüt, frå høgre Marius Platt, Ørjan Myrland, Markus Danjord, Sveinung Engvik og Mads Ystmark.
TROMSØ RUNDT: Lüt spelte «VIEPÅ» på fleire ulike stader i Tromsø. F.v. Marius Platt, Ørjan Myrland, Markus Danjord, Sveinung Engvik og Mads Ystmark. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

– Det er intenst, men likevel klarer vi å prestere under slike forhold, så ein spør seg kvar drivet kjem frå. Vi har jo ikkje råd til å drive med drugs, så det er ikkje ei forklaring. Uansett har låten ein enorm energi, først og fremst.

­– Og vi opplever jo dette saman. Eg tenker berre skikkeleg mykje på gutane mine når vi spelar han live. Det er då eg kan sjå bort på resten av gjengen, smile og tenke «ah, faen heller, for ein gjeng»! skyt Mads inn.

Fann husrom på Tinder

Det er ikkje berre bandet som har minne knytte til «VIEPÅ». Markus fortel om ein god kompis som brått var utan ein stad å sove, og måtte ty til Tinder for å få seg husly i nokre veker. Det gjekk hakk i hakk. Gjennom heile perioden hadde Markus hyppig kontakt med kameraten.

– Ein kveld ringde han meg, midt på natta, og sa han var svimmel, sliten og altfor full. Han var på veg til ein bursdagsfest der han berre hadde treft ein av personane før, og kjende seg berre jævlig. Eg sa faen heller, no legg du på, høyrer «VIEPÅ» og kjenner på den viben. Han gjorde som eg sa, og sjølvtilliten han fekk frå låten, berga han gjennom kvelden.

– Så for å oppsummere, «kva faen er det vi er på?» avsluttar Ørjan.

I artikkelserien Festivalstemning tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Først ute er Tromsø og bandet Lüt, og i neste utgåve dreg vi vestover. Følg med!

Tekst: Sjur Systad Tyssen
Video og foto: Markus Indrebø-Langlo

LES MEIR OM MUSIKK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: