Oppdatert: NRK slår fast at dei kjem til å sende tredje sesong frå 3. januar – kun to dagar etter britisk premiere. Dei følgjande episodane går 10. og 17. januar.

BBC benytta sjansen under 50-årsjubileumsepisoden av Doctor Who til å vise verda – iallfall 94 land – episodar av komande program. Blant desse var ein trailer for den etterlengta tredje sesongen av Sherlock.

Serien visar den moderne versjonen av Arthur Conan Doyles berømte detektiv Sherlock Holmes (Benedict Cumberbatch), som saman med militærlegen John Watson (Martin Freeman) løyser krimsaker på sin eigen, spesielle, detaljorienterte måte.

Spoilers: I videoen følgjer spoilers for andre sesong av Sherlock. Hopp forbi ved å trykke her.

Og ja, eg veit akkurat kva alle tenkjer: Kva er greia med den barten, Watson!?

Neida. Det sentrale spørsmålet – no som då – er korleis i all verda Sherlock overlevde fallet på slutten av andre sesong. Me veit sjølvsagt at han lever (det er litt dumt å ta knekken på tittelfiguren i tredje sesong), men korleis!?

Les også: Rat, Bow, Wedding – BBCs hint til sesong 3

Delar av internett gjekk i fyr og flamme over teoriar då førre sesong slutta – hoppa han oppi lastebilen, nytta han sprettballen sin for å stanse pulsen, fekk han ein frå uteliggarnettverket sitt til å ofre seg for saka? Manusforfattar Steven Moffat sa allereie i januar i fjor at det var éin detalj som alle oversåg (eg trur framleis det er sprettballen).

BBC viste òg ein teaser for den komande sesongen av sci-fi-serien «Orphan Black»

«Doctor Who» slo verdsrekord

Manusforfattar for både Sherlock og Doctor Who, Steven Moffat, kunne i helga motta sin første verdsrekord.

50-års-jubileumsepisoden The Day of the Doctor vart den fiksjonsserien med størst samtidig kringkasting – med felles start og slutt i 94 land, på tvers av 6 ulike kontinent.

Les også: Krevde «Doctor Who» til norske kinoar: – Meir engasjert fanbase enn Justin Bieber

I tillegg til TV vart den vist for om lag ein halv million kinogjengarar i 1500 kinosalar – deriblant på over 15 stader her i Noreg.

Det neste for Doktoren no er ein juleepisode mot slutten av desember før åttande sesong startar i august til neste år. BBC viste sjølvsagt ein liten smakebit for dette òg:

Kva TV-seriar gledar du deg mest til i 2014? Legg att di meining under minitraileren for Silence will fall.