stein johan grieg halvorsen – Bestevenn med Erlend og Steinjo https://p3.no/bestevenn Mon, 31 Jan 2011 13:37:31 +0000 nb-NO hourly 1 God jul frå Bestevenn! https://p3.no/bestevenn/god-jul-fra-bestevenn/ https://p3.no/bestevenn/god-jul-fra-bestevenn/#comments Thu, 23 Dec 2010 11:50:20 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=890  
GOD JUL til alle Bestevenn-vennar frå Erlend, Steinjo og produsent-Maria. Foto: Kristoffer Rambøl

GOD JUL til alle Bestevenn-vennar frå Erlend, Steinjo og produsent-Maria. Foto: Kristoffer Rambøl

Endeleg er det jul!

Ein liten pust i bakken! Hurra! Erlend, Steinjo og produsent-Maria ønskjer alle ei fredeleg høgtid. Ver snille og gode med kvarandre!

Men! Bestevenn er tilbake på mandag 27.12 og då er Andrea frå “Tre raska med Andrea från Stockholm” også på plass, som vår romjulsgjest!  

Andrea från Stockholm er romjulsgjest i Bestevenn

Andrea från Stockholm er romjulsgjest i Bestevenn

Ho-ho-ho! Pappan til Steinjo, som er 101 år er med i musikkvideoen under her:

]]>
https://p3.no/bestevenn/god-jul-fra-bestevenn/feed/ 4
Bertine dumpa Steinjo pga speedo badebukse https://p3.no/bestevenn/bertine-dumpa-steinjo-pga-speedo-badebukse/ https://p3.no/bestevenn/bertine-dumpa-steinjo-pga-speedo-badebukse/#comments Wed, 22 Dec 2010 17:04:47 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=862 Steinjo, Bertine og Erlend

Bertine Zetlitz og Steinjo var kjærestar tidleg på 90-talet. Men Steinjo har alltid lurt på korfor Bertine gjorde det slutt med han. Då ho var på besøk i Bestevenn med Erlend og Steinjo, kunne Bertine avsløre at det var den trange, røde speedo-badebuksa til Steinjo som sette spikaren i kista for forholdet.

Les: Bestevenn tilbake i romjula med Andrea från Stockholm som romjulsgjest

Dette kom som eit sjokk på Steinjo som aldri har tenkt over at det var badetøyet som skulle ødelegge kjærleiken. Dei to var saman i omlag 2 månader då dei var 13 år og sjølv om Bertine blei mektig imponert over Michael Jacksondansinga hans, var det eit flott, langt skjerf som Steinjo kasta så nonchalant kring halsen, som verkeleg gjorde at ho fall pladask for han.

Høyr Bertine Zetlitz fortelje heile historia her:
Bertine del 1

The magic is gone

Bertine og Steinjo hadde ikkje sett kvarandre på fleire veker før dei plutseleg trefte kvarandre igjen på badestranda. Steinjo med mamman og pappan sin og Bertine med ei venninde. Då Bertine fekk auge på den trange, røde speedo-badebuksa (som må ha sett omtrent slik ut) tok det ikkje lang tid før ho sendte venninda avgarde med ein lapp til Steinjo der det stod: The magic is gone.

Bertine fortel at Steinjo lenge låg stille på badehandduken sin, men at han plutseleg gjekk bestemt ned til strandkanten og kasta seg ut i vatnet. Han tok nokre veldige butterfly-tak, og i eit par sekund lurte Bertine på om det verkeleg var riktig å slå opp med denne sterke svømmaren.

Høyr Bertine Zetlitz fortelje om Butterfly-svømminga til Steinjo:
Bertine del 2

Hello Carousel

Heldigvis tok Bertine og Steinjo opp kontakten igjen nokre år seinare. Då hadde Erlend og Steinjo laga fleire musikkvideoar til tv-programmet Slå på Ring, og Bertine likte særleg godt “Hello Carousel”. Difor lagde dei ein versjon med Bertine på vokal:

Her er eit bilde dei tok under musikkvideoinnspelinga:

Steinjo, Bertine og Erlend på innspelinga til Hello Carousel

Steinjo, Bertine og Erlend på innspelinga til Hello Carousel

]]>
https://p3.no/bestevenn/bertine-dumpa-steinjo-pga-speedo-badebukse/feed/ 5
Erlends fotokunst av Steinjo https://p3.no/bestevenn/erlends-fotokunst-av-steinjo/ https://p3.no/bestevenn/erlends-fotokunst-av-steinjo/#comments Tue, 23 Nov 2010 14:51:03 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=772 Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo under parabol"

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo under parabol"

Jeg tok med meg Steinjo ut på taket til NRK i dag for å jobbe med mine fotoskills. Jeg har lenge ønsket å forbedre mine kameraferdigheter og her er et ærlig forsøk på det. Det er jo ofte slik at man tar hundrevis av bilder også finner man kanskje bare ett som man er litt fornøyd med. Jeg har plukket ut tre bilder fra dagens session.

“Steinjo sitter på ventilasjonspipe”

Dette var det første bildet vi tok. Det er en enkel komposisjon. Jeg ser for meg at han sitter på en utedo eller en tromme:

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo sitter på en utedo"

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo sitter på en utedo"

“Steinjo ved en parabol”

Dette er en helt streit komposisjon. Det ble hastvert rundt dette bildet siden Steinjo var redd for farlige strålinger fra parabolen. Skulle gjerne sett at parabolen dekket hele ansiktet hans men fikk ikke overtalt han til å gjøre det:

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo ved en parabol"

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo ved en parabol"

“Steinjo under en parabol” 

Dette bildet er jeg mest fornøyd med! Den sorte ledningen åler seg som en snok over objektets bløte skjeggete kinn. Objektet står faktisk under en tv-parabol men lar seg ikke distrahere av den store svarte skruen som dekker halve øyet. Det var kalt og surt under opptak men vi kom i mål, bra levert Steinjo:

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo under parabol"

Foto: Erlend Klarholm Nilsen. "Steinjo under parabol"

]]>
https://p3.no/bestevenn/erlends-fotokunst-av-steinjo/feed/ 2
Blir deppa av ny Michael Jackson-låt! https://p3.no/bestevenn/blir-deppa-av-ny-michael-jackson-lat/ https://p3.no/bestevenn/blir-deppa-av-ny-michael-jackson-lat/#comments Tue, 09 Nov 2010 13:47:28 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=721 Steinjo elskar Michael Jackson og ville vere som han.

Steinjo elskar Michael Jackson og ville vere som han.

Erlend og die-hard-MJ-fan-Steinjo høyrte gjennom den nye Michael Jackson-låta “Breaking News” under sendinga i dag. The King of Pop døde i fjor sommar, men det stoppar ikkje plateselskapet hans frå å gi ut meir Michael Jackson-musikk. Låta “Breaking News” er første singel frå plata “Michael” som kjem ut 14. desember.

Høyr kva Erlend og Steinjo syns om “Breaking News”:
Erlend og Steinjo om Breaking news

Steinjo er som kjent (sjå bildet over) ein stor beundrar av Michael Jackson og reiste i begravelsen hans. Erlend er også fan av MJ og vann ein Micheal Jackson-dansekonkurranse då han var liten.

Les om då Steinjo møtte Michael Jackson.

Meiningslaus låt

Både Erlend og Steinjo syns det er trist at Michael Jackson også i denne sangen syng om medias evige hekse-jakt på han. Dette har vi høyrt før, mellom anna på låta “Scream” som han gjorde med søstra Janet Jackson i 1995.

Fleire av familiemedlemmane til MJ meiner det ikkje er han som syng på låta, men Steinjo trur dessverre at det er han, men at vokalen nok har blitt pynta på.

Michael Jackson-looken til Steinjo

Michael Jackson-looken til Steinjo

Les Lydverket sin anmeldelse av låta her!

Blir deppa!

Steinjo syns det er frykteleg vondt å slakte Michael Jackson på direkten, men trøstar seg med at Michael aldri ville ha gitt ut denne låta viss han framleis hadde vert i live.

Du kan høyre heile Breaking News her.

Steinjo turde ikkje innrømme at han digga Michael Jackson då han var tenåring, men prøvde uansett å likne på han. Han farga håret svart, gjekk i orange silkebluse, boots og skinnjakke. Lilja, som var Steinjos store kjærleik, misforstod og trudde han digga heavy metal! Les om det her.

Kjøper plata med bismak!

På spørsmål frå Erlend om Steinjo kjem til å kjøpe det nye albumet, svarar Steinjo at han nok kjem til å kjøpe det med ein bismak. Ettersom han samlar på alt MJ har gitt ut, må nok dette albumet også inn på ønskelista til jul.

]]>
https://p3.no/bestevenn/blir-deppa-av-ny-michael-jackson-lat/feed/ 1
Are Kalvø sang-debuterer https://p3.no/bestevenn/are-kalvo-sang-debuterer/ https://p3.no/bestevenn/are-kalvo-sang-debuterer/#comments Fri, 05 Nov 2010 10:43:08 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=691 Steinjo, Are og Erlend i Bestevenn. Foto: Maria Olivia Rivedal

Steinjo, Are og Erlend i Bestevenn. Foto: Maria Olivia Rivedal

Are Kalvø gjesta Bestevenn med Erlend og Steinjo på torsdag. Der skulle han hjelpe dei to bestevennane med å lage dagens sang som er ein fast post i programmet. Lyttarane sender inn forslag med tittel og sjanger til kva sangen skal heite og kva den skal handle om. Så er det opp til Are, Erlend og Steinjo å komponere tekst og melodi. Alt dette på under ein time.

Are er, for å sitere ein sangtittel til bandet Kvelertak, ein ordsmed av rang! Ikkje uventa blei dagens sang “Det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der”, eit fyrverkeri av ein låt. Mykje takka vere Are sin hang til kløktig ordbruk. Dette er første gang han syng ein eigenkomponert låt. 

Her kan du høyre resultatet “Det er hardt å vere mjuk når du ser på meg der”:

Hardt a vere mjuk nar du tek pa meg der.

Are er kjent frå “Hallo i Uken”, han er forfattar og satirikar. Akkurat no har han show på Latter med Anne Kat. Hærland, Dagfinn Lyngbø og Nils Ingar Aadne.

Slik går teksten:

Eg veit at du likar mine mjuke sider
Eg veit at du drøymer om
romantiske tider
Det er fint at du held meg kjær.
Men det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der.

Du veit at du drøymer om ljos og peis
og rufse meg kjærleg i min sveis
Men eg blir sjuk og eg svettar når du gjer det du gjer
Og det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der

Men shit lat gå, baby, eg er like glad
når vi begge fjernar våre fikenblad
Kjærleiken mellom oss den er svær
Men det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der.

Men eg er like glad, baby

Nynorsk blir svensk

Erlend kora på refrenget, men ettersom han har for uvane å synge svensk når han skal synge nynorsk, vart dette ei ørlita utfordring for han. Forslaget til tittelen og mykje av teksen er også komponert ilag med lyttarane som sende inn sine forslag til kodeord: bestevenn til 1987.

Anne Kat. er mistenkeleg snill

På spørsmål frå Erlend om ikkje Anne Kat. er litt skummel å jobbe med, svara Are at ho til no har vist seg å vere skummelt blid og hyggeleg.

Her pratar Are om alle fordelane ved å skrive nynorsk:

Last ned podkast med Bestevenn her

Erlend og Steinjo kjem snart med ny tv-serie på NRK 3 som heiter Påpp & Råkk! Sjå smakebit her!

]]>
https://p3.no/bestevenn/are-kalvo-sang-debuterer/feed/ 4
NRKs nye gullrekke! https://p3.no/bestevenn/nrks-nye-gullrekke/ https://p3.no/bestevenn/nrks-nye-gullrekke/#comments Tue, 02 Nov 2010 12:13:01 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=561 Påpp & Råkk kommer på NRK3

Påpp & Råkk kommer på NRK3

Endelig kommer vår nye tv-serie “Påpp & Råkk” på TV! Vi gleder oss noe helt vanvittig til å vise dere alt vi har jobbet med de siste årene og håper at det faller i smak!

Her kan du se en liten smakebit. I “Påpp & Råkk” tar vi bubble pop for å slappe av:

Det som er ekstra hyggelig er at vi skal gå rett etter Radioresepsjonen på TV på NRK3. I tillegg skal Trekant gå før det igjen, så dette blir på mange måter den nye Gullrekka på NRK.

Her kan du se traileren til “Påpp & Råkk”:

Ikke for å være kjepphøy! Men slik blir nok din tv-høst 2010: 

Trekant kl 21:30
Radioresepsjonen på TV kl 22:00
Råpp & Råkk kl 22:30

Du kan like “Påpp & Råkk” her på facebook!

Vi skal selvfølgelig fortsette med Bestevenn her på P3, mandag til torsdag 10-12.
PS Last ned Bestevenn-podkast her

Slå på ring, som var vårt aller første tv-program har 10-årsjubileum i år og vi legger ut alle sendingene på nytt her:

Episode 6
Episode 5
Episode 4
Episode 3
Episode 2
Episode 1

Hold av onsdag 10. november kl 22:30 for da starter Påpp & Råkk!

]]>
https://p3.no/bestevenn/nrks-nye-gullrekke/feed/ 3