Bruker to timar dagleg på å skrive «SKAM»-historiar

Diktar vidare på historia medan dei ventar på ny sesong.

Stig Dyrdal (29) kan bruke fleire timar dagleg på å skrive fanfiksjon om "SKAM". FOTO: Privat.
Stig Dyrdal (29) kan bruke fleire timar dagleg på å skrive fanfiksjon om «SKAM». FOTO: Privat.

Kva gjer du når «SKAM» har pause, men du ikkje orkar å vente på å høyre meir om livet til Isak og Even? For Stig Dyrdal (29) blei løysinga å sjølv skrive vidare på historia.

Høyr heile intervjuet i Verdens Rikeste Land.

– I gjennomsnitt bruker eg to timar dagleg på å skrive fanfiksjon om «SKAM», fortel han.

Men hobbyen hans er ikkje unik, ei heller eit nytt fenomen, ifølgje førsteamanuensis Kristine Ask ved NTNU.

– Kort fortalt er fanfiksjon historiar skrivne av og for fans. Denne typen litteratur skil seg frå anna ved at karakterane og verda historia utspelar seg i allereie eksisterer. Ofte er det populære seriar eller filmar som blir gjenstand for dette fenomenet, fortel Kristine Ask.

Frå Norge til Italia

Harry Potter er sjølve kremeksempelet på eit verk som fansen ikkje vil legge frå seg. På nettstaden Fanfiction.net fins det nemleg over 760.000 historiar som spelar vidare på den magiske verda til Harry.

På sider som Watpadd og Fanfiction.net deler fans sine historiar frå «SKAM»-universet.

– Namnet på fiksjonen min er «Lykke til Evak» og tek for seg tilfeldige scenar, frå Isak sin ståstad, som ei fortsetjing på tredje sesong, fortel Stig.

Les utdrag frå Stig sin fanfiksjon nederst i saka.

Også italienske Camilla Riccadonna bruker fritida på å skrive «SKAM»-fanfiksjon.

– Eg har skrive hundrevis av sider om serien. Og så elskar eg den låta som heiter Fem fine frøkner av Gabrielle.

Camilla Riccadonna har skrive hundrevis av sider om "SKAM". Foto: Privat.
Camilla Riccadonna har skrive hundrevis av sider om «SKAM». Foto: Privat.

Og faktisk handlar fanfiksjonen hennar på ein måte litt om den norske artisten.

Kristine Ask er førsteamanuensis ved NTNU  og trur fanfiksjon er kome for å bli.
Kristine Ask er førsteamanuensis ved NTNU og trur fanfiksjon er kome for å bli. Foto: Privat.

– I historia mi tek Even med seg Isak på Gabrielle-konsert for å overraske han.

Men kva er grunnen til at så mange vel å bruke så utruleg mykje tid på dette?

– Motivasjonen for å skrive pleier å vere ein kombinasjon av fleire ting. Mange har kanskje eit ønske om at historia ikkje skal ta slutt. Samstundes får dei gleda av å skrive om noko dei er fan av, og dele det med andre.

– Fellesskapet spelar også ei viktig rolle her. I fanfiksjon-foruma får likesinna moglegheit til å la følelsane blomstre!

Ask trur fanfiksjon generelt er kome for å bli.

– Me lev jo i «The age of the geek».

Utdrag frå Stig sin «SKAM»-fanfiksjon:

Preben: Yo, prater du sånn til dama mi eller?
Hanna slår blikket ned i bakken. Isak er sint og litt full.
Isak: Jeg prater til drittdama di akkurat sånn som jeg vil. Bare be henne holde kjeft.
Preben: Pass deg du, ellers slår jeg inn homotrynet ditt.
Isak: Kjeften din.