Født i feil århundre

S tudenthybelen til Stig Roar Olsen (23) blei eit internettfenomen i sommar. I dag er den dekt til fest.

Hybelen er 19 kvadratmeter og er fylt med trampeorgel, sveivegrammofon, kniplingsdukar, sølvtøy og porselensservise. Gjestane er venta klokka halv fem. Ganske tidleg til å vere ein studentfest.

Bordet er allereie dekt med krystallglas og porselensservise. Musserande vin, portvin og Dronning Mauds fromasj står også klart.

Huset til Øyvind Nilsen (32) får Stig Roars studenthybel i Stavanger til å framstå vanleg og A4.

Øyvind er også hekta på 1800-talet, og har fylt opp stua si med servise, koppar og vasar av fajanse, eit steintøy som minner om porselen.

Til saman har han 33 000 gjenstandar frå gamle dagar i huset. For han har fajansesamlinga vore ei livbøye gjennom ein tøff oppvekst.

Dei er begge relativt langt frå å vere typisk norsk ungdom.

Stig Roar elskar klunkestilen frå 1880-tallet. Øyvind har elska fajanse sidan han var sju år gammal. Stig Roar har ingen venner på sin alder med same interesser, Øyvind har slitt med utestenging og mobbing.

Dei har begge valt å vere seg sjølv og dyrke sine spesielle interesser. Olsen og Nilsen.

Dei bur berre ein time frå kvarandre. Nå skal dei møtast for første gong – på fest hos Stig Roar.

Høyr dokumentaren | Les alle sakene

 

– Det var ei eg måtte skrive eit kvast svar til, for ho kom jo med nokre gloser som kunne fått sjølv Otto Jespersen til å rødme.

– Stig Roar (23) om friarbrev.


Klunkestilentusiasten

 

Den yngste, norske fan av klunkestilen og 1880-åra høyrer på hiphop. Og har aldri hatt jamaldra venner på samme alder med like interesser.

 

Stig Roar Olsen

Alder: 23.
Frå: Karmøy, bur i Stavanger.
Sidejobbar: Stavanger museum og Reiarvillaen Breidablikk. I tillegg museet i Mælandsgården, Skudeneshavn og museet i Koparvik, Karmøy.
Sist sett: Straight Outta Compton (Kinofilmen om gangsterrap-gruppa N.W.A.).
Favorittgjenstand: Sveivegrammofon.
Favorittstil: Klunkestil (rik og dekorativ interiørstil 1870-1910).
Mest moderne hobby: Gå gjennom digitale samlinger på nettet.

 

Har fått grove friarbrev

Stig Roar Olsen blei årets sommarhit på internett. Etter innslaget på NRK Rogaland fekk 23-åringen jobbtilbod på museet han hadde søkt jobb hos tre gongar tidlegare – og ein haug med friarbrev. Nøyaktig sju i talet.

– Det var ei eg måtte skrive eit krast svar til, for ho kom med gloser som sjølv ville fått Otto Jespersen til å raudne.

– Kva skreiv du?

– At sånt som det skriv du ikkje til framande.

– Var det uanstendig og frekt språk i brevet?

– Du kan seie det slik at det låg i detaljane, for ikkje å vere vulgær.

Stig Roar Olsen (23) diggar slutten av 1800-talet, men har sansen for hiphop.  (Foto: Matias Nordahl Carlsen)
Stig Roar Olsen (23) diggar slutten av 1800-talet, men har sansen for hiphop. (Foto: Matias Nordahl Carlsen)

– At ho ville ligge med deg?

– Gjerne det, gjerne det, eg skal ikkje utdjupe meir. Men eg trur ikkje det kjem fleire brev frå den kanten, for å seie det sånn.

Friarbreva har eit stort spenn i alderen på avsendar – frå 15 til over 40 år. Stig Roar har også fått mengder av fanbrev, i spennet mellom 14 og 70 år.

– Det viser jo at antikvitetar og gamle ting interesserer litt meir enn det eg hadde trudd.

– Dersom du må velje ein kjæraste i spennet mellom 14 og 70, kva ender du på då?

– Ja, sei det. Per nå har eg ikkje noko behov for å vere i noko forhold, eg trives veldig godt i mitt eige selskap. Folk stressar sånn med å finne kjærleik og flytte saman. Eg tek det heller som ein bonus dersom eg mot all forventning skulle finne nokon.

– Men er det sånn at du som er glad i 1800-tallet og klunkestilen, drøymer om eldst mogleg kjæraste?

– Nei, eg drøymer ikkje om kjæraste i det heile tatt. Det viktigaste nå er ikkje å stifte familie og him. Eg må først komme meg på plass sjølv, og få meg ein eigen him.

– Kva med alle desse friarbreva då?

– Dei har nok dessverre fått avslag, men eg har oppmoda dei til vidare søken!

– Kunne du vore saman med ein kjæraste som veljer sånn shabby chic stil frå den lokale interiørsjappa?

– Jo, det kan godt vere eit forhold, men det blir ikkje med meg!

Stig Roar om musikk

– Av og til er det litt snålt å høyre på gamle songar, og ofte er det greitt å høyre på hip hop. Grammofonplatene mine høyrer eg ikkje så ofte på, men eg var på sånn ræppefilm her om dagen, og der var det mykje fin musikk.

– Var du på den nye filmen Straight Outta Compton?

– Ja, det var mørkhuda som laga ræppeband, eller holdt på å si, ræppemusikk. Der var det fabelaktig mykje flott.

– Liker du N.W.A.?

– Jo, det var god musikk, men folk i dag må jo ha musikk på øyra uansett kva dei gjer. Om dei går tur eller joggar eller jobbar eller studere. Eg er ikkje den typen som må høyre musikk heile tida, viss eg først skal lytte gjer eg det for å nyte musikken. Då sit eg for det meste og slapper av, og høyrer på musikken samstundes.

Stig Roar om sport

– Eg gjekk på fotball då eg var liten, men eg hadde jo grå stær på begge auga og til tider såg eg ikkje ballen ein gong. Eg prøvde meg på slalåmski og var dreven på det, men eg lærte meg aldri det der å svinge, så det la eg også frå meg. Idrett er nok ikkje mi sterke side.

Stig Roar om dataspel

– Eg har jo spelt litt forskjellig. GTA var jo på moten då me gjekk på ungdomsskulen, og Counter-Strike var det noko som heitt.

– Så du har spelt dei her?

– Å ja, eg var dreven i det, eg blei skoten heile tida. Det var kjekt i ein fase av livet det og. Men altså, ein må kunne innsjå at ein må vokse opp, me kan ikkje for alltid vere ungdommar. Nå er eg 23 år, snart er eg halvvegs til 50, og når eg er 50 er eg forhåpentlegvis vel situert, har ein god him og ein god livsstil. Og eg er jo ein av dei sjeldne på vår alder som tenkjer at me også skal bli gamle ein gong.

Stig Roar om 1800-talet

Sjølv om han kan det meste om interiør på 1800-talet og borgarskapet, føretrekk Stig Roar det moderne liv.

– Kva var ikkje dødsfeller på den tida? Dei brukte jo arsenikkmaling på veggane, kvikksølv i halmen og bly i pudderet for å få det kvitt. Og svært brannfarlige korsett og klede av celluloid. Alt var jo livsfarlig!

– Kvifor er du så glad i borgarskapet?

– Nokon må jo holde liv i borgarskapet! Neida, men eg er fascinert over alle dei fine tinga dei hadde. For all del, materialistiske ting er ikkje alt her i livet. Men når du ser på ein fattig heim på landsbygda på den tida, vil du nesten ikkje finne noko i den fattige bygdeheimen, for dei hadde bare den stolen dei satt på og det bollen dei drakk av. Men her i reiarvillaen Breidablikk er det så masse detaljer og finesser du kan legge merke til, det er det som appellerer til meg.

Stig Roar har briljert i første jobbrunde på Breidablikk museum i Stavanger. Det var Stine Honoré (t.h.) ved museet som etter å ha sett Stig Roar på NRK Rogaland tok kontakt – via Facebook (!) (Foto: Matias Nordahl Carlsen)

Stig Roar om sveivegrammofon

– Interessa for gamalt fekk eg då eg var fire og eit halvt år og oppdaga ein sveivegrammofon i kjellaren hos mormor. Eg var solgt då ho trekte den opp. Den er det kjæraste eg har, om det hadde brent heime hos meg hadde eg nok sprunge inn for å hente den.

– Vi møttes jo for første gong på Sommerbåten i sommar, og då du skulle over i ein losbåt blei du litt stressa?

– Ja, for når losbåten la i frå med meg der, og grammofonen på Sommerbåten, då gjennomlevde eg 3-4 minuttar i rein angst. Eg har aldri vore så stressa i heile mitt liv, eg. Men det gjekk bra, alt ordnar seg for snille barn, sa ho bestemor alltid!

Stig Roar om venner

– Kor mange venner har du med same interesse?

– Ingen. Det kan eg vel trygt seie. Men kjenner jo mange som samlar på ting og er interessert i gamalt, men ikkje folk som bygger opp den eine gamle stua etter den andre.

– Har det vore noko tidspunkt i livet der du skjønte andre interessar enn andre?

– Det forstod eg ganske tidleg, allereie i første klasse på skulen. Men det har eg eigentleg aldri brydd meg noko særleg om, for om du ikkje kan vere den du er fullt og heilt – så er det ikkje vits å vere nokon i det heile tatt.

► Høyr heile historia om gamlisungdommane Stig Roar Olsen (23) og Øyvind Nilsen (32) i P3-dokumentaren «Født i feil århundre»

Webjørn S. Espeland

Dokumentarist Webjørn S. Espeland

Matias Nordahl Carlsen

Foto/video Matias Nordahl Carlsen


Prisen for fajansen

 

Øyvind måtte velje mellom fajanse og venner. Han trur at steintøyet har vore med på å holde han i live.

 

Øyvind Nilsen

Alder: 32.
Frå: Egersund, bur på Helleland i Egersund.
Jobb: Jobbar som barne- og ungdomsarbeidar. Driv sitt eige privatmuseum.
Sist sett: Bølgen.
Sist spelt: Scrabble.
Favorittgjenstand: Som å velje mellom mine eigne born. Kanskje eit maleri frå mine oldeforeldre.
Favorittstil: Nyrenessanse.
Elles: Skriv bygdebok. Syng i kor. Leitar på loft og messer etter antikvitetar. Har byvandringar rundt fajansefabrikken.

 

Utestengt

Øyvind Nilsen har ikkje data eller internett, men han har fleire tusen koppar, vasar og asjettar av fajanse. Han byrja å samle som seksåring. Fajanse minner om porselen, men i staden for å vere kvitt heilt gjennom, er fajanse ein keramikk med eit tynt glasurlag ytst.

– Det var rett før eg slutta å samle på fajanse. Viss du slutter, sa dei, vil du bli som oss andre, og då vil det bli mykje enklare for alle. Eg blei utsatt for både mobbing og utestenging, og det var mange som sa at eg måtte slutte med det.

Øyvind var 12 år gammal, og følte det som vennene hans ga han valet mellom fajansen og å vere som dei andre. Han pakka ned fajansen. Men mora ville ta vare på det og sette eskene i eit kott. Men etter nokre månader skjønte Øyvind at han ikkje kunne ha det sånn. Kassane blei henta fram.

– Det var kjempekjekt å oppdage mi eiga samling som hadde stått pakka ned i tre månader. Eg tenkte det at viss eg ikkje får vere samen med andre fordi eg har rommet fullt av fajanse, veitt du, då får eg heller vere aleine med fajansen min.

Venner gjennom fajanse og Allers

Det er fleire grunnar til at Øyvind har blitt hekta på fajanse, blant anna at han vaks opp i byen kor Egersund Fayancefabrik var hjørnesteinsbedrift mellom 1847 og 1979. I mange år var han heilt aleine med sin lidenskap.

– Heldigvis møtte eg ein niåring i Egersund som byrja å samle på fajanse. Eg fann faktisk mykje glede i å snakke mønster, dekorer og modeller med han.

– Kor gammal var du da du hang med niåringen?

– 17-18 år. Me reiste rundt på fajansemesser, og takka vere det vennskapet kom me oss til Oslo på loppemarknad der me stod i kø i ein time, og sprang mot ei dør der 1500 galne østlendingar og utlendingar med barnevogner skulle gjennom ei smal dør. Opplevingane stod bokstavleg talt i kø!

Øyvind fant seg også ein anna venn. Gjennom Norge Rundt og Allers!

– Det var nokon som hadde sett han på Norge Rundt, og eg hadde sett han i vekebladet til mor. Eg spora opp namnet til mora hans ved å ringe redaksjonen til Allers. Deretter fant eg riktig person etter veldig, veldig mange telefonar til opplysninga. Det blei ei uhyggelig telefonrekning for mor, men kva gjør me ikkje for nokon å snakke med?

Øyvind har også ein litt eldre venn, Rasman Polden, som hjelper han med data:

Da han var 14 år blei livet verkeleg tungt for Øyvind. Faren døde av kreft. Mormor steppa inn og fylte plassen faren hadde hatt. Men da ho blei dement, blei livet for tungt å leve for hans veslesøster.

– Ho klarte aldri å forsone seg med at far aldri kom tilbake, og valgte å avslutte livet. Av familien satt me igjen bare meg og mor. Eg mista tre av dei fire personane som betydde mest i livet mitt.

Det er her fajansesamlinga spilte ei viktig rolle. For på skulen følte Øyvind seg fortsatt mobba og utestengt.

– Den ga meg noko å kople av med. Den brennande interessa har vert som ei livbøye for meg, noko som haldt meg flytande i eit stort hav eg følte meg aleine på.

► Høyr hele historien om gamlisungdommene Stig Roar Olsen (23) og Øyvind Nilsen (32) i P3-dokumentaren «Født i feil århundre»

Webjørn S. Espeland

Dokumentarist Webjørn S. Espeland

Matias Nordahl Carlsen

Foto/video Matias Nordahl Carlsen


 

Landets yngste medlem i Pensjonistpartiet

 


(Foto: Privat)
(Foto: Privat)

Under høstens kommunevalg så var Trym Sivesindtajet (18) på valg for Pensjonistpartiet på Gjøvik. Hvorfor? Vi tekstet ham og spurte om hans forhold til eldre folk og kamferdrops:

 

► Høyr hele historien om gamlisungdommene Stig Roar Olsen (23) og Øyvind Nilsen (32) i P3-dokumentaren «Født i feil århundre»

Daniel Guanio

Journalist Daniel Guanio


 

Lyst til å strikke P3-logoen på din genser?

 

Ver så god! Her er et P3-mønster som du kan bruke så mye du vil.

 


Kor gamlis er du?

 

Ta vår «gamlis-test» her:

[quiz=4]


Har du ikkje fått nok av Stig Roar Olsen?

I dette uklipte intervjuet fortel den kunnskapsrike 23-åringen om sitt forhold til IKEA og him, dødsfeller på 1800-talet, nettroll, friarbrev og rolla som kjendis.

► Høyr heile historia om gamlisungdommane Stig Roar Olsen (23) og Øyvind Nilsen (32) i P3-dokumentaren «Født i feil århundre»

Webjørn S. Espeland

Dokumentarist Webjørn S. Espeland

Matias Nordahl Carlsen

Foto/video Matias Nordahl Carlsen

 


 

P3dok som podkast

 

Alle våre radiodokumentarer kan lastes ned som podkast, slik at du kan lytte på dem når du vil – og hvor du vil. Abonner på våre podkaster enten via Itunes eller via RSS.

(NB! All musikk som brukes i våre dokumentarer er ikke nødvendigvis med i podkastversjonene pga. rettigheter. Fullversjonene – slik de blir sendt på radioen – kan du strømme her på vår nettside.)