Første gong heimanfrå

-M e var livredde og måtte vere så stille som mogleg. Ingen måtte sjå oss. Innimellom tok me opp mobilen og sjekka google maps, slik at me i det minste visste kor me var.

Eg møtte brørne Nart (19) og broren Nour (15) frå Syria på den greske øya Kos for to månadar sidan. Då hadde dei flukta over sjøen fra Tyrkia i ein liten gummibåt. Draumen var å komme seg til Tyskland.

I løpet av dei siste vekene har eg fulgt flukta til gutane på Facebook og WhatsApp. Dei har gått gjennom mørke skogar, teke overfylte tog og gøymt seg frå mafia.

Foreldra og systrene er framleis i Damaskus, dei hadde berre råd til å sende dei to eldste gutane ut av det konfliktramma landet. No er gutane aleine i eit nytt og framand land for første gong.

Det same er Ali (23) frå Pakistan. Han måtte rømme landet fordi Taliban er etter familien hans. No bur han på eit asylmottak langt ute i skogen, utanfor den tyske byen Rupholding. Livet er sett på vent. Dette er tre unge menn som hadde to val: 1. Bli verande i heimlanda og for alltid leve i frykta for å bli drept. 2. Ta ei farefull ferd til eit tryggare liv i Europa.

Alle gjekk for alternativ nummer to, og kom seg heilskinna frå det. Så, kva skjer vidare? Er det no resten av livet byrjar?

Høyr dokumentaren | Les alle sakene

 

– Alt eg gjer no er å ete, sove og gå. Det var ikkje dette eg hadde sett for meg.

– Ali (23)

 


Brørne Nart (19) og Nour (15) har komme seg til den vesle småbyen Bottrop frå Damaskus i Syria. Dei håpar på ei framtid i Tyskland og Europa. (Foto: Silje Ese, NRK)
Brørne Nart (19) og Nour (15) har komme seg til den vesle småbyen Bottrop frå Damaskus i Syria. Dei håpar på ei framtid i Tyskland og Europa. (Foto: Silje Ese, NRK)

Gjennom Europa med ein mobil i hånda

 

To brør. Saman har dei forlatt heimlandet Syria, til fordel for ei forhåpentlegvis tryggare framtid I Tyskland. Er den europeiske kvardagen som forventa?

«I am in Germany now.»

«Hey, that’s good to hear.»

«I just say, wonder how you are? It’s not good time because every day I’m going from place to place. When I stay in somewhere a long time, I will buy sim-card and call you. OK?»

Det er Nart (19) frå Syria som ringer. Saman med broren Nour (15) har han flykta frå det krigsherja heimlandet deira. Når han ringer har det gått omlag ein månad sidan eg møtte brørne på den greske øya Kos.

Sidan då har dei gått store delar av vegen til Tyskland.

På busstasjonen i den vesle småbyen Bottrop møtes me igjen ein månad seinare – med ein klem. Gutane er glade og ser mykje yngre ut enn då eg møtte dei på Kos. Samstundes er dei veldig tynne, og har berre på seg hettejakke, sjølv om det er kanskje tre grader i lufta.

Me spaserar bortover mot asylmottaket medan Nart småpratar.

– Kvar gong eg opnar Facebook ser eg folk som skriv «I’m in Germany, I’m in Sweden, I’m here, I’m there». Så no reiser alle frå land til land, ingen blir verande… Eller, sjølvsagt er det nokon som blir. Men dei fleste gjer ikkje.

Asylmottaket, eller campen som Nart kallar det, er eit grått, gammalt murhus. Frå utsida kan det minne om eit nedlagt fengsel. Nart er tydeleg stressa og ber meg vere forsiktig slik at ingen ser meg. Me hastar opp trappa og mot rommet til gutane.


 

Nart

Alder: 19.
Frå: Damaskus, Syria.
Favorittartist: Rihanna (Diamonds er ein favoritt).
Favorittapp: WhatsApp og Viber.
Favoritthobby: Vet ikke?
Sivilstatus: Singel.

Nour

Alder: 15.
Frå: Damaskus, Syria.
Favorittartist: Toca Toca.
Favorittapp: Asphalt.
Favoritthobby: Sjå mora mi snart.
Sivilstatus: Singel.

 

Fluktrute

Syria – Libanon – Tyrkia – Hellas – Makedonia – Serbia – Ungarn – Østerrike – Tyskland.


 

«Han låser døra med ein gong me kjem inn og pustar letta ut. Nart er redd for fleire av dei andre som bur på mottaket.»

 

– Velkommen til rommet mitt, seier Nart spøkefullt.

Han låser døra med ein gong me kjem inn døra og pustar letta ut. I bakgrunnen kan me høyre nokon spele høg musikk.

– Kva er det bråket?

– Åh, det der er ein mann frå Makedonia som bur på naborommet. Han spelar ofte høg musikk, har fest og drikk alkohol, sjølv om det bur barnefamiliar og asylsøkarar som reiser aleine her på mottaket.

Nart er redd for fleire av dei andre som bur på mottaket, deriblant mannen på naborommet.

– Låser du alltid døra?

– Ja, gjer eg ikkje det kjem folk inn og stel.

Inne på rommet får eg servert varm sjokolade, før eg stiller spørsmålet som har gnaga i bakhovudet sidan me møttes på busstoppet.

– Kva skjedde eigentleg etter de forlot teltleiren på Kos?

– Me kom oss til fastlandet og ut av Hellas. Etter det fulgte ein veldig lang gåtur.

Gutane fortel om lange vandringar langs jernbanelinjer, turar på overfylte tog, og netter gjennom mørke skogar – for å unngå mafia og politi.

– Me var livredde, me kunne ikkje snakke, me måtte vere så stille som mogleg. Ingen måtte sjå oss. Innimellom tok me opp mobilen og sjekka gps-en, slik at me visste kor me var, fortel Nart om den lange vandringa.

Til slutt enda dei opp i Tyskland, der dei fekk ein overveldande velkomst.

– Då eg kom helsa folk på meg, alle smilte og ønskte meg velkommen. Dei klappa til og med! Det føltes godt, fortel Nart.

– Me var livredde, me kunne ikkje snakke, me måtte vere så stille som mogleg. Ingen måtte sjå oss. Innimellom tok me opp mobilen og sjekka gps-en.

 

Asylmottaket er eit grått, gammalt murhus. Frå utsida kan det minne om eit nedlagt fengsel. Nart og Nour vil ikkje vise ansikta sine på foto – gutane er redde for at noko skal kunne skje med familien deira, fortel de. (Foto: Silje Ese, NRK)

Ein normal dag på mottaket

Med sjokoladen i hånda sit praten laust inne på rommet til Nart og Nour. Men brått vert stillheita brutt.

Mannen på naborommet har våkna til liv, og stereoanlegget hans spelar nok ein gong av full styrke. Derfor stikk me ned i kjellaren for å få litt ro, og for å lage oss litt mat.

Rommet som møter meg ser meir ut som eit bad enn eit kjøkken. Eg påpeiker det og gutane berre ler av meg. Dei peikar mot eit rom ved sidan av kjøkkenet og fortel at det er der badet ligg.

– Er du god til å lage mat?

– Mamma lagar mat, eg gjer ingenting heime i huset. Broren og systra mi gjer alt, fortel Nart.

– Kvifor hjelper du ikkje til?

– Eg jobbar for pappa! Det er min måte å bidra på, seier Nart med ei lurt smil om munnen.

– Så broren og systra di måtte gjere alt? Då har du vel kanskje litt godt av å vere nødt til å gjere ting sjølv no?

– He, he. Ja, i heimlandet mitt måtte eg ikkje gjere noko sjølv, no må eg gjere alt sjølv, fortel Nart, som syns det er heilt greit. Han vil gjerne vere i stand til å klare seg sjølv.

Forstår at tyskerane er sinte

Den antiislamistiske beveginga Pegida får stadig fleire tilhengarar i Tyskland. Tidlegare i haust gjekk tusenvis av tyskerar i tog mot innvandring, i den tyske byen Dresden. Dei syriske brørne er klare over at dei er uønska av nokon. Faktisk syns dei det er heilt greit.

– Eg forstår at tyskerar kan føle at det kjem for mange flyktningar, og dei har rett til å vere sinte. Det er jo tross alt deira land. Men dersom dei hadde vore i Syria og sett korleis krigen påverkar folka som bur der trur eg dei ville haldt kjeft.

Men Nart er ikkje redd for flyktningfiendtlege tyskerar. Så lenge han ikkje lagar bråk, treng ikkje dei lage bråk heller. Men det er verkeleg ikkje alle flyktningar som flyktar frå krig eller treng beskyttelse. Og desse øydelegg for dei som verkeleg ikkje har noko anna moglegheit enn å flykte dersom dei vil halde seg i live. Slik som Nart.

– Det kjem folk til Tyskland utan at det er krig i heimlandet deira. Han eg bur med frå Makedonia for eksempel, han fortalte meg at han berre er her for å stjele, og for å sende pengar heim.

– Eg forstår at tyskerar kan føle at det kjem for mange flyktningar, og dei har rett til å vere sinte. Det er jo tross alt deira land.

Pengane gutane får frå den tyske staten held akkurat til mat og bussbillettar. Silje tok med gutane på ein arabisk "grill" før ho tok farvel. (Foto: Privat)
Pengane gutane får frå den tyske staten held akkurat til mat og bussbillettar. Silje tok med gutane på ein arabisk «grill» før ho tok farvel. (Foto: Privat)

Redde for å ringe heim

Heime i Syria har gutane to foreldre og to yngre systrer. Familien hadde berre råd til å sende dei to eldste gutane avgårde. Nart fortel at han framleis våknar av lydar om natta han trur er rakettar.

– Me var redde heile tida i Syria. No klarar eg ikkje sjå på nyheitene lenger. Eg blir så utruleg redd fordi eg veit familien min framleis er der nede i Syria. Når eg ringer heim fortel dei at alt går fint, men eg veit at det ikkje er sant.

Nour og Nart vert triste og får tårer i augene når eg spør om familien som framleis er i det konfliktramma heimlandet Syria. Etter ein lang pause med mange klemmar og arabisk brød med nutella (sjokoladepålegg, red.anm.), byttar me tema. Kva syns eigentleg gutane om å ha endeleg kome seg fram til Vest-Europa? Er det som forventa?

– Dei tyske universiteta er veldig, veldig gode. Og når eg er ferdig med utdanninga mi vil eg få jobb fordi Tyskland er eit så stort land. Eg veit at å vere her er bra for framtida, men akkurat no er det litt kjipt.

Nart har det tøft i kvardagen på asylmottaket, men han er ein veldig positiv person og tenkjer at Tyskland vil bli bra for han om nokre år.

– Tyskerane er ikkje særleg hyggelege, det er jo ingen som smiler! Eg treng at folk smiler og er hyggelege med meg for at eg skal klare å vere lukkeleg. Eg treng at folk likar meg, er glad i meg.

– Men åh, dei tyske jentene… Dei er vakre! Eg elskar blondt hår, avsluttar Nart med eit glis.

– Når eg ringer heim fortel dei at alt går fint, men eg veit at det ikkje er sant.

Silje Ese

Dokumentarist Silje Ese

Hanne Christin Våge

Journalist Hanne Christin Våge


Eit bilete frå turen gjennom Europa, frå Ali sin mobil. (Foto: Privat)
Eit bilete frå turen gjennom Europa, frå Ali sin mobil. (Foto: Privat)

Livet på vent

 

I Pakistan gjekk det ikkje ein dag forbi utan at Ali såg seg over skuldera. Han forlot eit liv i frykt. No lev han eit liv på vent.

Ali er nesten ikkje til å kjenne igjen når eg møter han igjen i den vesle tyske byen.

Sidan me tok farvel på Kos for fleire månadar sidan har det skjedd mykje. Ali har som Nour og Nart gått store delar av vegen frå Hellas til Tyskland. Han har kjent kulda på kroppen, og han har blitt skutt etter av mafia i ein serbisk skog.

Ali ønsker heller ikkje å vise oss sitt ansikt, av frykt for kva som kan skje med familien heime i Pakistan. (Foto: Silje Ese, NRK)
Ali ønsker heller ikkje å vise oss sitt ansikt, av frykt for kva som kan skje med familien heime i Pakistan. (Foto: Silje Ese, NRK)

No er han endeleg framme.

– Det var heilt fantastisk å komme fram. Folk stod og venta med klede, mat og alt ein person treng. Dei ønskte oss verkeleg velkommen.

Men å komme til eit nytt land, ein ny kultur, og eit nytt folk, det er ikkje berre berre.

– Du kom til dette landet, men eg er langt frå sikker på at du er komen til paradis?

Me står og fnisar utanfor ei sex-sjappe. Frå vindauget ser me all slags tilbehør. Dildoar, vibratorar, sexy undertøy. Det er tydeleg at dette er noko han ikkje er vant til å sjå.

– Heh, dette er sånne greier eg ikkje vil sjå. Eg har aldri gjort sånt før, eg har aldri hatt sex, seier Ali, og fnisar enno meir.


Ali

Alder: 23.
Frå: Karachi, Pakistan.
Favorittartist: Bon Jovi og franske Indila.
Favorittapp: WhatsApp og Google Maps.
Favoritthobby: Reising.
Sivilstatus: Singel.

 

Fluktrute

Pakistan – Afghanistan – Iran – Tyrkia – Hellas – Makedonia – Serbia – Kroatia – Slovenia – Østerrike – Tyskland.


 

– Det var heilt fantastisk å komme fram. Folk stod og venta med klede, mat og alt ein person treng.

 

Møtet med sexshops og øl

Eigentleg hadde eg tenkt at me skulle gå inn og kikke i butikken, men det kan eg berre gløyme. Ali fnisar som ein tenåring og ristar på hovudet. Innafor butikkdøra er det ei verd han enno ikkje har utforska, og det ser ikkje ut som dette er dagen for å starte heller.

Ali er no plutseleg busett i eit land der sexbutikkar, øl og bordell er kvardagskost. Folk går på gata med ei øl i handa, og kjøp og sal av sex er lovleg. Men alt dette var Ali klar over før han kom – og han bryr seg ikkje om andre driv på med det, så lenge han slepp.

– Eg har aldri vore på eit bordell… Det treng eg ikkje heller. Eg vil uansett vere i stand til å tilfredsstille kvinna mi hundre prosent, om eg finn ei. Ho vil heller ikkje ha behov for å gå på ei sex-sjappe, seier Ali med ein sjølvtillit ingen kan ta frå han.

Ali seier at han ikkje har noko imot å bu i Tyskland sjølv om det fins tradisjonar og skikkar her som han ikkje vil la seg innlemme i. Likar ein ikkje sexsjapper eller øl, er det berre å finne på andre ting.

Før me går vidare viser Ali meg ein fem minutt lang video på mobilen. Eg forstår ikkje heilt kva det er, men skjønnar etter kvart at det er noko religiøst. Sikkert for å lande litt etter alt dette sexpresset.

– Eg har aldri vore på eit bordell… Det treng eg ikkje heller.

Eit kontrastfylt møte med europeisk kultur. (Foto: Silje Ese, NRK)

 

Ete, sove og gå. Ete, sove og gå.

Ali føler seg riktig nok trygg no som han er i Tyskland, men livet har ikkje blitt heilt som forventa.

– Menneska her er så utruleg snille, og eg kunne ikkje ha drøymd om å bli teke i mot på ein betre måte enn det eg gjorde. Men alt eg gjer no er å ete, sove og gå. Ete, sove og gå. Det var ikkje dette eg hadde sett for meg.

Ali bur på eit mottak i den vesle, tyske byen Rupholding. Mottaket ligg øde til, og han får enno ikkje lov til å søke på universitet slik at han kan gjere ferdig utdanninga si og komme ut i jobb. Han har tidlegare studert hotell og management på universitetet heime, men akkurat no står berre livet på staden kvil.

– No er livet akkurat som eit fengsel. Det er sjølvsagt spanande å gå ut og sjå seg omkring. Men kor lenge kan ein gå slik? Utan noko å gjere?

– Men no er du jo på ein trygg stad. Er ikkje det nok? Kva forventar du?

– Ja, det er trygt, men mottaket eg bur på ligg utruleg langt utafor byen. Her har eg ikkje dei mulighetane eg ville hatt der, for eksempel til å gå ut og lære språket, tilgong på skular.

– No er livet akkurat som eit fengsel. Det er sjølvsagt spanande å gå ut og sjå seg omkring. Men kor lenge kan ein gå slik?

Bilete frå Ali si reise gjennom Europa. (Foto: Privat)

 

Flyktar for å behalde livet

Ali viser meg ein video frå ein rutebuss der Taliban går inn og henrettar alle i bussen. Folka var på veg til jobb i skogen der faren til Ali arbeidar. Grunnen til drepinga er at dei er shia-muslimar, slik som Ali er. Og sidan faren hans er leiar for ei gruppe med shia-muslimar, vert familien deira stadig utsett for angrep frå Taliban.

Rundt 60 millionar menneske er no på flukt frå krig, svolt og forfølgjing. Men det er ikkje alle som flyktar som får lov til å bli – eller nødvendigvis har grunn til å søke om asyl. Denne veka gjekk Utlendingsdirektoratet (UDI) ut og sa at einslege, afghanske menn ikkje kan rekne med å få opphold i Norge. Det kjem fleire flyktningar utan beskyttelsesbehov no enn før.

– Det er sant, men det gjeld ikkje meg. Eg har alle papira og bevisa på at min familie vert forfulgt i heimlandet vårt. Mange av dei som kjem frå desse landa jobba allereie i Tyrkia, Italia, eller andre land. Men no når Tyskland har opna grensene sine er det mange som utnyttar seg av det. Skilnaden er at dei kjem for å jobbe, eg kjem for å redde mitt eige liv.

– Europeiske jenter er veldig, veldig vakre. Men det eg har høyrd er at dei vakraste menneska er dei minst trufaste. Derfor er eg også litt redd for å skaffe meg ein kjærast her, seier Ali lattermildt.

No når Tyskland har opna grensene sine er det mange som utnyttar seg av det.

Silje Ese

Dokumentarist Silje Ese

Hanne Christin Våge

Journalist Hanne Christin Våge


Menneske på flukt

 

► Sjå heile fotoserien med små forteljingar frå Hellas laga av Silje Ese, Kim Erlandsen og Marius Arnesen.

 


Selma og Carolin (t.v.) og Linn fortel om kva de meiner om dei mange flyktningane som har kome til tyskland i det siste. (Foto: Silje Ese, NRK)

Mottakinga i Tyskland

 

I 2015 har det kome nesten 800.000 registrerte flyktningar til Tyskland. Til samanlikning har rundt 24.000 søkt om asyl i Norge hittil i år. Kva tenkjer tyskerane om at det kjem så mange flyktningar til landet?

– Det er vinter snart og det kjem til å bli så sjukt kaldt. Det blir altfor kaldt, fortel tyske Selma og Carolin (20). Dei er bekymra for at flyktningane som kjem vil slite i dårlege hus når kulda kjem.

– Men eg trur ikkje me er snillare enn andre, me tek imot så mange me kan, avsluttar jentene.

Det tyske folk vil forsvinne

På sentralstasjonen i Munchen møter eg på ein langhåra gutt med navn Fritzie. Han er 24 år og er frustrert over situasjonen Tyskland har havna i.

– Eg trur ikkje folk flest likar det Merkel (Angela Merkel, rikskansleren i Tyskland, red.anm.) har gjort, men er redde for å seie noko. Folk er generelt redde for å bli stempla som muslimhatarar.

– Eg trur ikkje folk flest likar det Angela Merkel har gjort.

– Korleis vil livet i Tyskland bli, trur du?

– Etter det Merkel har gjort vil det tyske folket forsvinne i mengden… Landet trur eg ikkje vil forsvinne, men folket vil bli utvatna av alle innvandrarane.

– Eg har ikkje merka noko til flyktningestraumen enno, men reknar med det etterkvart vil påverke kulturen vår, økonomien, og så vidare.

– Folk er redde, og eg trur mengda flyktningar som kjem til landet vårt no vil føre til at den politiske høgresida vil få større oppslutning. Eg har vore i fleire europeiske land der akkurat dette har skjedd.

Sjølv plasserar Fritzie seg på høgresida.

Tyskernes dårlige samvit

Eg møter Linn i byen Dortmund nordvest i tyskland. Faren er fra Bergen og mora fra Tyskland, der ho har budd dei ti siste åra. Ho fortel at dei fleste tyskara vil hjelpe og tek imot folk med opne armar. Ho trur det kan ha noko med skyldfølelse for andre verdesnskrig å gjere.

– Sidan krigen har Tyskland hatt rolla som den med dårleg samvit. Eg trur ikkje dei yngre generasjonane føler noko på det, men eg trur dei eldre føler eit ansvar for å gi noko tilbake.

– Men eg er redd for at det kjem til å bryte ut kaos om eit par månadar når kulda verkeleg melder sin ankomst. Eg er også redd folk ikkje vil få nok å spise, det har jo skjedd tidlegare at det vart slosskampar då folk som venta på maten sin byrja å sloss. Så det er jo heilt crazy.

 

Innvandringsmotstandarar tilknytta Pegida har i haust demonstrert mot innvandring i Tyskland. Det kan skape eit inntrykk av at mange tyskarar er i mot innvandring. Men Linn er uenig.

– Det bur jo veldig mange folk frå forskjellige land her i Tyskland, og det har jo alltid vore slik. Dei som protesterar mot den auka innvandringa utgjer berre ein liten del av befolkninga, heldigvis. Dei fleste vil hjelpe, og tek folk imot med opne armar.

Linn meiner at uansett kva europeisk land du kjem frå er det viktig at me som har det veldig bra kan hjelpe folk som ikkje har det så bra.

– Om ein for eksempel ser på bileter av korleis Damaskus (hovudstaden i Syria, red.anm.) såg ut før samanlikna med no forstår ein jo at folk ikkje kan bu og leve der. Me er forplikta til å hjelpe dei, alle burde vere meir opne.

– Er det bra det Angela Merkel no gjer?

– Eg trur mange var positive i byrjinga, alle ville hjelpe til og bidra. No trur eg mange er bekymra for korleis framtida ser ut, og lurer på om me kjem til å klare å ta vare på alle.

– Trur du det kjem til å gå bra, då?

– Ja, eg trur me kjem til å klare det heilt fint.

– Me er forplikta til å hjelpe dei, alle burde vere meir opne.

Silje Ese

Dokumentarist Silje Ese

Hanne Christin Våge

Journalist Hanne Christin Våge


 

P3dok som podkast

 

Alle våre radiodokumentarer kan lastes ned som podkast, slik at du kan lytte på dem når du vil – og hvor du vil. Abonner på våre podkaster enten via Itunes eller via RSS.

(NB! All musikk som brukes i våre dokumentarer er ikke nødvendigvis med i podkastversjonene pga. rettigheter. Fullversjonene – slik de blir sendt på radioen – kan du strømme her på vår nettside.)