Ein fisk start på dagen

Etter lyttarane klarte å samle inn over 1,9 millionar kroner måtte Tuva drikke smoothie laga av rå fisk.

– Eg syns ikkje det var noko godt, seier ei gråtkvalt Tuva.

Ho har nettopp fått ein fisk start på dagen. Ja, ein FISK start. Og nei, me manlgar ingen R her.

Etter at lyttarane klarte å samle inn 1,9 millionar kroner måtte Tuva drikke ein smoothie laga av rå(!) fisk.

– Eg greier ikkje å ete rå fisk til vanleg. Dermed er tanken på å drikke ein smoothie laga av det uuthaldeleg. Eg kjem til å spy, sa ei skrekkslagen Tuva i studio før det vart avslørt at lyttarane hadde klart å samle inn nok pengar.

Og det skulle ikkje meir enn ein slurk til av den deilige fiskedrikken før Tuva hang over bøtta, kasta opp, og jamra seg:

– Niklas, eg orkar ikkje meir, eg vil heim.

Sjå heile fiskesmoothie-seansen i videoen under.


Fisk + Redbull = ?

Sidan Niklas har fått vise sine kokkekunstar på TV i haust, fekk han æra av å lage smoothien.

– Dette er ein slags hevn for at eg går rundt her med munkesveis og spraytan, sa Broder Baarli med eit nøgd glis før han starta blenderen.

Gira på å starte dagen med ein fiskesmoothie? Her er oppskrifta!

Broder Baarlis fiskesmoothie:

  • Røykt laks
  • Ferdiglaga smoothie-blanding (banan)
  • Eitt fiskeauge
  • Isbitar
  • Redbull energidrikk
  • Chili
  • Tuvas dom over smoothien er som følgjande:
    – Det var ein veldig rar blanding av salt og veldig sterk fiskesmak, saman med banan og redbull.

    Sjå Niklas førebu smoothien i videoen under.