Hopp til innhold

Her er Hitchcocks første film

Nesten 90 år etter at den blei laga har delar av stumfilmen «The White Shadow» dukka opp på New Zealand. Det er den første filmen signert Alfred Hitchcock.

Det er nesten som Alfred Hitchcock sjølv skulle regissert det. For i dag, ti dagar før den legendariske skrekkfilmregissøren ville fylt 112 år, dukka plutseleg ein del av det som kan vere hans aller første filmarbeid opp, skriv LA Times.

New zealandske National Film Preservation Foundation (NFPF) har funne det dei meiner er delar av «The White Shadow» frå 1924.

Meir enn halvparten av filmen

Filmen vart funne i ei samling av uidentifiserte amerikanske nitratprint som har stått i det new zealandske arkivet sidan 1989. Amerikanske forskarar har det siste året besøkt arkivet for å finne ut meir om printa og det var slik dei oppdaga at ein av filmane var signert Hitchcock.

Forskaren Leslie Lewis er kvinna som fann filmrullane. To var merka med «Twin Sisters», ein tredje med «Unidentified American Film». Til saman utgjer rullane meir enn halvparten av filmen.

Lewis såg med ein gong at dei heldt god kvalitet og etter å ha leita i avisartiklar fann ho ut at filmen eigentleg heitte «The White Shadow» og kven som stod bak den. Filmen handlar om to søstre, ei vond og ei god, begge spelt av same skodespelar.

(Artikkelen held fram under biletet)

BIO-CINEMA-HITCHCOCK

Alfred Hitchcock står mellom anna bak 'Fuglene', frå 1963. Her er han på settet til filmen.

Foto: STF / AFP

Mangfaldig Hitchcock

Alfred Hitchcock var berre 24 år då filmen vart laga. Han stod for manuset, var assisterande regissør og scenograf for melodramaet, som hadde Betty Compson og Clive Brook i hovudrollene.

Dusjscenen i «Psycho»

Janet Leigh som Marion Crane i den berømte dusjscena i 'Psycho', frå 1960.

Foto: AP

I byrjinga av 1920-åra jobba den unge Hitchcock som tekstplakat-designar for stumfilmar. Det tok imidlertid ikkje lang tid før han utvida repertoaret og fekk skrive manus, jobbe med scenografi og fleire andre roller bak kamera. Seinare skulle han lage klassikarar som «Fuglene» og «Psycho», som har inspirert regissørar sidan.

David Sterritt, forfattaren bak «The Films of Alfred Hitchcock», meiner oppdaginga er ein unik sjanse til å lære meir om legenda.

– Desse første tre filmrullane av «The White Shadow» - som er meir enn halvparten av filmen - gir oss ein fantastisk sjanse til å studere hans visuelle og narrative idear på den tida då dei tok form, seier han til NFPF.

LES OGSÅ: Se film på nett - gratis og lovlig

Får ny premiere i september

Også norske fans gler seg.

– For alle som er interessert i film vil dette vere morosamt. Å lære kvar han byrja, sjå hans første forsøk. Det er som å høyre ein gammal Elvis, han syng jo heilt annleis på 50-talet enn då han slutta i 1976, seier Tito Panaggi ved Cinemateket til NRK.

Filmen vil no få ny-premiere 22. september på The Academy of Motion Picture Arts and Sciences. Den vil få plass i deira Hitchcock-samling, som også inkluderer dokument og manus til den legendariske regissøren.

Fleire andre stumfilmar er også blitt funne i arkivet og mange av dei vil bli mogleg å sjå på nettstaden til NFPF. Det er uvisst om «The White Shadow» er blant desse.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober