Etter at mobilutviklaren Zynga kjøpte opp Draw Something-utviklaren OMGPOP for seks veker sidan har den aktive brukarbasen minska med ein tredel. Det lovande oppkjøpet, som gjekk for over 1 milliard norske kroner, har gått frå nedlastingsstorm på om lag 50 millionar nedlastingar, til eit kutt på daglege brukarar frå 15 til rundt 10 millionar, ifølgje Forbes.com.

Målingane er basert på appens Facebook-aktivitet, ikkje faktisk speling, men kan vere ein indikasjon på at Zyngas siste storinnkjøp har tapt grunn samanlikna med andre spel.

NHL-sponsa

Når LIONKING kom opp for tredje gong på to dagar, vart eg òg litt lat.
Zynga – som har gjort stor suksess på å anten etterlikne eller kjøpe opp konkurrentar – gjorde fleire forandringar på spelet etter oppkjøp, til dømes større bruk av sponsa ord. Mest aktive har ishockeyligaen NHL vore, ved innføring av uttrykk som «slap shot» og «puck» til Draw Somethings allereie litt avgrensa ordbok. Og i staden for å utvide ordboka for å unngå gjentakingar, har dei satsa på merkevarenamn som Doritos og Nike.

I motsetning til fleire av dei andre langtlevende mobiltelefonspela har Draw Something heller ikkje særleg utvidingspotensial. Når den einaste måten å utvikle spelet på er å utvide fargepaletten til fjorten sjatteringar av pastellrosa, er det grenser for kor interessant det er å halde fram med å spelet – noko det kan sjå ut som at ein stor del av brukarane etter kvart har oppdaga.

Anmeldelse: Draw Something: Kreativt og avslørande, men irriterande

Påloggingsproblemer

At overgangen til Zynga sine eigne serverar ikkje har hjelpt for mengda bugs i spelet hjelper heller ikkje på opplevinga, det har vore mange påloggingsproblemer både på Draw Something, og Words With Friends – Zyngas egen Scrabble-versjon.

Zynga-aksjene byrjer no å nærme seg det lågaste nivået det har vore sidan firmaet gjekk på børsen i 2011.

Dette treng ikkje å bety bankerott heilt enno, i AppData sine målingar tronar dei framleis øvst blant utviklarane med god margin, men det store fallet den siste veka kan bety at dei må tenkje gjennom kjøpa sine nærare i framtida. OMGPOP var ikkje eit talentoppkjøp, det var ein jakt på høgare tal.

Med unntak av OMGPOPs no rike leiarar, kan det altså sjå ut som om Rumble er den nye vinnaren på mobilspelmarknaden. No gjenstår det berre å sjå om den svenske utviklaren MAG – som slo seg opp på jukseappen Wordfeud Helper – er Zyngas neste oppkjøp, eller om dei har lært leksa si.

Speler du framleis DrawSomething?