Berre for å ta det aller først: Elsk meg igjen opnar med ei Meatloaf-låt, og avsluttar med ei The Cure-låt. Det burde jo på ein måte vere nok til å skremme vekk fleire, men filmens historie verkar jo interessant nok, så lat oss gi den ein sjanse.

Paige (Rachel McAdams) og Leo (Channing Tatum) er eit kunstnarpar, som lever lukkelege dagar som nygifte i storbyen Chicago.

Men etter ein nydeleg kinodate skjer det skrekkelege, dei hamnar i ei bilulukke. Leo klarar seg bra – han brukar jo setebelte – men Paige endar i koma. Då ho vaknar hugsar ho ikkje noko av livet sitt med Leo lenger.

Eitt nytt tilvære

Ikkje berre set dette hukommelsen til Paige tilbake til før Leo, det set den óg tilbake til tida før Paige bestemde seg for å bli kunstnar, då ho var republikaner-pappa (Sam Neill) sin gullunge på juss-studiet, og hadde litt fleire konservative bein i kroppen.

I sin nye tilstand kjenner ho seg ikkje vel i den verda ho og mannen har skapt rundt seg. «Kva? Gjorde eg det?» undrar ho, då ho får vite at ho stemte på Obama i presidentvalget.

Manglar emosjonell kopling

Elsk meg igjen vert dermed ei slags reise gjennom utviklinga Paige tek frå si nye tilværelse, til noko som forhåpentlegvis er eit liv saman med sin ektemann igjen. I staden for å nytte mykje tid på å forklare oss forholdet mellom dei to før ulukka, vert me omtrent plassert direkte i hendinga.

På den eine sida er det er litt interessant å vere på omtrent same kunnskapsnivå som ho gjennom heile filmen, men på den andre sida er eg litt usikker på om det er eit godt valg, ettersom den emosjonelle koplinga til paret si historie ikkje vert sterk nok for meg. Eg skjønar frustrasjonen i forholdet, men eg har ikkje grunnlag nok for å skjøne kjærleiken.

(Anmeldinga held fram under biletet)

Channing Tatum, kunstner og flanør (Bilete: SF Norge).

Som så mange andre historier er óg denne «basert på ei verkeleg historie». Men der originalboka fokuserte veldig på parets religiøse overbevisning som dreiv dei gjennom krisa, er Elsk meg igjen blotta for referansar til Gud og kristendommen. Filmens originaltittel er The Vow – bryllaupsløftet – men det er eit ytterst sekulært bryllaup me tek del i. Sekulært til den grad at opphavspersonane Kim og Krickitt Carpenter har gått ut og kritisert filmen for mangelen på referansar til trua deiras.

Ikkje redd for klisjear

Filmen er ikkje redd for å pense innpå klisjéar, og i store delar av filmen går dette bra. Men idet svevande kameraføringar over bylandskapet vert stemmelagd med Tatums oppleste røyst om «augneblink som innverkar på liva våre» så vert eg litt var.

Når eg i tillegg får servert ei innflyttingsforespørsel stava med blåbær i ein pannekakelunsj, vår mann som står ute i dryppande regn for å forsterke si romantisk handling, og ja – ein vits om blomsten forglemmegei — så vert det litt for mykje. I staden for å falle inn under forheksinga som regissør Michael Sucsy openbart prøver å legge meg under, vert eg distansert frå forholdet.

Den éine scena eg derimot lo oppriktig godt av, verkar faktisk så ekte og god samanlikna med alt anna at eg mistenkjer at den er ein improvisert blooper som vart teken med i den ferdige filmen:

Det klippet kan du sjå her (frå 00.50 og ut, diverre vert det kutta litt tidleg):

 

Dette er Dear John si skuld

Rachel McAdams har liv i denne rolla, ho klarar å halde seg overraska og forvirra gjennom heile filmen. Ho har gjort denne typen roller før, og gjer dei fullstendig leveleg som Paige. Eg føler derimot ikkje at eg er heilt av sporet når eg seier at Tatum har fått rolla meir for fysikken sin enn for sine vare skodespelarevner. Eg klarer ikkje å kjøpe filmens forestilling om denne muskelbunten er i byens kunstmiljø.

Tatum passar betrakteleg betre i roller der han kan rope kjenslene sine, enn når han må forsøke å uttrykkje dei sart. Uheldigvis tente filmen Dear John såpass mykje pengar at Hollywood meinte det var lurt å caste han i endå ein slik film. Ikkje overraskande er eg ueinig.

Eg likar leik med klisjéar som i Love Actually, eller til og med klisjéaktig plott som i Titanic, men dette vert til tider som ei oppramsing av enkeltscener frå gode romantiske drama. Kanskje er eg berre kynisk og avstumpa, men avslutningsvis skal det meir til enn The Cure for at eg vert solgt.

Eit absolutt interessant premiss klarar ikkje å bekjempe eit merkeleg skodespelarvalg og det som til slutt vert ein slags best-of-hyllest Nicholas Sparks bok-adapsjonar som Dear John og The Notebook. Dersom det er di greie, kos deg!

Om FILMEN

Elsk meg igjen
  • Elsk meg igjen
  • Slippdato: 18.05.2012
  • Regi: Michael Sucsy
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: The Vow
  • Sjanger: Drama, Komedie, Romantikk