Skuleåret startar dårleg for high school-eleven Lola (Miley Cyrus) – populært kalla LOL – då ho vert dumpa av sin heite kjærast. Men plutseleg – ut av det blå – visar det seg at Kyle (Douglas Booth), hennar beste venn, har eit veldig godt auge til ho. Oh, the drama!

Og det vert ikkje betre av at mora hennar (Demi Moore) finn dagboka hennar, og det akkurat i tide til å potensielt avlyse skuleturen til Paris. Åh, nei! Og så chattar folk på Facebook. Mykje.

Remake – med same regissør

LOL er ein remake av ein prisbelønt fransk ungdomsfilm med same namn frå 2008. Denne har eg ikkje sett, men traileren avslører at vitsane og situasjonane ser ut til å vere mykje det same. Det er like vel ein merkbar skilnad: Eg lo fleire gongar av den fire år gamle traileren som eg gjorde av heile 2012-filmen.

Den andre store skilnaden: alle i den amerikanske versjonen er latterleg pene. Det merkelegaste er at desse to filmane har same regissør – Lisa Azuelos.

Som ei parfymereklame

Heile filmen har fått eit slør av parfymereklame over seg, med veldig planlagt lyssetjing på ansiktstrekk som er så skarpe at ein kan skjere ost på det. Det er tydelegvis meir enn språklege bileter som har blitt vekke i omsetjinga frå fransk.

Frå filmens Gilmore Girls-del (Foto: Scanbox).

Den opphavlege LOL kjennest ut som den har gått gjennom ein slags fabrikkprosess i amerikanske filmbransjen. I staden for å caste dei snappy tenåringane med komisk timing som denne filmen openbart treng, har dei utelukkande gått for kjempevakre 20-åringar med karisma som ein uimpregnert treplanke. Dette selgjer sikkert filmen hjå det dei reknar som å vere målgruppa, men det er ikkje nok til å selgje filmen som film.

…Og så må me ha Facebook og sånn

Sidan me trass alt er i 2012, er óg sosiale medier ein naturleg del av kvardagen til ungdommane, så ein del av dialogane foregår naturleg nok på Facebook. Heilt greit, ein del av skodespelarferdigheitene vart faktisk sterkare når profilbiletet må gjere arbeidet for dei.

Filmens drivast fram av korte, nesten sketsje-aktige scener, som raskt og hemningslaust hoppar til neste situasjon – gjerne ispeidd litt musikk. Rytma i filmen vert sterkt påverka av klippinga, og berre tidvis fungerar overgangane mellom fleire scener. Men i all hovudsak vert både humoren og tristheita me pensar innom for raskt forbigått, og dermed får ingen av kjenslene rot i meg.

Dersom dette er fortsetjinga av remake-trenden som i den siste tida har ruska over Hollywood, så er det berre å gløyme meg. Let me in, ja. Girl with the dragon tattoo, ja. LOL, nei.

Om FILMEN

LOL
  • LOL
  • Slippdato: 01.06.2012
  • Regi: Lisa Azuelos
  • Utgiver: Scanbox
  • Sjanger: Drama, Komedie