Det norske spelselskapet TapCat har omtrent arbeidd fulltid sidan helga idéen vart fødd. Inspirert av eit 20 år gammalt kalkulatorspel – og med tanken om å lære seg å utvikle for iPhonen – lagde dei spelet som 7 månader etter skulle bli lansert som SnakeRace. No er oppfølgjaren Snabbit på full fart inn på iTunes-topplistene.

— Lanseringa har gått overraskande bra, og me gler oss til å sjå korleis det går vidare. Me har vore så heldige at Apple har valgt å feature (framheve – journ.anm) spelet vårt i nesten alle land. Mac-utgaven av spelet ligg featured på førstesida når du opner App Store i absolutt alle land, seier Sindre Aarsæther – ein av dei to faste utviklarane i TapCat.

Saman med Anders Hafreager – og med deltidsmedarbeideren Andreas Nakkerud – har han jobba sidan 2010, og no byrjer fruktene av arbeidet å vises:

— Me stig sakte men sikkert på listene rundt om i verda, og kom nettopp inn på topp 200 Paid iPhone Apps i USA, som er den desidert største marknaden.

Nærmer seg 10 000, målet er minst 100 000

I følgje Aarsæther nærmar Snabbit seg 10 000 nedlastingar, med ei stadig raskare økning. Dette, kombinert med ei foreståande oppdatering til dei nærare 100 000 SnakeRace-spelarane, visar ei lovande kurve for TapCat-gutta:

— Så lenge me kan jobbe fulltid med våre eigne drøymeprosjekt er me eigentlig ufattelig nøgde uansett. Sjølv om salgstala skulle synke til ein fjerdedel av dagens inntekt klarar me det heilt fint! Når me krysser 100 000 salg vert det nok ei ordentlig feiring. Då anser vi det som en ordentleg suksess!

Artikkelen fortset under biletet

Angry Bird-aktig oppbyggjing

Spelets enkle bakgrunnshistorie fortel deg at det mytiske beistet Snabbit reiser rundt i asteroidebelter på jakt etter stjerner. I eit Snake-liknande gameplay må du unngå asteroider, og sikte deg inn mot stjernene på relativt korte brett. I tillegg kan ein lage sine eigne brett, og dele dei med vener og andre spelarar.

Som eit ledd i marknadsføringa lovar TapCat vekk 1 % av spelets omsetjing til personen som lagar brettet som vert delt mest til andre spelarar.

Det opprinnelege SnakeRace og Snabbit har veldig like grunnkonsept, men den største forandringa er eit meir Angry Birds-aktig vinkling på brett, stjerner og nivåer. Men noko har dei behaldt frå det opprinnelege spelet:

— Me har sjølvsagt ein ny og forbedra endless-mode som ein kjenner frå SnakeRace. Sjølv om me har spelt Snabbit så mykje at me nesten kan få 3 stjerner på alle baner i blinde koser me oss framleis med å konkurrere mot kvarandre i denne modusen, seier Sindre Aarsæther.

— Dessuten har dyret fått pels, og det er cirka uendelig mykje søtare enn ein slange!

Artikkelen fortset under biletet

TapCat i sine kontorer
TapCat på kontoret (Dette biletet tok eg med utelukkande fordi det er kjempekoseleg - journ.anm.) (Foto: Tapcat).

Framtida

Ved sidan av Snabbit har TapCat også et nytt prosjekt på trappene, endå eit casualspel som dei sjølv melder at dei har større tru på enn Snabbit:

– Eg tek gjerne imot forslag til nedverdigande utfordringar som eg må utføre dersom spelet ikkje har nådd éin million brukarar innan 3 måneder etter lansering.

Ingen skal seie noko på sjølvtilliten til TapCat! Framtida er i alle fall lys for det vesle utviklarstudioet, og me skal følgje nøye med på kva dei gjer i tida som kjem.