Å nytte Playstation Move-kontrollaren som tryllestav verkar i utgangspunktet som ein god idé. Dette har tydelegvis Sony fått med seg, då dei lenge har hatt Sorcery på teiknebordet som eit av flaggskipa for rørslekontrollaren deiras.

Sorcery vart på E3 i 2010 presentert som ein slags tech demo for kva Move-kontrollarane kunne nyttast til. Etter kvart har det blitt til eit fullblods spel.

Det som byrjar som ein vanleg kvardag for den nysgjerrige trollmannslærlingen Finn utviklar seg etter kvart til å bli eit aldri så lite mareritt idet han bryt ei forbanning, og vekkjer til live marerittdronninga. Det skal óg vise seg at hans vener, trollmannen Dash og den snakkande katten Erline har holdt fleire hemmelegheiter skjult for han.

Formelkontroll

Det sentrale aspektet ved Sorcery er samhandlinga med Move-kontrollaren. Dette fungerar overraskande bra. Med litt kjapp kalibrering treffer trylleformlane der eg vil dei skal, og – noko som er viktig i denne samanhengen – om eg skulle bomme, kjennest det ut som min eigen feil, ikkje spelets.

Den mest brukte formelen er «den mystiske kula», men etter kvart i spelets gang får ein fleire ulike formlar – det meste er relativt standard elementmagi – som ein med litt fantasi kan kombinere til andre angrep. Sjølv nytta eg vindformelen i kombinasjon med flammeformelen med stort hell.

Handfast

I tillegg nyttast rørslekontrollaren til andre element, som å fikse øydelagde bruer, og å drikke dei mange trylledrikkane. Det er merkeleg kor handfast magiske drikker vert når du kjemper for dine siste livspoeng, og du er nødt til å riste Move-kontrolleren for å klargjere den. Det kunne veldig raskt ha blitt ein gimmick, men trekk deg i staden inn i spelet.

Spelet trekk deg óg litt nærmare det som hender på skjermen ved å endre lyset på Move-kontrolleren etter kva formel du velgjer. Det set god stemning til eit lite opplyst spelrom.

For øvrig, om du kun har den lysande Move-kontrolleren, og ikkje (for meg som er høgrehendt) venstrehandskontrolleren, kjem du til å gå raskt lei. Det er mogeleg utan, men spelet krevar omtrent at du har dei båe.

LES OGSÅ: Playstation Move er i hus

Meir sjarm enn djupn

Det kan verke som universet Sorcery tek stad i forsøker å vere litt som Fable sine sjarmerande omgivnader. Alle mellomsekvensar er fortalt med meir eller mindre stilleståande bileter lagt oppå pergamentsbakgrunnar. Målet er nok at spelet skal få eit større historiebok-preg, men i all hovudsak verkar det heller som ein billegare måte å gjere filmsekvensar på.

Stemmeskodespelet er det neppe heller lagt særleg mykje pengar i, men det er snappy og fungerar fint. Det kjennest kanskje litt barne-TV ut, men det passar godt saman med resten av universet.

Variert verden (Bilde: SCE Santa Monica)

Fable-samanlikningane vert tydelegare i det visuelle uttrykket. Smått karikerte hus, trolske omgivnadar og variert natur er med å trekkje opp heilheitsinntrykket til spelet.

OMTALE: Fable Heroes – Eventyrspillet uten sjel

For lineært

Men, i ei verd som visuelt sett innbyr til utforsking og oppdaging, er det ekstra synd at vår hovudperson knapt får lov til å hoppe over hagebedet utanfor trollmannstårnet han held stad i. Greit, dette er eit spel som er tiltenkt dei yngre aldersgruppene, det skal vere lett å finne fram, og lett å halde oversikt over verda. Men eg saknar like vel nokre valgmogelegheiter her og der!

Må den einaste vegen vidare frå kvar opne marknadsplass vere å skyte flammar på den «tilfeldig» plasserte vogna med flammefrukt? Eller hadde det gått an å gi meg kanskje to mogelegheiter for å passere til neste område?

Spelets framdrift kunne nemleg knapt ha vore meir lineært. Gangen gjennom spelets mange områder er fire hakk unna å vere ein rail shooter.

Tapt potensiale

Misforstå meg rett – Sorcery er til tider veldig morosamt – men trass utviklingstida kjennest det meir ut som eit litt for tynt skal rundt ein god teknologi. Eg skulle gjerne ha sett denne teknologien i til dømes eit Harry Potter-spel, ei litt opnare verd med fleire valgmogelegheiter.

OMTALE: Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 – The Game: — Fikk meg til å sovne på jobben.

Eit spel for same aldersgruppe i eit meir levande univers hadde vore ein mykje betre representant for rørslekontrollar-teknologien. Sorcery er tidvis underhaldande, men klarar ikkje riste av seg «laga for å presentere Move»-stempelet. Betre lukke neste gong, Santa Monica!

Sjå traileren til spelet her:

Om SPILLET

Sorcery
  • Sorcery
  • Slippdato: 22. mai, 2012
  • Utgiver: The Workshop, SCE Santa Monica Studio
  • Plattformer: Playstation 3
  • Sjanger: Barn, Eventyr