Åtvaring: Denne artikkelen inneheld milde spoilers til The Avengers

Filmen The Avengers kom ut i Europa ei veke før den kom i USA. For å blidgjere ventande amerikanarar spelte difor Joss Whedon og resten av hemnarane inn ei ekstra scene til etter rulleteksten, slik at USA-publikummet i alle fall fekk sett noko først.

Scena spelar vidare på ei scene frå slutten av filmen der Tony Stark anbefalar ein shawarma-restaurant til dei andre i The Avengers. Du kan sjå scena her, samt ei oppskrift (så framt Marvel ikkje tek den av Youtube):

Shawarma – ein matrett nært beslekta med det me kjenner som kebab – har dermed fått sitt store inntog i USA. Den direkte effekten av scena visar seg på fleire måtar. For det første visar Google Trends tydeleg at interessa har gått opp den siste veka:

«Shawarma?» (Skjermdump frå Google Trends)

Og med auka interesse får ein óg auka etterspørsel, som i følgje Huffington Post har ført til eit auke i salget. Dagleg leiar ved Ro-Ros Chicken – ein libanesisk matstad på Sunset Boulevard – melder om at salget har gått opp med 80 % sidan premiera på The Avengers.

Slike hopp i popularitet etter eksponering i populærkulturen er ikkje heilt uvanleg. Nokre eksempel kan vere «the chocolate babka» i Seinfeld på 90-talet, håret til Jennifer Aniston i Friends, eller den plutselege interessa for å bli kriminaltekniker etter oppveksten av CSI-franchisen.

Har du nokon sinne kjøpt noko fordi du såg det i ein TV-serie eller ein film?