Fansen var trist da HBO-serien Bored to Death vart kansellert etter tredje sesong. Men etter at ein fransk journalist kom i tale med Ted Danson under ein filmfestival i Monte-Carlo har ryktet om ein film spreidd seg. Representantar for HBO bekrefta i dag at det vert jobba med ein film til Hollywood Reporter.

Med tanke på tidlegare filmprosjekt frå HBO Films skal ein kanskje ikkje vere for optimistisk. Høgst reelle planar om både Carnivale- og Deadwood-filmar vart aldri realisert, og Sex og Singelliv-filmane klarte ikkje å realisere universet frå TV-serien dei var basert på.

Dog, dette er selskapet som står bak både Generation Kill, Band of Brothers og vakre vesle American Splendor, så litt håp er det like vel lov å augne.

I tillegg til å vere forfattar er Jonathan Ames óg ein fantastisk historieforteljar. Her frå The Moth.
Les også: Topp 5: HBO-serier

Bored to Death handlar om forfattaren Jonathan Ames (spela av Jason Schwartzman) som i eit anfall av skrivesperre legg ut ei annonse om «privatdetektiv til leie».

Han får dermed utløp for sin indre film noir-detektiv, saman med sin redaktør George (Ted Danson) og Ray (Zach Galifianakis). Serien er laust basert på den verkelege forfattaren Jonathan Ames sine eigne memoarer.

Om du vil vite kva Filmpolitiet tykkjer om TV-serien kan du lese våre anmeldingar av sesong 1 og sesong 2.

I Noreg vert TV-serien sendt på Canal+ og TV2, tredje sesong har enno ikkje fått lanseringsdato i norsk versjon.