Dei første duellane i finalen er klare, og det er no på tide med knockout-rundane. Superheltane for første gong opp til helt-mot-helt-kampar der taparen nådelaust ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superheltrangstigen.

Trykk på knappen for å stemme, eller les meir om figurane Doktor Manhattan og Wolverine lenger nede.

Doctor Manhattan

Doctor Manhattan. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Dr. Jonathan «Jon» Osterman
Skaper: Alan Moore, Dave Gibbons, John Higgins
Første opptreden: Watchmen #1, 1986
Født: 1929
Forlag: DC Comics

Jon Osterman var nok mest overraska sjølv då han ikkje var død etter å ha blitt oppløyst i eit kjernefysikkeksperiment. Ved å nytte kunnskapen han fekk frå klokkemakarfaren sin satte han seg sjølv saman igjen – bit for bit.

For å ytterlegare auke overraskinga, fann han ut at han no var eit gudeliknande, blått vesen med overmenneskelege evner.

I denne formen er han kjend som Doktor Manhattan – oppkalt etter the Manhattan Project som førte til den første atombomba. I staden for å oppfatte tida slik me oppfattar den, eksisterar han på alle tidsplan, og oppfattar fortid, notid og framtid samtidig. Han er i stand til å kontrollere materien på atomnivå, og kan oppløyse og setje saman objekter i universet på same måte som hendte med han sjølv ein gong.

Etter å ha blitt anklaga for å forårsake kreft hjå sine nærmaste flytta han til Mars der han tenkjer over livets uviktigheit og universets einsemd.

Wolverine

Wolverine (Bilde: Marvel)

Alter ego: James Howlett
Skaper: Len Wein
Første opptreden: The Incredible Hulk #180, 1974
Født: 1880-talet
Forlag: Marvel

Wolverine er ein av X-Mens mange mutantar, og på sine eldre dagar fungerar han som mentor for mange av dei unge på mutantuniversitetet.

I tillegg til forsterka sansar, er han utstyrt med ei enorm evne til å lækje eigne sår, til den grad at han har gjenoppstått frå beinrestar og blodpøler.

Uheldigvis betyr desse gjenopplivningane at livet hans er fylt med hukommelsestap. Det krevjer nemleg litt av ein person å gjenoppstå frå omtrent ingenting.

Hans fremste våpen er like vel det adamantium-forsterka skjelettet hans, og springknivane han kan skyte ut av knokane på kommando. Desse vart plassert i han gjennom det kanadiske Weapon X – eit statsprogram som søkjer å lage levande våpen frå villige og uvillige sjeler.

Lyden desse knivane lagar – SNIKT! – er ein av to lydar som Marvel har gjort til ei merkevare (den andre er Spider-Mans THWIP!).

Villdyret mot guden

Dette er ikkje første gong desse to har møttest. I éin av ei rekkje videoar frå ItsJustSomeRandomGuy som parodierar dei kjende Mac vs. PC-reklamane, får me sjå korleis ein samtale mellom desse to ville ha utarta seg.

Dei råeste superkreftene her tilhøyrer nok Doktor Manhattan, men på den andre sida; er ikkje ei kåring som dette for kvardagsleg og menneskeleg til at han i det heile teke hadde stilt opp?

Walkover vert framleis siger til motparten!

Samtidig er det ingen i teikneserieuniversa som har den same stayerevna og ville råskapen til Wolverine, så han skulle nok ha gitt doktoren kamp for pengane (dersom han i det heile teke hugsar at han skulle delta).

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.