— Eg arbeider med det, så hardt eg klarar, heile tida!

Dei standfaste orda tilhøyrer Phil Fish, designer og skaper av Fez, lenge etter at original lanseringsdato er passert.

— Kva gjer du om du ikkje får gitt det ut?

— Om det ikkje går, då… må eg ta mitt eiget liv.

I dokumentaren Indie Game: The Movie følgjer me skaparane av tre indiespel: Nevnte Phil Fish, men også Edmund McMillen og Tommy Refenes som laga Super Meat Boy, og Jonathan Blow som stod bak Braid.

Dei tre spelskaparane er under filmens innspeling på tre ulike punkt i liva sine. Blow er kanskje gudfaren blant dei store indiespela, og er den vise mannen som snakkar om tida etter sitt første spel, McMillen og Refenes er akkurat i ferd med å publisere sitt første storspel, og Fish er den fortvilte skaparen som av og til mistar synet av lyset i enden av tunnelen. Spelet hans er i framtida ein stad.

Ja, spel er kunst

Dersom du framleis lurar på om spel kan vere ein kunstform, så bør du sjå denne filmen. Indie Game: The Movie visar kor djuptsitjande ein idé kan vere, og korleis idealistar driv fram visjonane sine – av og til på trass av rasjonelle valg – for å skape kunst.

Desse kunstnarane føretrekk berre tilfeldigvis spel som middel framfor bileter, tekst eller video åleine.

Eg saknar kanskje meir om sjølve spelskapingsprosessen, for ved sidan av nokre nydelege scener med Edmund McMillen er det lite av akkurat det. Men, det er ikkje det denne dokumentaren har satt seg fore å fortelje. I staden har den lært meg å aldri undervurdere indieutviklarar nokon gong igjen.

Les også: Minecraft – Demonstrerar på enklaste vis kvifor spel kan vere engasjerande

(Artikkelen held fram under biletet)

Tommy Refenes i djup konsentrasjon (Foto: Blinkworks).

Folkefinansiert dokumentar

Indie Game: The Movie er finansert ved hjelp av donasjonar til filmens Kickstarter-side. Inspirasjonen kom frå dei interessante menneska dei møtte på spelmessa GDC i 2009.

Jonathan Blow – skaparen av Braid
Filmen er skoten på lågbudsjett, men ser ikkje naudsynt ut som det. Spegelreflekskamera er nytta godt, og dei har klart å skape eit heilskapeleg uttrykk som er spesielt for filmen.

Fotografane nyttar knyt nære intervjubileter saman med visuelt interessante fyllbileter, og kombinert med veldig passande skjerm- og spelbileter vert det aldri keisamt å sjå på.

Spesielt må eg óg trekkje fram éi scene der video av eit telefon som mottek meldingar åleine klarar å drive spenninga framover. Eg trur ikkje lyden av vibreringa frå ein telefon har hatt så mykje personlegdom nokon sinne.

Les også: Bastion – et sant indiespel

Kanskje litt for nært og personleg

Myten om den sultne, unge kunstnaren er langt frå død – den er berre modernisert. Regissørane James Swirsky og Lisanne Pajot har komt ekstremt nært på desse engasjerte spelskaparane i nokre av dei mest sårbare og stressande periodane i livet deiras.

— Everytime it crashes, it feels like a personal failure, like a deep personal failure
Phil Fish om betaversjonen av Fez

Av og til føler eg filmen er på grensa til å burde vurdere om dei burde beskytte sine intervjuobjekter mot seg sjølv. Kanskje spesielt i scener som den nevnt øverst, det er tydeleg at Phil Fish er på ein mørk stad i livet sitt akkurat då.

Men i hovudsak er det eit fascinerande innblikk i hendingar eg aldri har fått ta del i før, som eg meinar er noko av det viktigaste ein dokumentar kan gjere.

Nei, dette er ikkje gravejournalistikk som kjem til å setje agendaen for nyheitsbiletet den komande månaden, men det er så veldig, veldig engasjerande.

For øvrig, Fez vart til slutt publisert, og det til jamnt over god applaus frå spelverda. Heldigvis, må ein kanskje seie, for Phil Fish sin del.

Les også: Fez – Nostalgisk spel med ein moderne vri

Indie Game: The Movie er tilgjengeleg i DRM-fri nedlasting eller streaming på filmens nettside, over iTunes, eller i ein eigen applikasjon på Steam.

Om FILMEN

Indie Game: The Movie
  • Indie Game: The Movie
  • Slippdato: 12.06.2012
  • Regi: James Swirsky og Lisanne Pajot
  • Utgiver: Blinkworks
  • Sjanger: Dokumentar