Bøkene til Jules Verne har inspirert mange eventyr opp gjennom tida, og for ei spesiell gruppe mennesker – The Vernians – betyr det litt meir. Dei er nemleg meir enn andre overbevist om at Jules Verne sine historier er høgst reelle. Familien Anderson i Journey 2 – den mystiske øya er ein slik familie.

Borte er Brendan Fraser frå den første filmen, i staden har Dwayne «The Roc.. nei stemmer det, han heiter ikkje det lenger» Johnson teke over som eks-marine-stefar Hank for 17 år gamle Sean Anderson (Josh Hutcherson). Denne gongen er han på jakt etter Den mystiske øya frå Vernes bøker.

For å tekkast det han antek er gutens fantasiar (veit han ikkje om hendingane i den første filmen?) vert han med til Palau i Stillehavet for å vise han at det ikkje er noko hemmeleg øy i det området. Óg – overrasking! – sjølvsagt er det ei øy der.

Og – overrasking! – den er i ferd med å synke!

Fargefull verd, farefull ferd

Regissør Brad Peytons førre film var Som hund og katt: Kittys hevn, og filmen kan på mange måtar minne om den. Ei barnleg, fargefull verd utan særleg djupn, med til dels artig kamerabruk i actionsekvensar.

Ein del av actionscenene fungerar også her ganske godt, især ei scene der gigantiske fuglar jaktar på våre heltar som sit på ryggen til gigantiske bier. Det er tydeleg at dette er den mest gjennomarbeida delen av filmen.

Verda rundt dei er óg vakker, og har nok henta mykje inspirasjon frå Vernes bøker og illustrasjonar. Noko av den lokale faunaen er litt mekanisk i rørslene, men den har i det minste fine fargar!

Då er det berre synd at resten av filmen rett og slett ikkje held mål.

Gjett om dei vert kjæraster da. Gjett da. Gjett. Éin. Gong (Foto: SF Norge).

Openbart ein barnefilm

Manuset er fullt av éindimensjonelle pappfigurar. Me heier på vår helt Sean, som sjølvsagt får filmens utkåra, Kailani (Vanessa Hudgens). Kontrasten mellom den tøffe farsfiguren Hank, og den pinglete pappaen Gabato (Luis Guzmán) er pinleg. Sukk, eg saknar tida då Guzmán spelte kule skurkar.

Og så har me Michael Caine i rolla som bestefar Anderson som får lov til å hakke på dei han vil fordi han er ein gammal, kul bestefar.

Journey 2… er ein slik film folk snakkar om når dei nevner filmar som hovudsakleg nyttar 3D-en til å «kaste ting mot deg i salen».

Har du ikkje alltid sakna ei scene der Dwayne Johnson skyt bær mot deg med brystmusklane sine? Vel, då er dette filmen for deg (sjå filmklippet til høgre, seriøst, gjer det no).

Perforert plott

Plottet er like perforert som ein vestlandsveg i vårtining.

Eg skal ikkje sitje her og late som om det er imponerande å finne alle dei logiske bristane i ein barnefilm, men når ein film har eit så openbart fokus på vitskap – alt frå øybiologi til tektoniske plater – så tykkjer eg at dei kunne ha hatt litt meir belegg for det som hender i filmen.

Det er jo til dømes litt rart at alt det merkelege dyrelivet og ruinane på øya vert opprettehald, sjølv om den vert totaløydelagd og synk til botnen kvart 140. år.

Koseleg

Det er tydeleg at skodespelarane i Journey 2… har kosa seg, men eg skulle berre ynskje at manuset holdt følgje med stjernene som skulle presentere dei.

I staden har me fått eit platt manus med fargesprakande presentasjon. Artig for ungane? Kanskje. Men ellers er det ei middelmådig filmoppleving.

Dog, øybiologiens under har no gitt meg video av elefantar i kvalpestørrelse. Det skal den ha skryt for. Sjå da, sjå så søt!

Om FILMEN

Journey 2 – den mystiske øya
  • Journey 2 – den mystiske øya
  • Slippdato: 15.06.2012
  • Regi: Brad Peyton
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: Journey 2: The Mysterious Island
  • Sjanger: Action, Barn, Eventyr, Komedie