Moonrise Kingdom-lydspor

  • Justice League
  • Gruppe med DC Comics sine beste superheltar
  • Oppstod først i teikneserien The Brave and the Bold i 1960
  • Medlemssamansetninga har vore ulik opp gjennom åra, men DCs største – Supermann, Batman, Wonder Woman, Green Lantern og Flash – er som oftast med

Etter alt å døme er det storsuksessen til Marvel-filmen The Avengers som er årsaken til at Justice League no er lagt på bordet igjen hjå Warner Bros.

Les også: Ny Rekord for The Avengers

Variety melder i dag at manusforfatter Will Beall (Castle, Gangster Squad og den annonserte femte Dødelig Våpen-filmen) er kopla opp mot prosjektet, og skal skrive eit manus.

Gammalt prosjekt – ny glød

Dette har vore ein film som har romstrert rundt i gangane i mange år allereie. Alt i 2007 var det snakk om å gjenopplive DC-universet på film, men budsjettproblemer, manusforfattarstreik – samt Christopher Nolans Batman-suksess – har satt eit hinder for filmen.

Det førre manuset var meint til å ha Armie Hammer som Batman, Megan Gale som Wonder Woman og Adrien Brody som The Flash, så no er det berre å starte spekulasjonane rundt kven som vil få dei nye rollene etter at Christian Bale legg kappa på hylla.

Med tanke på Beales fortid i TV-serien Castle, er det lov til å ynskje seg Nathan Fillion som Green Lantern – homo eller ei?

Oppdatering: I tillegg har folka bak Green Lantern blitt hyra inn til å skrive både ein Wonder Woman- og ein The Flash-film, noko som kan tyde på at det er snakk om ei full opprusting av DC-universet. Ettersom Green Lantern ikkje var det heilt store, tillat meg å vere litt skeptisk.

Kva superheltar tykkjer du bør vere med i ein ny Justice League-film?