I actionkomedien 21 Jump Street spelar Channing Tatum og Jonah Hill politimenn som går undercover på ein lokal high school.

I anledning premiera møtte Mona B. Riise hovudrolleinnehavarane Channing Tatum og Jonah Hill for ein prat om filmen, og deiras eiga oppleving av high school:

Eminem er fantastisk, men ikkje når du prøver å sjå ut som Eminem. (…) I filmen ser det absurd ut, men folk kledde seg faktisk slik – eg kledde meg slik!

Kriss Kross med sin signatur-outfit: Kleda bak-fram (Foto: Columbia Records).
Kriss Kross med sin signatur-outfit: Kleda bak-fram (Foto: Columbia Records).
Hill meinar at han på trass av dette var ein kul fyr på vidaregåande. Tatum trumfa samtalen ved å fortelje kor lite kul han sjølv var:

— Du kledde deg kanskje som Eminem, men eg gjekk kledd som Kriss Kross (rapgruppe kjend for å kle seg bak-fram i kleda sine – journ.anm.)

Les også: 21 Jump Street: — Scorer ganske høyt på latterskalaen!

Personleg erfaring med sykkelpoliti

I motsetning til TV-serien frå 80-talet med same namn spelar Tatum og Hill sykkelpoliti i 21 Jump Street. Dette er på grunn av ei oppleving Jonah Hill hadde med sykkelpolitiet på vidaregåande:

— Dei vart så makteslause fordi dei ikkje kunne få tak i ein bil som kunne køyre oss vekk. Eg syntest alltid at det var hysterisk artig, så det er morosamt at eg no – 15 år seinare – kler meg i noko på grunn av den hendinga.

— Eg likar den på grunn av hanskane, avbryt Tatum.

Hill er samd: — Ja, dei er ganske freshe.

— Overraska over at ingen vart skotne

Channing Tatum har spela i actionfilmar før, og skryter av Jonah Hill sine skyteferdigheiter. Våpensikkerheita hans er han derimot meir usikker på:

— Han er bokstaveleg talt den farlegaste mannen eg veit om i nærleiken av ein pistol.

Dette manifesterte seg i filmen gjennom fleire scener der dei leikar seg ved å kaste på pistolane sine, inspirert av Hills mange krumspring med lada våpen under innspelinga av filmen.

— Eg lovar at eg aldri skal plukke opp ein tilfeldig pistol.

21 Jump Street har premiere i dag, 15. juni. Sjå traileren under, eller videoanmeldinga til filmen her.