Nintendo-president Satoru Iwata var tydelegvis ikkje nøgd med å vere den siste av dei store presentatørane på E3. Difor har dei laga ein liten snikkikkvideo før tysdagens store presentasjon (du kan sjå videoen i botnen av saka).

— Det handlar om å lage noko unikt. Målet er at de skal tenkje «det var sanneleg unikt» eit par gongar gjennom denne presentasjonen.

Les også: Det me gleder oss mest til på E3 2012.

Ikkje «samla, åleine», men «saman, betre»

Nye teknologiar har gjort livet lettare, men det har kanskje minska nærleiken mellom mennesker i større grad. Kor ofte sit ein ikkje med kvar sin dings i sofaen utan å naudsynt snakke saman? Eksempelet Iwata nytta var boka Alone Together som skriv om akkurat denne problematikken.

Iwata seier at dei med Wii U har fokusert på å gjere stova til eit «leikerom» igjen, anten dei er i same rom, eller ulike stader.

— Sjølv om du er åleine i di eiga stove, skal du ikkje kjenne deg einsam, lovar Iwata, og visar ein noko uvanleg spelreklame av ein ungdom som videochattar med bestefaren sin for å løyse ei oppgåve i eit zombiespel (sjå videoen under, eller ca. 12:40 ut i videoen i botnen).

— Eg trur me alle kan einast om at det var litt spesielt.

Du har så rett, Iwata:

Både hardcore- og familie-spelarane?

Wii Pro Controller – for hardcore-spelarane? (Bilete: Nintendo)
Videoen kan tyde på at Nintendo prøver å få tilbake ein av sine «tapte» målgrupper, hardcore-spelarane.

Familie- og casual-spelarane har dei nok i lomma, men eit zombiespel spelt av ein 20+-årig mann er nok ein flørt med dei som kanskje har gitt opp Nintendo til fordel for dens kraftigare konkurrentar.

I tillegg lanserte dei sin Wii Pro Controller – som er mistenkjeleg lik Xbox-kontrolleren – for det Iwata kalte «lengre spelsesjonar».

Kanskje framtida ikkje er utelukkande rørslekontrollert like vel?

Les også: Anmelding av Mario Tennis: Mario-spel utan Mario-særpreg

Online-funksjonar

Den store onlinefunksjonaliteten til Nintendo Wii U kallast Miiverse. Heimskjermen din vert ikkje berre fylt av din eigen Mii, men av veners og andre spelarar i same land som deg. Her kan du sjå kva dei spelar, og kva dei synest om spela sine, gjennom tekst- og bilete-beskjedar og Mii-andletsuttrykk.

Miiverse kan óg opplevast på mobilen din. (Bilde: Nintendo)
Det meste av Miiverse-systemet verkar like vel å vere browserbasert, slik at ein til dømes kan sjekke kva venane sine spelar og kommunisere med dei frå mobiltelefonen eller datamaskina.

Dette er eit interessant grep for Nintendo, som til no har vore veldig oppteken av å låse spela sine utelukkande til Nintendo-systemer. Med til dømes Facebook- og Twitter-integrering vil folk ete dette opp som det var japansk sukkertøy.

Håpet mitt om å få spele Pokémon-spel på mobiltelefonen min blussa med eitt litt opp igjen.

Det er óg interessant at Wii U Gamepaden kan nyttast som fjernkontroll. Kanskje Nintendo følgjer sine to hovudkonkurrentar, og gjer spelmaskina meir til ei underhaldningsmaskin med mediasenter?

Fleire lovnadar til tysdag kveld

Iwata hyper ikkje akkurat spelkonsollen sin mindre når han lovar fleire spel på pressekonferansa (klokka 18.00 tysdag kveld, norsk tid). Me er blant anna lova eit nytt Mario-spel, og i tillegg vil eg sjå meir av Super Smash Bros-spelet som dei såvidt viste i fjor!

Me fekk óg sjå fleire eksempel på ulike skjermar for spelarar i det same spelet, som verkar å vere ein av tinga Wii U leikar seg mest med.

Så gjenstår det berre å sjå korleis Nintendo har tenkt å unngå den uunngåelege flommen av teikna kjønnsorgan frå Wii U-en sitt teiknebrett. For å sitere Youtube-brukaren cheesytrojan:

— Eg gledar meg til eg kan teikne penisar og sende dei til venene mine. Det vert god, gammaldags, umoden moro. High five for edlere deler!

Les alle Filmpolitiets E3 2012-saker.

Sjå heile Nintendo-sniktitten her

Har du trua på Wii U?