Spelet Pippi Langstrømpe er – ikkje overraskande – basert på Astrid Lindgrens historier om den raudhåra kraftpluggen. Og der sluttar eigentleg den største appellen til dette spelet.

Det er ikkje så mykje historie å ta tak i. Du har fått eit brev frå din far, sjøkapteinen, og no kan du gå rundt i området der du bur. Spelets gang er spreidd ut over tre hovudområder: Pippis nabolag rundt Villa Villekulla, den nærliggande byen, og til slutt eit omreisande sirkus.

Desse områda er framstilt i fugleperspektiv, og er tilgjengeleg for Pippi – og etter kvart Herr Nilsson som hjelpefigur – til å spasere rundt i.

Diverre er det einsformig, og kjennest mest ut som det kunne ha vore ei kva som helst jente med ein hest – men denne gongen er det tilfeldigvis Pippi.

Einsformig

Spelet er veldig enkelt oppbygd. I all hovudsak tek ein kun nytte av joystick, A-knappen for å interagere med objekter rundt deg, og B-knappen for å hoppe. For å auke forståinga til små born er óg det meste av kommunikasjon framlagt som ikoner i snakkebobler.

Oppdraga du får i spelet er stort sett ein eller anna form for henteoppdrag: Samle epler til Lille Gubben, vatne blomar eller – og gå tilbake å få belønninga si i form av pengar.

Pippi Langstrømpe (Bilde: Panvision).
Pippi Langstrømpe (Bilde: Panvision).
Pengane nyttast hovudsakeleg til å låse opp dører til neste del av brettet. Som minispel har ein i tillegg ein spelversjon av «Gulvet er lava», ein slags barnevariant av «Capture the Flag» – med kvalpar og kaker – og modusar som går ut på å fange flagg eller godteri på kortast mogeleg tid. Alt dette frå det same perspektivet.

Den einsformige framstillinga kan nok forsvarast med at spelet er meint for dei aller yngste spelarane, men her kjennest det mest som om dei undervurderar målgruppa si.

Norske Ravn Studios har solgt mykje av sine førre spel basert på norske merkevarer for born, og har nok funne ut at dette er ein artig måte å hedre heltar på. Men der til dømes Flåklypa Grand Prix for Nintendo DS var eit mangfaldig spel med fleire artige spelmodusar går eg raskt lei Pippis verd.

Les også: Super Mario 3D Land: Mario-spelet 3DS-en har venta på

Svak tilknyting til universet

Med unntak av Pippi sjølv er det ikkje så mykje som knyter spelet opp til Lindgrens fantastiske univers. Ingen Prusseluskan, ingen Kling og Klang og så vidt inntog av Tommy og Annika.

Samhandlingar er kraftig forenkla (Bilete: Panvision).
Dei fleste karakterane ein samhandlar med er ikkje anna enn animasjonar plassert i verda du spaserar rundt i, dei er statiske figurar med eit spørjeteikn over hovudet og ein forespørsel – ingen personlegdom.

Det kan sjå ut som om utviklarane – i jaget etter å gjere verda enkel å skjøne – har overforenkla det i for stor grad, og ikkje holdt på universets særeigenheiter.

Blodfans vil alltid ha glede av noko med rett namn på, men her er det for blodfattig for meg. Att står eit spel med om ei jente med ein apekatt og ein hest, som tilfeldigvis har namnet Pippi Langstrømpe.

Les også: Mario Tennis Open: Mario-spel utan Mario-særpreg

Utnyttar ikkje DS-ens potensial

Kanskje det er nettopp fordi spelet er gitt ut på Nintendo DS at eg er mest skuffa. På ei maskin med så mange mogelegheiter for artig interaksjon mellom spelar og spel er det merkeleg at ein ikkje i større grad utnyttar touch-skjermen eller for den del, mikrofonmogelegheitene.

Touch-skjermen – som er ein av DS-ens fremste funksjonar – vert nytta sporadisk for å endre kartstørrelse eller kun for å vise sekundærinformasjon.

Som ein mindre iPhone-app eller eit online-spel hadde Pippi Langstrømpe vore heilt ok. Men som eit Nintendo DS-spel til fullpris meinar eg rett og slett at det ikkje er verdt å kjøpe.

Pippi Langstrømpe har ein fleirspelardel der ein kan spele dei ulike minispela mot venene sine. Denne meldinga er basert på enkeltspelardelen.

Om SPILLET

Pippi Langstrømpe
  • Pippi Langstrømpe
  • Slippdato: 19.05.2012
  • Utgiver: Ravn Studio
  • Plattformer: Nintendo DS
  • Sjanger: Barn