Når eit spel klarar å gi meg dårleg samvit for at eg får den glade trophy-lyden etter ei fæl hending, så har det iallfall klart å gjere noko riktig.

Spec Ops: The Line klarar å problematisere krig, og set deg i vanskelege moralske dilemma der ingen er gode eller onde. Det er berre synd at resten av spelet ikkje er like godt.

33. skvadron – The Damned – er «missing in action» i Abu Dhabi. Området er fullstendig øydelagd av sandstormar, og bataljonen – leia av krigshelt og oberst John Konrad – var meint å oppretthalde orden der etter at rikmannsklassen hadde trekt seg ut.

Vår helt, kaptein Martin Walker, og hans to medsoldater er sendt til området for å finne ut kva som hendte med Konrad og resten av crewet hans.

Eitt hint: Det er ikkje pent.

Spelet er i utgangspunktet eit tredjepersons skytespel. Som kaptein har du óg mogelegheita til å gi enkle kommandoar til dine medspelarar.

Er du truga av ein høgt plassert sniper, få din medsoldat til å betale tilbake med same mynt. Grupper med soldatar kan takast med granatar av din andre medsamensvorne medan du får tilbake sårt tiltrengd helse. Eller du kan ta knekken på dei sjølv, som stort sett fungerar like bra.

I sandens vold

Eit anna av spelas hovudpunkt er sanden som kan nyttast taktisk. På den eine sida har ein sanddyner støtta opp av store vindauge som ein med velplasserte skot kan sleppe som ei bølgje over fiendane dine. På den andre sida har ein tilbakevendande sandstormar som ein kan utnytte for å forvirre og forbigå motstandaren. Sistnevnte skal visst nok dukke opp tilfeldig, men dei verka å kome den same staden når eg prøvde å reloade spelet. Tilfeldig eller ikkje, det ser iallfall bra ut!

(Meldinga fortset under bileta)

Solfylt, men ikkje akkurat koseleg (Bilete: 2K Games).

Sand i trusa er ikkje ein feature (Bilete: 2K Games).

Abu Dhabi er eit fantastisk bakteppe til ei historie som dette. Me har sett både tredjepersonsskytespel og katastrofeområder før, men knappast så visuelt slåande som dette. Utviklar Yager Development har heldigvis omfamna fargane i området og gått vekk frå «gråbrunt og gritty» som gjerne kjenneteiknar denne typen spel.

Om du ikkje er like begeistra for det fargefulle som meg, så finst det ei redning: Spelet har nemleg tre filter-settingar som går frå litt nedtona til sterkt levande fargar.

Kontroll på kontinentet

Det er lite med styringa i dette spelet som er særleg nyskapande, og alt i alt kjennes det ut som om Yager har prøvd å ta minst mogeleg sjanser på kontrollane. Andelen granatar og våpen som er fordelt ut over bana er såpass rikhaldig at du sjeldan vert utfordra med tanke på ressursar. Det hadde vore artig å sjå kva eit spel som dette kunne ha gjort med fleire begrensingar.

Klønete dekningskontroll trekkjer ned (Bilete: 2K Games).

Ellers er dekningsmekanismen det minst vellukka i spelet. Det går greit å gå i dekke, og skyte derfrå, men å røre seg fram og tilbake – eller løpe vekk om ein granat skulle kome din veg – vert ofte ei klønete affære.

Lineært

Framdrifta i spelet kan minne om Uncharted-serien (hjulpe litt av at både Nathan Drake og Martin Walker er stemmelagt av Nolan North). Fritt spelerom for spelaren er valgt vekk som offer for cinematiske og litt oppstilte områder – og ein flom med kompetente fiendar.

Uncharted 3: Drake’s Deception: Nathan Drake er vår tids Indiana Jones

Det ser flott ut, men fleire valgmogelegheiter hadde alltid vore gøy. Dei fysiske stivalga i spelet begrensar seg til at dei fleste banene har ein stad ein kan trekkje seg til for å flankere fienden. Idet ein innser dette vert spelet hakket lettare.

Ein del psykologiske valg er det likevel; skal ein ofre lokalbefolkning til fordel for amerikanske soldatar? Bør ein skyte den misleidde ungguten eller late han dra tilbake til sine meiningsfeller? Det skal ikkje vere lett.

(Meldinga fortset under biletet)

Eit djupdykk i Dubais undergrunn... og i vår helts psyke (Bilete: 2K Games).

War is hell

Det er ein klisjé, men krig er eit helvete. Det er her Spec Ops: The Line skiljer seg frå dei fleste større skytespel. Både krigen og soldatars handlingar vert problematisert. I spelet – som i krig ellers – er det ingen ekte heltar, og ingen ekte skurkar.

Utan å seie for mykje kan eg røpe at spelet er ei modernisering av Heart of Darkness skrive av Joseph Konrad (obert John Konrad er nok ein hyllest til forfattaren), boka som den eminente krigsfilmen Apocalypse Now er basert på. Spec Ops: The Line er ikkje like skjellsetjande som filmen, men Yager tek med seg dei rette elementa frå opphavsmaterialet og klarer å gjere noko interessant med mediet den har fått utdelt.

(Anmeldinga fortset under traileren)

Ekte realisme

Ved eit høve i spelet skamma eg meg faktisk litt etter å ha fått eit trophy etter å ha bivåna og teke del i ei grusom handling. «Uff, fekk eg verkeleg poeng for det der?». Då meiner eg at spelet har klart det det var ute etter – å så tvil om krigens heider og ære, og å vise at krig faktisk ikkje berre er «pang, pang, og respawn når du dør».

Les også: Hvorfor er krigsspill utelukkende underholdning?

Eg har nytta nok tid i Battlefield og Halo til å setje pris på underhaldningssida av det, men det er spanande å sjå denne vinklinga på krig i spel. Eg fryktar at dette er betrakteleg meir røyndomsnært enn spela som fokuserar på å ha realistiske våpen.

Det er den sterke historia som reddar eit ellers «godkjent» spel opp til ei anbefaling. Hadde kontrollane fungert like godt som historia kunne dette ha vore årets actionspel for min del. Dette er det nok det næraste ein kjem Apocalypse Now i spelform.

(Anmeldinga er basert på Playstation 3 på enkeltspillerdelen.)

Kvifor er ikkje fleire krigsspel meir enn berre underhaldning?

Om SPILLET

Spec Ops: The Line