Siden 2007 har Valve sluppe dei såkalla Meet the Team-videoane, som presenterer dei ulike figurane ein kan spele i Team Fortress 2. Nyleg slapp dei den siste videoen i rekkja, Meet the Pyro, som avslutta eit langt kapittel og det som viste seg å vere slutten av ein lang promoteringsteknikk fram mot Valves nyaste skot på stammen: Source Filmmaker!

Source Filmmaker er verktøyet som Valve sjølv har nytta for å lage Meet the Team-trailerane, og over 50 andre kortfilmar, deriblant trailerar for Left for Dead og dei to episodane av Half-Life 2. Source er namnet på grafikkmotoren i desse, og dei fleste andre, Valve-spela.

No skal dette verktøyet bli sluppe til fansen som gratis programvare gjennom Valves distribusjonsplattform, Steam.

Lær deg animasjon – utan alle dei keisamme delane

Ein lettvariant av dette verktøyet har alt vore i Team Fortress 2, men no skal heile verktøyet altså sleppast.

Dette betyr at ein no kan lage 3D-animasjon utan dei meir tidkrevjande delane av denne prosessen, som rigging og spesialeffektmaking. Samtidig kan det nok fort bli ein veg inn i 3D-animering for dei (som meg) som aldri orka å lære seg desse tinga ordentleg.

— Målet med Source Filmmaker var å utvikle eit historieforteljingsverktøy som tillot oss å lage dataspelfilmar meir effektivt, og med større kreativ fridom, seier Bay Raitt – designer i Valve – i ein video sluppe av selskapet.

Les også: Gabe Newell: — Ingen Half-life-film uten oss

Kvifor?

Valve slepp dette som ein community-byggjar, men sjølvsagt óg som eit ledd for å selgje fleire av spela sine. Interessant nok, så har ein faktisk lov til å tene pengar på videoar laga i programmet, så lenge ein ikkje nyttar nokre av Valve sine 3D-modellar.

Resultatet av dette er nok først og fremst ein heil masse dårlege Youtube-videoar, men med tanke på kva Valve sjølv har fått til med verktøyet er det ikkje umogeleg at me kjem til å få nokre heilt fantastiske filmar óg.

Når ein kan lage så artige ting som videoen under, ser eg iallfall ikkje nokon grunn til ikkje å prøve det, spesielt om ein har sansen for Valves artige univers.

Eit knippe videoar laga av Valve i Source Filmmaker:

Source Filmmaker er foreløbig i lukka betaversjon. Du kan finne ut meir om verktøyet på prosjektets nettsider.

Er dette noko du kunne ha tenkt deg å bruke?