Suksessen til The Avengers har ikkje berre blussa opp under ei rekkje Justice League-filmar, no har Columbia Pictures (Sony) igjen satt i gang prosessen med eit univers av figurane dei eig.

Rett nok er Spider-Man og «vennene hans» Marvel-figurar – på same måte som Iron Man og dei andre i The Avengers – men dei har sidan 2002 vore eigd av Sony, som er nødt til å nytte rettigheitene aktivt for å behalde dei (dette forklarar kvifor Ghost Rider 2 eksisterar).

Les også: The Avengers er den fjerde filmen i historia til å tene 500 millioner dollar

Gjenskape Venom

Først og fremst vil dei gjenskape livet til Eddie Brock – betre kjend som Venom, erkefienden til Spider-Man. Han er i symbiose med ei livsform frå verdsrommet som vekslar mellom å vere ond og snill.

Venom, slik han oppstod frå Eddie Brock i The Amazing Spider-Man #299

Dette skal gjerast gjennom ein eigen film som etter alt å døme ikkje skal innehalde Spider-Man sjølv. Til Hollywood.com seier produsent Avi Arad:

— Utan å fortelje for mykje prøver eg å seie at desse verdene vil leve saman i fred ein dag.

Josh Trank, regissøren av herlege Chronicle vart klar som regissør for Venom allereie i mars, som foreløbig er planlagt å kome «i framtida ein gong».

— Det som før var pseudovitskap har no blitt vitskap. Alle nyheitene om edderkoppspinn og kunstig edderkoppsilke er ein industri no.

— Spindelvev har unike eigenskaper som kan bli kjempestort for kommunikasjon, fiber, og så vidare. Så me har teke den vinklinga og funne ut at me vil lage ein fantastisk film om Eddie.

Glad i Spider-Man? Stem han fram i Filmpolitiets kåring av Verdas Beste Superhelt

Opnar for crossover med The Avengers

På Comic-Con tidlegare i år svara Avi Arad blankt nei til å få med Spider-Man i Avengers-universet, men på ei pressekonferanse nyleg opna han like vel for at det kunne hende. Mon tru om The Avengers sin massive suksess kan ha noko med det å gjere:

— Alt er mogeleg, seier han til Craveonline. — Om noko slikt hender er det flott for Disney og flott for oss, dersom den rette historia kjem inn.

Eg har trua på Josh Trank i regissørstolen, men berre for å minne deg på kor dårleg dette i verste fall kan bli: dansing frå Spider-Man 3 – til skrekk og åtvaring:

Kva trur du om ein eigen film for Venom?