I byen Tuscaloosa i delstaten Alabama hadde det lokale kulturrådet gått til innkjøp av den norske filmen Få meg på, faen, og ante vel eigentleg fred og inga fare då visninga nærma seg.

Det var før pastor John Kearns ved Christ Harbor Methodist Church kom inn i biletet. I følgje AL.com (via Comoyo Filter) kontakta han kultursenteret etter å ha sett reklame for filmen, og ba dei ta den av plakaten:

— Den er ikkje i takt med samfunnet vårt sine verdiar, melder han. — Tittelen er ein ting, og temaet er noko anna. Eg følte at både tittel og tema var upassande for vårt fellesskap.

Anmelding: Få meg på, for faen — Famlende følelser formidlet fint

Økonomisk press

Den amerikanske plakaten for Få meg på, for faen (Foto: Motlys).
Regissør Jannicke Systad Jacobsen reagerar på utsagnet:

— Reint prinsipielt tykkjer eg det er leit at folk førehandsdømmer ut frå ein tittel og eit tema når dei tydelegvis ikkje har sett filmen. Hadde dei gjort det, så hadde dei mogelegens uttrykt seg annleis, og sett at den faktisk har ein kristen-konservativt bodskap om å vente.

— Det er jo ikkje vår intensjon å støte nokon, og eg opplever heller ikkje at filmen er spesielt støtande, satt opp mot halvnakne Rihanna-platecover, og dets like, seier ho til Filmpolitiet.

Også ordføraren i Tuscaloosa har blanda seg inn i saka ved å pålegge kulturrådet å velgje vekk filmen. I følgje AL.com følte Rebecca Rothman – leiar i det lokale kulturrådet – økonomisk press:

— Kulturrådet mottek finansiering frå byen og omegn. Me er midt i ein stor pengeinnsamling for det nye kultursenteret, og vart satt i ein særs vanskeleg posisjon. Dette set ein vanskeleg presedens.

Lattermild forfatter

Olaug Nilssen, forfattar av boka som filmen er basert på, vert lattermild av situasjonen:

— Eg måtte le litt då eg høyrte dette, men synest først og fremst at det er trist at ein så søt og uskuldig film blir sensurert i USA, særleg dersom grunnen viser seg å vere press om å kutte økonomisk støtte.

Filmen har fått gode tilbakemeldingar i USA, og vann manusprisen på den anerkjende Tribeca-festivalen i fjor. Nilssen har framleis trua på at filmen kan bli vist:

— Eg håpar debatten rundt avgjerda kan føre til at pastoren skjønar at filmen ikkje er så farleg som han fryktar, og at han kan bli vist likevel.

Initiativtakaren til visninga, den lokale såpeforretningskvinna Soapy Jones, seier seg samd. I følgje AL.com har Jones enno ikkje gitt opp å finne ein alternativ visningsstad for interesserte.

— Eg vil ikkje at nokon skal gjere noko dei ikkje vil gjere. Alt eg ber om er at dei ikkje hindrar meg i å sjå den, dersom dei sjølv ikkje vil. Eg er bekymra for kva effekt dette vil ha på kulturmogelegheitene i byen.

Ho avsluttar med:

— Motstandarane er ikkje nødt til å sjå denne filmen. Det er det som er så fint med valgfridom.