I dagdrøyminga si vald har alle ein eller anna gang plassert seg midt i ein romveseninvasjon. Korleis hadde du reagert? Hadde du vore helten som leia an i angrepet, hadde du vore sjåføren, våpenentusiasten eller den som gøymer seg i klesskapet på soverommet til det heile eventuelt er over?

Attack the Block plantar besøket frå verdsrommet midt i dei grimmare sidene av London – der arbeiderklasse-ungdommen til vanleg har meir enn nok å streve med.

Ingen helteaktige politimenn, ingen hemmelege agentar og ingen erfarne romvesenjegarar. Berre «street kids» mot stygge beist frå det ytre rom – ispeidd ein god dose humor.

Og fy flate, så herleg resultatet er.

Inner city limits

I eit shady nabolag i Sør-London er eit gutegjeng på kriminelt fotefar. Etter å ha rana ei ung kvinne vert dei overrumpla av noko som fell frå himmelen og totaløydelegg ein nærliggande bil. Objektet visar seg å vere eit romvesen – det første i ei lang rekkje som fell frå skyene.

Gjengen – som har eit sterkt eigarskapsforhold til sine kommunale høyblokker – bestemmer seg for å beskytte nabolaget frå dei skumle besøkande, beskrivne som «big alien-gorilla-wolf-lookin’ motherfuckers».

Ein naturleg reaksjon, iallfall for ungdom som har dagdrøymd situasjonar som dette mange gongar før.

Les også: Topp 5: Alieninvasjoner

Ein skal ikkje gå i heisen når det brenn, men kva med romveseninvasjonar? (Foto: Atlatntic Film)

Ulmande bodskap

På same måte som at Dawn of the Dead kunne sjåast som ein kritikk av konsumsamfunnet og at Robocop er Jesus, så er Attack the Block ei interessant skildring av kva som gjer nokon til «aliens» og utanforståande – sjølv i sitt eiget samfunn. Det visar òg nokon som plutseleg finn ut at handlingane deiras har konsekvensar.

Bodskapet vert på ingen måte hamra inn, men det ligg og ulmar og gjer det til meir enn berre rein underhaldning, noko eg meiner den har til felles med mange av dei beste action-sci-fi-filmane i verda.

Attack the Block har fellestrekk med Spielbergske «aliens mot ungar»-filmar, men er mindre uskuldig. Her er blod og akutt mangel på innvoller resultatet for dei uforsiktige.

Super 8: Morsom, spennende og hyggelig sommerfilm!

Lyden av London

Fish-out-of-water (Foto: Atlantic Film).
Filmen er spekka med nydelege figurar. Våre fem hovudkarakterar er alle i klassen «vil vere hardcore-gangstarar, men er eigentleg 15 år gamle gutar». Dei fleste hovudrollene har gått til relativt ferske skodespelarar som har fått god regi av Cornish.

Det er forfriskande å sjå ein film der «chav»-ungdom vert portrettert som mennesker, og ikkje berre uforståelege «andre» (endå ein bodskap, kanskje?). Spesielt er eg imponert over John Boyegas rolle som gjengleiar Moses, og måten han viser både dei tøffe og dei mjukare sidene av livet sitt.

For å bryte opp arbeiderklassa gjer Luke Treadaway ei nydeleg rolle som øvre middelklasse-«wiggeren» Brewis som skapar humor i situasjonar mellom dei privilegierte og dei mindre privilegierte i det britiske samfnnet. Nick Frost gjer eit innhopp i rolla han stort sett alltid gjer – ein koseleg, laidback småstoner.

Attack the Block er musikklagt i hovudsak av houseduoen Basement Jaxx, og på same måte som Chemical Brothers i fjorårets Hanna passar den elektroniske musikken ypperleg i både actionscener og meir rolege parti.

Les også: Topp 5: Overlevelsesfilmer

Romvesena kjennest meir handgripelege ut enn i veldig mange andre sci-fi-filmar (Foto: Atlantic Film).

Jordnært

Attack the Block deler mykje av crewet med dei nydelege parodifilmane Shaun of the Dead og Hot Fuzz, men i staden for Edgar Wright er det hans mangeårige kompis Joe Cornish som har teke registolen og skrive manus.

Cornish går litt vekk frå den absurde humoren dei andre filmane har fokusert på, og har ei meir realistisk, jordnær tilnærming – så realistisk ein kan få ein rominvasjon, altså. Dette er ein fin-fin regidebut!

Romvesena har element av datagrafikk, men er i hovudsak skodespelarar i svarte hårdrakter. Dette gjer dei meir handgripelege, og dei kjennest verkelege – iallfall for figurane i filmen.

Attack the Block endar med å bli både ein pastisj på invasjonsfilmen, og eit friskt innslag i den same filmsjangeren.

Rett nok kjem dette frå ein kar som er veldig glad i både action-sci-fi, humor, og britisk film, men eg kjenner faktisk litt irritasjon over at denne ikkje kom på kino i Noreg – på same måte som The Muppets og The Warriors manglande kinodistribusjon. For dette er ein film eg anbefalar på det varmaste!

The Warrior: Ukas beste film går rett på Blu-ray/DVD!

Om FILMEN

Attack the Block
  • Attack the Block
  • Slippdato: 4. juli 2012
  • Regi: Joe Cornish
  • Utgiver: Atlantic Film
  • Sjanger: Action, Sci-fi