Casa de mi Padre fekk meg til å tenkje på nachspiel-idear. Du veit, dei som høyrest fantastiske ut når ein er godt i gassen blant gode vener – men som dagen etter er litt smådårlege?

Til dømes ein idé – høyr då, høyr då! – kva om me laga ein film der me parodierar sånne spanske såpeoperaer, sånne telenovelas, sant? Og så – hahaha – og så snakkar me alle spansk, sjølv om eg knapt kan eit ord spansk!

Det er omtrent slik eg ser for meg at prosessen med filmen starta. Will Ferrell spelar mexicanske Armando Alvarez, ein litt dumsnill bondeson som har arbeida heile livet på faren sin gard.

Når hans narkosmuglande bror (Diego Luna) kjem tilbake til garden, med den vakre Sonia (Genesis Rodriguez), står alles liv plutseleg i fare. Den lokale narkobaronen Onza (Gael García Bernal) likar nemleg ikkje konkurranse.

Artig nok for ein 5-minutters-sketsj, absolutt. Men for ein heil film? Det er eg ikkje så sikker på.

Fyrrig såpeopera

Telenovelas – billege, spansktalande såpeoperaer – er ein institusjon på det amerikanske kontinentet. Dramafaktoren i Hotell Cæsar er ingenting samanlikna med dei dramatiske, fyrrige latinoane og deiras teatralske framføringar.

Plotta – og faktisk også plott-tvistane – er kanskje like openbare som eit fjell, men pene skodespelarar og jakten på trash-tv tiltrekkjer like vel sjåarar i fleng.

Det er denne kulturelle mastodonten som Ferrell, regissør Piedmont og resten av Saturday Night Live-laget har valgt å parodiere.

Det er jo noko morosamt her, men det er for langt mellom latteren (Video: Star Media Entertainment).
Med unntak av Will Ferrell er størstedelen av galleriet sør-amerikanske, og fleire av dei har faktisk telenovela-erfaring.

Mexicos mest framtredande skodespelarduo i Hollywood dei siste åra, Diego Luna og Gael Garcìa Bernal, har to av dei største rollene i filmen. Kjemien mellom desse to – som spelar erkefiendar – fungerar fin-fint.

Ferrell går inn i alle roller – seriøse som useriøse – med same iver, og spelar med den same teatralske haldninga som sine mexicanske motspelarar. Det er platt og pompøst, men det skal det då òg vere, det er ein del av universet.

Anchorman: The Legend of Ron Burgundy: Deilig og befriende absurd film!

Feil – med vilje

Men det er ikkje berre i framføring og skodespel den hermar etter sør-amerikanske såpeserier. Den etterapar også B-film-lågbudsjettsuttrykket.

Her får du malte bakgrunnar – som i Bonanza – og billege projiserte bakgrunnar. I nokre scener har dei verkeleg lagt seg i selane for å gjere kontinuitetsfeil som ikkje stemmer overeins.

Drinkar vert bytta, telefonrøyr vert lagt på fleire gongar – og eg er viss på at Diego Luna i ei scene skal sjå ut som han er i eit anna rom enn scena eigentleg foregår. Alt dette er sjølvsagt med vilje, og er artig, men det er ikkje nok til å halde filmen spennande.

Romantiske tablå og ferdigmalte bakgrunnar. (Foto: Star Media Entertainment)
Romantiske tablå og ferdigmalte bakgrunnar. (Foto: Star Media Entertainment)

Mistar piffen

Filmen er lovande i starten, men mistar all piff etter den første buzzen har lagt seg. Mitt inntrykk av at den hadde vore mykje betre som ein sketsj i SNL eller på Ferrels eiga side – funnyordie.com – vert eigentleg meir og meir gjeldande etter kvart som slutten nærmar seg.

Eastbound & Down – sesong 1: Pupper, banning og knusing av ruter

Om du var av typen som forguda MacGruber – SNLs MacGyver-parodi – for andre ting enn rein 80- og 90-talsnostalgi – kan det vere du har noko å finne her.

For meg har desse to filmane har mykje til felles: Eit småartig konsept, men gjennomføring med tung hand, og for få latterutbrot til å spreie ut over halvanna time med film.

Min evige venten på noko som kan måle seg med Anchorman held fram.

Om FILMEN

Casa de mi Padre
  • Casa de mi Padre
  • Slippdato: 04.07.2012
  • Regi: Matt Piedmont
  • Utgiver: Star Media Entertainment
  • Sjanger: Komedie