Den 11. juli har The Amazing Spider-Man premiere på norske kinoar. I den anledning møtte Mona B. Riise Emma Stone og Andrew Garfield i L.A. for å snakke om kva forhold dei to skodespelarane har til rollene sine.

Emma Stone beskriver Spider-Man som ein eigentleg ganske vanleg fyr:

— Det er noko med Spider-Man som gjer han annleis enn alle andre superheltar. Han er ein tenåring og ein underdog, og han er veldig, veldig menneskeleg.

— Saman med Hulk er han nok den mest menneskelege av superheltane, sidan han berre er ein foreldrelaus gut, oppfostra av tanta og onkelen, og på jakt etter ein farsfigur i livet sitt.

Ho meinar at ikonstatusen hans er befesta i nettopp dette, at ein heilt vanleg ungdom vart skjenka superkrefter, sidan alle føler at dei kan relatere seg til han.

Les også: Andrew Garfield om Spider-Man: — Han er lett å relatere seg til

Spider-Mans to kjærleikar

Mange vart overraska over at Emma Stone, som er velkjend for sitt raude hår, skulle spele Gwen Stacy og ikkje Mary Jane Watson – ein klassisk teikneserie-redhead. Stone er veldig bevisst på ulikskapane mellom dei to figurane.

— Kva er skilnaden på Gwen og Mary Jane?

— Mykje, bryt Stone ut. Dei er eigentleg som yin og yang, totalt ulike, sånn med unntak av at dei er forelska i same gut.

I teikneseria var Gwen Stacy Spider-Mans første kjærast. I motsetning til Mary Jane er ho frå byens betre strøk og oppvaksen i ein stabil familie. Far hennar, politisjefen (spela av Denis Leary i filmen), er ein av Spider-Mans tidlege kritikarar.

Når det gjeld spørsmålet om kven av dei to som er Spider-Mans største kjærleik er det vanskeleg å svare:

— Sidan Gwen har ei bestemt skjebne i møte er det vanskeleg å seie kva som kunne ha blitt, så verda får aldri vite det.

Les også: 4-minutters sniktitt på The Amazing Spider-Man

Gwen Stacy var Peter Parkers første kjærast (Foto: The Walt Disney Company Nordic)
— Surrealistisk

Britiske Andrew Garfield gjorde eit namn for seg sjølv i rolla som Eduardo Saverin i The Social Network, men å få rolla som sjølvaste Spider-Man har han drøymd om sidan han var gutunge:

— Eg har elska han sidan eg var tre år gammal, og kjærleiken for karakteren har berre vokst og vokst med åra. Det kjennest ganske surrealistisk å vere involvert i figuren på denne måten.

Garfield ser likskapar mellom seg sjølv og Peter Parker. Båe var radmagre ungdommar som følte seg som underdogs medan dei vaks opp.

— Han syntest det var vanskeleg å vakse opp, han syntest det var vanskeleg å finne seg sjølv. Han gav seg sjølv skulda for problema sine, eg gav meg sjølv skulda for problema mine. Det er mange ting. Og det er difor eg trur at han, universelt, er så lett å relatere seg til fordi han er ein så ærleg figur.

— Så trur du Spider-Man har hjulpe deg på nokon måte?

— Åja, så mykje. Eg trur det er det beste kunst kan gjere. Det strekkjer ut ei hand og beroligar deg, seier ‘Du er ikkje åleine, dette har hendt med andre før, mange kjenner det på same måte som deg!’

Den første i ny trilogi

Sony Pictures har etter ei god opningsveke for filmen gått ut og sagt at dette er den første i ein ny trilogi om Spider-Man.

Dette til trass for at den ikkje slo nokre av salgstala til den førre Spider-Man-trilogien med Sam Raimi bak spakane. Spekulasjonane om denne relanseringa er for tidleg held dermed fram.

Me kan med andre ord vente oss to filmar til frå Peter Parkers New York, og mest sannsynleg fortsetjinga på Peter Parkers forhold til Gwen Stacy, og skjebna ho har i vente.

Lat oss berre håpe at me slepp meir dansing frå emo-Spider-Man.

Spider-Man 3: Regissør Sam Raimi er i ferd med å miste grepet

P.S.: Dersom du, som meg, lurar på kva den pussige t-skjorta til Andrew Garfield skal bety, så kan eg avsløre at det er ein ung Michael J. Fox, frå hans første rolle i serien Leo & Me.

  • http://twitter.com/the_ingar Ingar Reinholtsen

    Jeg tror Spider-Mans popularitet beror på at han skyter ut web, hopper rundt som en galning, og er sykt awesome!

  • Kenjh71

    Jeg så filmen sist fredag (i Belgia) , og sier bare at heisekraner er heftige. 

  • http://www.facebook.com/profile.php?id=100002859896752 Sosial Ninja

    underdog hero.