Å kunne manipulere tyngdekraften etter eiga vilje høyrest ut som eit godt utgangspunkt for eit spel. Det er dette Inversion lovar meg, ei verd som kan bli påverka av mine evner til å forandre gravitasjonens makt. Då er det berre synd at utsagnet ikkje heilt har tyngde bak seg.

Davis Russell, ein politikonstabel i den fiktive byen Vanguard, er berre på veg heim for å gi dottera si ei bursdagsgåve.

Ut av – tilsynelatande – intet vert byen angripen av Lutadores, ein framand rase med høgteknologiske hjelpemiddel, som legg heile befolkninga under seg som slavar.

In gravitas

Driven av ønsket om å finne dottera si bryt Davis, og politikameraten Leo, ut av fangenskap.

Til hjelp tek dei blant anna med seg Lutadorene sine Gravlinks, sjølvoppladande verktøy som vert nytta for å manipulere tyngdekrafta.

Med desse kan dei skru av eller skru opp gravitasjonen i eit avgrensa område, noko som kan vere hjelpsomt både for å ta seg av Lutadores og for å kome seg fram i eit krigsherja landskap.

Gears of Gravity

Gears of War-serien er ein openbar inspirasjon for Inversion – i alt frå eit kampsystem fokusert på å gå i dekning bak «tilfeldig» plasserte bilar og veggar, heilt ned til angrepsrifle med overdimensjonert bajonett som hovudvåpen.

Duck, and cover (Bilete: Namco Bandai).

Det einaste som skil seg nevneverdig er sjølvsagt tyngdekrafttriksinga. Og på sitt beste er dette veldig storslått, spesielt i scenene når gravitasjonen vert oppheva i større områder (ikkje på grunn av våpenet ditt). Diverre vert Gravlinken aldri særleg meir enn ein gimmick.

I all hovudsak kan gravitasjonsverktøyet bli nytta til å løfte motstandarar frå bakken slik at dei er lettare å skyte. Større nytteområder, som å lage bruer, eller å øydeleggje vegger for å kome seg fram, kan kun gjerast i spesielle tilfeller. Det er gøy å nytte verktøyet

Hadde ein fått større bruksfridom med Gravlinken hadde det sjølvsagt blitt ein heilt anna type spel (det kunne raskt ha bevegd seg meir i retning av ei open verd som i inFamous), men det er synd at begrensingane er så store som dei er.

Lineært og oppstykka

Gjennom nedraste gater og øydelagde bilar vert du styrt gjennom spelet, med like stort handlingsrom som om du gjekk på line. Ettersom du har eit verktøy som kan oppheve og forsterke ein av naturens fire fundamentalkrefter verkar dette nesten kunstig begrensande.

Spelet er óg prega av mange korte filmsekvensar som skal drive historia framover. Dette er spesielt påtrengande i starten, men vedvarar gjennom heile spelet. Mest sannsynleg er det for å gi historia meir gravitas (pun intended), men i hovudsak øydelegg det flyten for spelet.

Gang på gang vert eg avbroten av liten filmsnutt med ein gong eg føler eg kjem meg inn i spelet. Dette er særs irriterande i lengda!

«Keep movin, bro!»

Med så mykje historiemateriale skulle ein kanskje tru at dei hadde lagt vekt på ei interessant forteljing. Diverre er dette prega av oppbrukte klisjéar og trått stemmeskodespel.

Med uengasjerande stemmer og visuelle stålansikt vert ein aldri særleg fanga av David si desperate jakt på bornet sitt.

Dersom dette er David på sitt mest sårbare, så trur eg han er fantastisk i poker (Bilete: Namco Bandai).

Dine avskyelege fiendar Lutadorane – ei slags blanding mellom stammefolk, aust-europearar og høgteknologiske romvesen – er visuelt interessante, men gir deg heller aldri særleg grunn til å drive framover. Hovudsakleg eksisterar dei for å kunne introdusere den høgteknologiske Gravlinken i ei samtidsverd.

Inversion er ein middelmådig cover-based shooter med ein interessant gimmick som aldri heilt får skine. Gravitasjonsmanipuleringa har for mange begrensingar til at du nokon gong kjenner deg så mektig som spelet vil ha det til, og historia er mindre spektakulær enn den latar som.

Dermed ender dette opp med å bli ei halvhjerta Gears of War-aktig oppleving som sjeldan imponerar særleg.

Gears of War 3: Klodens største machomann er klar for å redde menneskeheten, igjen

Velvel, det kunne ha vore verre, det er i det minste ikkje eit Kinect-spel!

(Spelet er testa i enkeltspelardelen på Xbox 360.)

  • Jon_A_S

    Hmm, høres ut som nok et tilfelle av en god ide som blir kastet bort på et dårlig spill. Dessverre skjer dette altfor ofte. Jaja, dette blir kanskje noe jeg tester når det kommer på salg i Steam.