Sjølv om superheltkåringa er over, er me ikkje heilt over superheltperioden vår enno. San Diego Comic-Con er nyleg over, og i løpet av helga slapp High Moon Studios traileren for det første Deadpool-spelet.

Sjå bileta frå Comic-Con her: — Ei stemning ulik noko anna eg har opplevd

Deadpool er òg kjend som «The Merc with the Mouth», og er ein av Marvels galnaste figurar. Han er ein psykisk ustabil, rappkjefta karakter som er velkjend for å bryte den fjerde veggen – han er nemleg klar over at han er ein teikneseriefigur, noko forfattarane lagar mykje moro ut av i historiene om han.

Og ut frå traileren å døme, så kjem me til å få sjå mykje av den same humoren i spelet!:

High Moon Studios har tidlegare laga dei heilt ok Transformers-spela, samt det godt motteke Darkwatch-spelet frå 2005. I likskap med alle Marvel-baserte spel, vert òg dette distribuert av Activision.

Transformers: Cybertron: — En middelmådig skytefest

Nolan North – som har stemma til eit enormt antal spelfigurar etter kvart – skal stemmelegge Deadpool, som han òg gjorde i Spider-Man: Shattered Dimension.

Videoen visar ikkje særleg av gameplay, men den klarar å fange mykje av stemninga frå teikneserien, og den herleg barnslege humoren til Deadpool, samt hans frenetiske kampstil.

Lat oss berre håpe at han får betre behandling her enn i X-Men Origins: Wolverine (eg håpar framleis på ein eigen film for Deadpool).

Wii U er den einaste plattformen som foreløbig er bekrefta, men det er nok ikkje utenkjeleg at den dukkar opp på Xbox 360 og Playstation 3 i tillegg. Lanseringsdato er ikkje sluppe, men det vert nok i løpet av 2013.

Det vesle av info som er tilgjengeleg kan du lese på spelets (ganske morosame) nettside.