Det har vore litt stille rundt Wachowski-syskena sidan Speed Racer i 2008. Andy og Lana (tidlegare Larry) laga filmen ut frå stor kjærleik til opphavsmaterialet, men den slo ikkje like godt an blant publikum som dei håpa på.

No har dei for alvor avduka sitt siste prosjekt, med traileren for Cloud Atlas. Filmen er eit samarbeidsprosjekt med Tom Tykwer, som har laga blant anna Løp, Lola, løp og Parfymen (samt den litt uspektakulære The International).

Cloud Atlas er basert på den prisbelønte romanen med same namn, og handlar om seks parallelle historier som tek stad til ulike tider i det menneskelege samfunnet, og møter mellom folk på denne tida. I likskap med Matrix-trilogien har dei fått med seg eit stort koppel av kjende Hollywood-skodespelarar, deriblant Tom Hanks, Halle Berry og Hugo Weaving.

Krever visstnok introduksjon frå regissørane

For å forberede deg på den heile fem minutter lange traileren har dei tre regissørane sluppe ein liten introduksjonsvideo, som forklarar litt av prosessen som førte til at filmen vart laga.

Eit sjeldant syn med «The Wachowskis» som faktisk hadde kontraktfesta at dei skulle sleppe å gjere pressearbeid under Matrix-filmane, nettopp fordi dei ville late filmane tale for seg sjølv. Introduksjonen kan du sjå her:

Så, no er du tilstrekkeleg klar? Klar for over fem minutter med storslåtte ting i Wachowski-omfang?

Puh!

Dyraste tyske film nokonsinne

Med tanke på opphavsmaterialet kan dette bli veldig flott, om ikkje anna berre for å sjå Hugh Grant som distingvert herremann.

Hugh Grant som distingvert herremann (Foto: Focus Theatres International).
Hugh Grant som distingvert herremann (Foto: Focus Theatres International).

Frå traileren ser det allereie storslått og grandiost ut – noko som beteiknar dei fleste Wachowski-filmar hittil – så gjenstår det å sjå om Tom Tykwer klarar å samle og halde sine medregissørar på bakken kva internlogikk og filosofi angår.

Filmen er produsert hovudsakleg i Tyskland (samt Mallorca og Skottland), og er finansiert av tyske produksjonsselskap.

Med eit budsjett på rundt 600 millioner kroner er det den dyraste tyske filmen nokonsinne.

Cloud Atlas har amerikansk premiere i oktober, og norsk premiere den 22. februar til neste år.

Kan dei heve seg frå Matrix-trilogien og Speed Racer?