Lionhead, selskapet som står bak Fable– og Black & White-serien, er i hardt vèr. I mars gjekk Peter Molyneaux ut av selskapet for å danne sitt eiget spelselskap 22 Cans, i mai kom Fable Heroes til labre kritikkar, og seinare i år kjem Fable: The Journey som hittil har fått mykje kritikk i forhåndsomtalen.

Problema starta på E3 i 2011

Gary Carr, ny kreativ leiar i Lionhead, meinar spelet har fått urettferdig medfart etter presentasjonen på E3 i 2011. Dette seier han i eit intervju til ComputerandVideoGames.com:

— [E3-presentasjonen] øydela dei. Du vert veldig oppspelt når noko er heilt nytt, og når du byggjer noko i oppstartsfasen. I fortida har me vist ting som var mykje mindre utvikla, mykje grovare, enn Fable: The Journey på E3. Men av ein eller anna grunn, så resonnerte det ikkje hjå folk.

Fable: The Journey-presentasjonen frå E3 2011. (Video: E3

— Eg trur det til dels kan skuldast på sjølve presentasjonen. Det såg ut som ein «spammy» shooter, men faktisk byggjer me ei stor verd rundt den. Du veit, ein har omtrent to minutter og 45 sekunder å demonstrere kva ein gjer. Eg trur hovudproblemet er at dei trur me har teke Fable-serien og trivialisert den.

Les også: Peter Molyneux fyrer løs mot Microsoft

Aldri meint som ein oppfølgjar

Carr meinar spelet burde ha blitt testa av pressa først, før den vart presentert. I den kjappe visninga las mange det som oppfølgjaren til Fable III, noko Lionhead aldri har tenkt det som:

— Det er meint å vere eit systerspel, om du vil. Det skal ikkje vere eit stort rollespel, men det opnar historia til nokre Fable-karakterar, og det er spennande fordi me har lyst til å fortelje denne historia.

I Fable: The Journey skal ein ikkje kontrollere ein sjølvutforma helt som i dei andre spela, men ein magibrukar ved namn Gabriel som skal hjelpe trollkvinna Theresa i dei apokalyptiske hendingane frå Fable III.

Fable III: Resirkulert eventyr

Peter Molyneuxs lovnadar og Kinect

Ifølgje Carr hjalp Peter Molyneaux sine uttalelsar om spelet i 2011 heller ikkje på mottakinga. I ein periode då det framleis var usikkert om spelet skulle vere «on-rails» – altså at rørslene spelaren gjer er låst til eit fast mønster – gjekk han ut og sa at det ikkje skulle vere det. Seinare bestemte Lionhead seg for at «on-rails» var vegen å gå.

Frie rørsler var rett og slett ikkje morosamt i eit slikt spel, seier Carr.

— Det var forferdeleg. Det var rett og slett ikkje moro.

Carr er også drittlei av å snakke om Kinect:

— Dersom spelet er bra, så er det bra. Dersom spelet er søppel, så er det søppel. Eg vil ikkje at dette skal handle om kontrolleren.

Artikkelen held fram under traileren frå årets E3:

— Kan Fable: The Journey bli Lionheads beste spel?
— Eg trur det kan det. Me er midt i bugfiksefasen. Alt er kritisk no. Når den gjer alt rett, når balansen er riktig, så er eg forbløffa over kor bra det er. «I’m like, if anyone touches this build, you’re fired».

Ut frå dette intervjuet kan det verke som om Carr er ein meir konkret og jordnær leiar enn Molyneux (som gjerne kunne bli litt svevande ut mot media), og sjølv trur eg det vert interessant å følgje Lionhead òg i framtida.

Trass forhåndsdømming og problemer undervegs, Fable: The Journey kjem til Noreg den 9. oktober.

Kva trur du om det komande Fable-sidespranget?