Britisk Arme Riddere-plakat (Foto: Rialto Distribution)
Britisk Arme riddere-plakat (Foto: Rialto Distribution)
I kjølvatnet av Hodejegerne og ei skandinavisk krimbølgje som rullar over den amerikanske filmbransjen får fleire norske filmar suksess i utlandet.

Norske Arme riddere hadde nyleg australsk premiere, og neste veke kjem den og til britiske kinoar.

Jo Nesbø som trekkplaster

På engelsk er filmen marknadsført som Jo Nesbos’ Jackpot. Dette er bevisst, seier Are Heidenstrøm, produsent i Fantefilm for Arme riddere:

— Jo Nesbø har eit sterkt namn i utlandet, så alle de utenlandske distributørane og dei som skal setje opp Jackpot – som den heiter i utlandet – vil jo gjerne nytte namnet hans.

Heidenstrøm meinar Nesbøs namn berre vert meir og meir viktig i internasjonale marknader, noko som er tydeleg av alle bøkene han har solgt – omsett til heile 40 språk.

Hodejegerne, som også er basert på ei Jo Nesbø-historie, vart marknadsført mykje på same måten.

Høyr heile intervjuet her:

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Gode anmeldingar

Heidenstrøm er nøgd med tilbakemeldingane frå internasjonal presse.

— Det er jo veldig gøy for alle som har vore med å lage Arme riddere, ein kjempe-anerkjennelse for alle saman.

Filmen har fått gode anmeldelser i fleire bransjeblader som Variety, Screen og Hollywood Reporter. Men for Are sjølv var det anmeldinga i favorittbladet Empire Magazine som var det største.

— Der fekk den 4 av 5 stjerner, det var spesielt gøy.

Screen Dailys anmeldar meinte mellom anna at dette var endå ein film i rekka av gode skandinaviske krimdrama:

— Det er ein vilt morosamt og brutalt stilfull thriller som vil imponere fans av sjangeren, skriv Mark Adams.

The Hollywood Reporter skriv mellom anna at filmen løyste vilt utrulege plott på ein betre måte enn Hodejegerne klarte det.

Filmpolitiets Birger Vestmo gav filmen ein sterk firer og meinte den var god underhaldning – som sementerte Østfold som vår fremste rølpefylke:

Fantefilms neste prosjekt er Flukt med Ingrid Bolsø Berdal i hovudrolla, som allereie er solgt til 48 land.

  • http://twitter.com/geirf Geir Friestad

    «Arme Riddere» er ikke korrekt norsk. På norsk skal kun første ord i titler ha stor forbokstav. Se gjerne http://www.korrekturavdelingen.no/K4EngelskeTitler.htm for mer informasjon.