Crispin Glover er nok best kjend frå filmar som Back to the Future og Alice in Wonderland, men visste du at han òg er regissør? Grunna ein klausul som seier at filmane ikkje skal bli vist offentleg utan at Glover sjølv er der, har ikkje desse akkurat blitt vist så mykje, men no er han i Noreg for å vise dei fram.

Tidlegare han han vore i Oslo og Bergen, og denne veka skal han til Trondheim og Tromsø for å vise filmane What is It? og It is fine: Everything is fine, samt foredraget Crispin Hellion Glovers Big Slideshow. Før helga snakka han med Birger Vestmo om filmane sine, reaksjonar frå publikum – og Noreg.

— Dette er andre gangen eg er her, og eg må seie at eg trivst veldig godt i Oslo og Noreg, seier Glover som likar den norske cinematek-ordninga godt.

— Det er ikkje så ofte eg snakkar om myndigheiter, men eg er veldig imponert over den norske cinematek-ordninga. Myndigheitene sponser, noko som kan vere ein dårleg idé med kunst, men her veit eg at dei anset cinefile som elskar gode filmar. Dei bookar og viser interessante filmar, og myndigheitene lar dei få gjere det dei vil!

Høyr heile intervjuet her, eller les utdrag frå det lenger nede:
[audio:https://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/08/Crispin-Glover-i-Filmpolitiet-24.08.2012.mp3|titles=Crispin Glover i Filmpolitiet 24.08.2012]

Det må vere lov å vekkje ubehag

Eit rundskriv om What is it? seier at filmen inneheld skodespelarar med Downs’ Syndrom, sneglar, salt, pornoskodespelerinner med dyremasker og ein ung manns problematiske psyke.

— Vel, eg skreiv ikkje det, seier Glover, og meiner slikt ofte vert skrive for å få det til å høyrest meir slibrig ut.

— Det stemmer at dei fleste skodespelarane har Downs’ syndrom, men det handlar ikkje om Downs syndrom i det heile teke. Dette er min reaksjon på begrensingane selskapsfinansiert film har blitt pålagt dei siste 30 åra, der alt som kan få deg til å føle ubehag har blitt kasta ut, seier Glover.

— Fordi det er den augneblinken når nokon lener seg tilbake, ser opp på skjermen og tenkjer ‘Er det riktig det eg ser? Er det feil det eg ser? Burde eg vere her? Burde filmskaparen ha gjort dette? What is it?,’ – som er tittelen på filmen, seier han.

— Det er når folk stiller spørsmål – genuine spørsmål – at det er ein form for utdanning.

Å halde publikum frå å stilje spørsmål er ein av dei største svakheitene med filmbransjen no for tida, og det er nokre av desse tabua han vil utfordre med filmane sine.

Promobilete frå «What is it?» (foto: Crispin Glover)
Promobilete frå «What is it?» (foto: Crispin Glover)

Sikter ikkje mot mainstream

— Det er vel trygt å anta at du ikkje siktar mot mainstream-publikummet?

— Vel, det er difor cinemateka er så viktige. I USA sponser ikkje myndigheitene kunst på same måte som i Noreg, og uavhengige kinoar – som sliter med å halde seg opne – er meir stadene eg turnerar.

— Eg får noko ut av det, publikum får noko ut av det. Det er ikkje som å berre gå på ein vanleg kinovisning.

Crispin Glover slik dei fleste kanskje kjenner han, som George McFly i «Back to the Future» (Foto: Universal Pictures).
Crispin Glover slik dei fleste kanskje kjenner han, som George McFly i «Back to the Future» (Foto: Universal Pictures).
Ved sidan av filmane visar han òg eit slideshow til høgtlesing av historie han basert på gamle bøker, samt ein spørsmålsrunde etter visninga.

Tener på filmane ved å reise med dei

Glover nektar å vise filmane utan at han sjølv er tilstades. Dette er mest eit finansielt spørsmål, seier han sjølv.

— Om eg hadde distribuert dei på ein vanleg måte – og då veit eg ikkje korleis eg skulle ha fått det til – hadde eg berre tent ein firedel av det eg gjer, seier han, og viser til at han tener meir på showet og boksalget enn han gjer på sjølve filmvisninga.

I tillegg vert konteksten ein litt anna når regissøren er der, meiner han:

— Folk si sinnsstemning forandrar seg, litt nærare det filmens følsomheit tilseier.

Spørsmåla frå salen er ulike, alt ettersom kva film han har vist, og kva publikum han har vist det for. Han tillet òg spørsmål om bøkene eller skodespelarkarriera hans, men erfarar at folk flest tykkjer det er vanskeleg å ikkje spørje spørsmål om filmen når dei har sett den.

Crispin Glover er i Trondheim i kveld, og Tromsø på onsdag. Meir informasjon om visningane kan ein finne på nettsida hans.

Kva forhold har du til Crispin Glover?