Etter at The Avengersforeløpig – er årets ubestridte kinosuksess (og verdas tredje mest innbringande film etter Titanic og Avatar), var det vel ikkje veldig overraskande at regissør og manusforfattar Joss Whedon får lage ein oppfølgjar. Dette skriv Slashfilm i dag.

Det som derimot var ei overrasking for dei aller fleste er at Whedon òg har fått klarsignal for å lage ein TV-serie frå Marvel-universet.

Var lenge skeptisk

Joss Whedon har tidlegare uttalt at han var skeptisk til å bli med på ein Avengers-film til.

— Det er veldig mykje arbeid som blir lagt inn i noko som til sjuande og sist er nokon andre si forteljing, sjølv om det kjennest ut som eg fekk legge mykje av meg sjølv inn i det. Men samtidig, så har eg mange idear, og alle verkar veldig kule, sa han til Hero Complex tidlegare i år.

Forside fra det første «Damage Control»-bladet (Bilete: Marvel).
Kan det bli «Damage Control», tru? (Bilete: Marvel).
Så spørst det om TV-serien har komt inn som kjøpslåing for å få meir fridom frå Marvel i historieforteljinga si.

Uviss TV-serie

Heilt kva TV-serien skal handle om er det ingen som veit enno. Men allereie er det spekulasjonar i om serien skal omhandle den hemmelege organisasjonen S.H.I.E.L.D., som styrar Avengers-gjengen.

Sjølv håpar eg på Damage Control, ein serie om renoveringsbyrået – utan superkrefter – som rydder opp etter dei storslåtte kampane mellom superheltar og superskurkar.

Les også: Desse skal ta opp kampen med «The Avengers»

Mindre figurar, større fridom

Båe desse vil gi Whedon tilgang til hordar av mindre superheltar, som hittil ikkje har vore på storskjermen, og dermed mest sannsynleg større fridom i historieskriving.

Det kan nok kome godt med for ein manusforfattar med stor kjærleik for å ta livet av fansens favorittfigurar (noko han neppe får lov til å gjere med Captain America og dei andre storheltane).

Eg gledar meg iallfall uansett, og håpar på noko som var like bra som den førre filmen, som Birger gav ein femmer. Innspelinga av filmen er venta å starte i 2014, og kome ut etter dei allereie påstarta filmane kjem ut.

Kva heltar håpar du å sjå i Whedons TV-serie? Legg igjen ein kommentar under videoanmeldinga av The Avengers.