Ei av mange godlåter frå filmen «Fast Times at Ridgemont High»
Eg har eit djupt og nært forhold til high school-filmen. Mest sannsynleg starta interessa med American Pie i 1999, men den var berre kulmineringa av noko som alt hadde pågått i nokre tiår.

I serien om den fantastiske kinosumaren 1982 har me alt skrive ein del om større sci-fi- og fantasy-filmar, men denne sumaren var også tida for ein av mine absolutte favorittar innan ungdomsfilmsjangeren.

Sex, kjøpesenter og rock and roll sto for 30 år sidan i høgsetet hjå elevane på Ridgemont High.

Ungdommen på eigne premiss

Amerikanske Fast Times at Ridgemont High – som har den merkelege norske tittelen Hæla i taket – har mange av ingrediensane me har lært å kjenne frå high school-filmen.

Me har sjenerte nerdar som tek tips frå ein sjølvutnemnde sexpertar (av båe kjønn), planlagde framtider som ser ut til å få skjebnesvangre avslutningar, kjærleiksforhold med og utan sex, seksuelle forhold med og utan kjærleik, elskelege dophovud, ein og anna pupp – samt ein av dei første skildringane av ungdomsabortar på det store lerretet, som ikkje forsøker å moralisere over resultatet.

I staden for å moralisere forsøker Fast Times at Ridgemont High å vise ungdommens opplevingar på deiras eigne premiss, og gav dermed veg for ein bråte filmar – deriblant John Hughes’ (Home Alone, The Breakfast Club) filmografi.

Easy A: Hovudpersonen beklagar at John Hughes ikkje har regien på livet hennar

Undercover på high school

Filmen er basert på Rolling Stone Magazine-skribenten Cameron Crowes nedskrivingar. I 1979 gjekk han som 22-åring undercover på ein high school, for å få skuleopplevinga han sjølv aldri fekk.

I boka – og seinare filmen – utelatar han seg sjølv, men tek med hendingar og karakterar frå tida med sine nye vener.

Crowe si faktiske high school-oppleving var prega av at han var yngre enn alle andre – han hadde hoppa over nokre trinn på barneskulen –, sjukdom, og at han blant anna reiste på tour saman med bandet Allman Brothers.

Turen med eit av USAs største band på den tida, skulle seinare bli filmen Almost Famous, som Crowe skreiv og regisserte, med blant andre Kate Hudson i sitt livs rolle.

Les også: Topp 5 high school-filmer – med eit kjent namn i kommentarfeltet

Springbrett

Blunk, og du går glipp av Cage i denne filmen (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
Blunk, og du går glipp av Cage i denne filmen (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
Filmen vart eit springbrett for mange seinare kjende skodespelarar. Av skodespelarar som seinare fekk suksess kan blant andre Forest Whitaker (The Last King of Scotland), Judge Reinhold (Beverly Hills Cop) og Jennifer Jason Leigh (eXistenZ) nemnast.

Dette er også den første filmen Nicolas Cage spelte i, sjølv om rolla hans er aldri så liten.

Men aller størst er nok Sean Penn som den konstant rusa surfaren Jeff Spicoli.

This Must Be The Place: Overfladisk snåleri reddes av Sean Penn

I det som fort kunne ha blitt eit grunt «pothovud» klarar Penn å gi ei sår djupn til ungdom som har konstante problemer med autoriteter.

Jeff Spicoli var den ultimate surfaren, noko som førte til ei 80-talsoppblussing av ordet «dude», samt herlege scener som denne:

Blanda mottaking

Dette vart ikkje ein umiddelbar suksess for langfilmdebutregissør Amy Heckerling, men den inspirerte blant anna ein kortlevd TV-serie med same namn.

Roger Ebert, ein av USAs største filmkritikarar, kalte filmen «a scuz-pit of a movie» – ein film som gurglar døyande i sitt eiget spytt – men med åra vart den særs populær på heimemarknaden.

Heckerling regisserte Clueless 13 år seinare, ei nydeleg satire over både Beverly Hills-ungdommen og ungdomsfilmane ho sjølv var med å popularisere.

DEN scena

DEN raude bikinien (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
DEN raude bikinien. Og ja, om du held trykkjer på biletet, så får du sjå GIF-en IKKJE JOBB-SIKKERT (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
Ofte er det èin bestemt ting som brenn seg i hjernebarken når ein har sett ein film ferdig.

I Ridgemont High kunne det ha vore ei rekkje ting: scena med den uhøflege fyren på burgersjappa, det tidlegare viste «NO DICE!»-sitatet til Spicoli eller til og med abortsamtalen.

Men neida, det vart då Phoebe Cates etter mi meining overgjekk Ursula Andress i Dr. No og kom ut av badebassenget iført ein lett avtagbar raud bikini.

Det heile er sjølvsagt ein del av karakteren Brad sin seksuelle fantasi om si klasseveninne. Og nei, det går ikkje særleg bra.

Som du ser av toppbiletet i artikkelen, så får han aldri eigentleg noko kyss – i staden vert han teken på fersken medan han onanerar på badet (eit anna element som er med i utallege filmar i etterkant).

Klisjéskapande

I 1982 såg salige John Hughes mellom anna Ridgemont High, og meinte han kunne skrive ungdomshistorier betre. Han hadde nok rett. Det er ikkje ein perfekt film, men påverknadskrafta den har hatt er enorm i etterkant, og måten den satte high school-filmen sitt univers på er pionéraktig.

Alle desse ingrediensane – ungdom, sex, kjøpesenter og rock and roll – kan verke velkjende etter kvart. Men eg vil hevde at Fast Times at Ridgemont High er for high school-filmen det Casablanca var for det romantiske dramaet.

Både Casablanca og Ridgemont High kan nemleg verke veldig klisjéfylte når ein ser dei i dag – og for så vidt sjølvhøgtidelege – heilt til du innser at det var her klisjeane vart skapt. Utan Ridgemont High, ingen American Pie.

Kva film frå 1982 var din favoritt? Les heile artikkelserien vår om kinosumaren 1982.

(Diskutér i kommentarfeltet under traileren for Ridgemont High – everything you wanted to do in high school)

  • JoffeSvendsen

    Spesielt valg av film som står i parentes bak navnet til Forest Whitaker. Han er vel unnektelig mer kjent for skildringen sin av Idi Amin i the Last King of Scotland. Ellers en god artikkel.

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Haha, greit, eg er berre så glad i «Ghost Dog» ;)

      • http://www.facebook.com/profile.php?id=872510435 Ronny Løkkeberg

        Så synd du hørte på Joffe, for han var hundre ganger bedre i Ghost Dog som også er en mye bedre film. TLKS er en mainstream film for det store marked, mens Ghost Dog er for et smalere publikum. 

  • http://www.facebook.com/Soar5 Pia Evensen

    Denne filmen har vi sett et par ganger på tv3 ja :p

  • heggmona

    En av mine favoritter innen denne genren, og jeg savner flere av skuespillerne som var med her. 

    Må dessverre innrømme at det var svært vanskelig å lese denne artikkelen. Mulig årsaken er at den er skrevet på en eller annen lokal dialekt som mest minner om firkanteggfolket i Donald…

    • Karl Bonade jr.

      …et utbredt problem blant folk som aldri beveger seg utafor Ring 3 det der. 

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Til gjengjeld, så er det ei fantastisk Donald-historie! Du må gjerne seie frå kva ord som var vanskelege, så skal eg hjelpe deg som best eg kan :)

    • http://www.facebook.com/profile.php?id=802410166 Per Esben Svelstad

      «Må dessverre innrømme at det var svært vanskelig å lese denne artikkelen.»

      Ah, eg elskar det når folk indirekte argumenterer for meir nynorskundervisning. :)

  • http://www.facebook.com/profile.php?id=1340912226 Nikolai Sundklakk

    Rambo: First blood ble laget i 1982. Blir det noe av den eller? :P

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Sumaren er ikkje over enno! :)

  • Arild11

    Hadde nesten glemt hvor godt jeg likte Phoebe Cates.

  • http://www.facebook.com/frankydahl Frank Dahl

    Syntes ikke denne filmen satt så godt for meg. For meg blir “Porkey’s” (på norsk “Het Ungdom”) den ultimate High-school filmen. Kom ut samme året. Og begge to har vel hentet sitt i fra “Animal House” (“Delta Gjengen”).

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Ja, «Porkys» og «Animal House» er eksempel på den meir reine high school-komedien (som for så vidt «American Pie óg har mykje frå – det er klart det).

      «Fast Times» slektar vel slik sett meir på Lucas’ «American Graffiti» frå 73, og har litt meir alvor – noko iallfall eg set pris på i high school-filmar :)

      • http://twitter.com/leivma Leiv Magnus Aambø

        Arrester meg gjerne om jeg tar feil her, men Animal House er vel en college film. Zing.

        • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

          Greit, «historie med fokus på ungdommars samhald og utfordringar på ein utdanningsinstitusjon»-komedie da?

  • http://www.facebook.com/people/Hva-Er-Navnet-Mitt/1625791829 Hva Er Navnet Mitt

    Å i helv*t*!!! Kan ikke huske at hun var så deilig!? Men men, jeg hadde jo ikke fått pels på knaggen enda, da den filmen kom ut :P

  • Nadreas

    Udødelig, hadde st****kk 14 etter den scena.

  • http://twitter.com/leivma Leiv Magnus Aambø

    “I 1982 såg salige John Hughes mellom anna Ridgemont High, og
    meinte han kunne skrive ungdomshistorier betre. Han hadde nok rett. Det
    er ikkje ein perfekt film, men påverknadskrafta den har hatt er enorm i
    etterkant, og måten den satte high school-filmen sitt univers på er
    pionéraktig.”

    Dette oppsummerer igrunn filmen for meg. Jeg respekterer det filmen har betydd for senere ungdomsfilmer, men særlig bra kan jeg ikke si at jeg synes den er.

  • http://twitter.com/thorsann Thor Sannæss

     
    Det hemmelige filmpolitiet, som faktisk så film i 1982, har følgende filmer i sin “Best fra 1982″-mappe: Bergmans “Fanny och Alexander”, Herzogs “Fitzcarraldo”, Parkers “The Wall”, Tavianis “La Notte di San Lorenzo”, Scolas “La Nuit de Varennes” og Loseys “La Truite”.

  • Pingback: P3 Dokumentar » Grønn glede