Mangt har hendt med datagrafikk dei siste 30 åra, og knappast nokon film er betre til å vise det enn sci-fi-filmen Tron. Det som imponerte i 1982 ser kanskje ut som noko ein lagar med ein iPhone, Windows Movie Maker og eit blått laken i 2012 – men då den kom var den førsteklasses. Iallfall på det visuelle.

Les også: Resten av artiklane om den fantastiske kinosumaren 1982

«Pong» – 70-talets «Call of Duty» (eller FIFA då)
«Pong» – 70-talets «Call of Duty» (eller FIFA då)
Det var ikkje berre datagrafikken som var ung på denne tida. Seks år før filmen kom ut hadde Steven Lisberger blitt fascinert av dataspelet Pong, og prøvde å sjå for seg ein film inni den mystiske computerens verd.

Resultatet vart Tron. Kevin Flynn – spelt av Jeff Bridges (Big Lebowski) – er ein programmerar og spelutviklar som lurar på korleis desse nullane og eintala eigentleg ser ut.

Med eitt vert han fanga i menneskets eiget skaparverk, og filmens følgjer kampen hans for å kome seg tilbake til den verkelege verda – hjulpe, blant anna, av sikkerheitsprogrammet Tron.

Vart du ikkje imponert av grafikken? Vel, til dens forsvar vart den laga på datamaskiner med to megabyte RAM, og harddiskar med 330 megabyte. No til dags finn du omtrent ikkje ein lighter med så lite datakraft, til samanlikning har ein iPhone 512 megabyte RAM.

Datamaskiner er juks

I 1982 var dette derimot noko av det mest iaugnefallande datagrafikk som eksisterte. Litt varierande var det óg i filmen – spesielt ettersom det var laga av fire ulike firmaer som ikkje hadde samarbeidd nært – og resultatet vart over 15 minutter med dataskapte animasjon, noko som var langt meir enn tidlegare storfilmar.

Så kvifor vart ikkje dette landemerket innan datanimasjon ein gong nominert til ein Oscar for spesialeffekter? Vel, regissør Lisberger har uttalt at Oscar-akademiet på denne tida meinte at datamaskiner var juks og fanteri.

I staden var det Carlo Rambaldis dukker i E.T. – som me óg har skrive om i denne serien – som tok heim prisen over Blade Runner og Poltergeist.

Det set Oscar-prisen litt i perspektiv, når ein tenkjer på at Avatar vann den same prisen 27 år etterpå.

Les også: Industrial Light & Magic-animatør Hal Hickel: Han skaper Hollywood-magien

Wendy Carlos – synth og orkester

Carlos' soundtrack til filmen (og litt Journey då).
Synth-pioneren Wendy Carlos har skrive musikken i filmen, noko ho tidlegare hadde gjort for The Shining og Clockwork Orange.

Blandinga mellom orkester og elektronisk musikk kan kjennest litt rar, men følest logisk i det som visar kampen mellom organiske mennesker og elektroniske figurar på skjermen.

Visstnok skal Carlos ha vore misnøgd med korleis Londons filharmoniske orkester takla dei avanserte notane og taktskifta ho gav dei, noko som førte til at ho erstatta delar av orkesteret med eigne synth-toner.

Sidan dette trass alt er ein 80-talsfilm var det ikkje unaturleg med litt puddelrock i filmen, noko Journey – kanskje best kjend for DON’T STOP! BELIEVING! no for tida – velvillig stilte opp med.

Kjennest dei to låtene litt malplassert i eit ellers orkester/synth-fylt soundtrack? Ja, litt.

Det franske elektronikabandet Daft Punk har uttalt at dei har vore fascinert av denne filmen i mange år – noko som nok gjorde til at dei med glede tok i mot oppdraget å lage soundtracket til oppfølgjaren – Tron: Legacy.

Storfan av puddelrocken? Les Birgers anmelding av Rock of Ages

Inspirerte Pixar

Tron er ikkje den mest fantastisk skrivne filmen i verda, og det er heller ikkje ei djupt medrivande historie som har ført til at denne har fått ein framtredande plass i sci-fi-kulturen.

I staden er det nettopp den karakteristiske utsjånaden og pionérarbeidet med datagrafikk som har truffe popkulturen med eit smell.

Til dømes har John Lasseter – ein av Pixars grunnleggjarar og regissøren av blant anna Toy Story – sagt at det var nettopp Tron som opna augene hans for dataanimasjon. To år seinare laga han The Adventures of André and Wally B..

— Utan Tron, har Lasseter sagt, ville det aldri ha vore nokon Toy Story.

Les også: Topp 5: Pixar-filmer

Arven – The Legacy — takast vidare

I 2010 kom oppfølgjaren Tron: Legacy som tok historia vidare. Garrett Hedlund spelar sonen til Kevin Flynn, og må gjere den same reisa som faren sin – men no i ein utsjånad som er oppdatert til vår tid. «Sexy som en Lamborghini», kalte Birger den i anmeldinga av filmen.

Litt på same måte som 1982-versjonen har den nye filmen fått mykje skryt for det visuelle – og ikkje minst for Daft Punk sitt fantastiske soundtrack – men ikkje like mykje for historie og skodespelarferdigheiter.

Jay Maynard – The Tron Guy (Foto: Jay Maynard via Creative Commons).
Jay Maynard – The Tron Guy (Foto: Jay Maynard via Creative Commons: http://en.wikipedia.org/wiki/File:Tronguy.jpg ).
Dette var sjølvsagt litt kjipt for blodfansen. For ja, som for alt anna finst det blodfans òg av Tron.

Jay Maynard, som vart kjend som The Tron Guy på internett etter å ha laga sitt eiget kostyme inspirert av filmen, dukka blant anna opp på talkshowet til Jimmy Kimmel i 2004.

Maynard tek sjølv noko av æra for å ha gjort Tron-namnet populært igjen, og har uttalt at han var trist over å ikkje ha blitt teken med i rådføringa før filmen, og at han gråt av skuffelse då han såg filmen.

Det siste me høyrde frå Maynard var at han vart nekta inngang til sin lokale kino fordi han ville gå i drakta si. Visstnok var dei lysande stripene forstyrrande for andre kinosjåarar.

Vel, det er kanskje prisen ein må betale for å sjå ut som ein av dei visuelt mest karakteristiske filmane i verda – anno 1982.

Oscaren Tron faktisk vant var jo trass alt for beste kostymedesign!

Les også: Resten av artiklane i serien om kinosumaren 1982

Kva er ditt forhold til denne sci-fi-klassikaren? Eventuelt, kva andre filmar frå 1982 er din favorittfilm?