Lat meg berre starte med å seie: Det er veldig lite nytt i Sleeping Dogs. Spelet er bygd over same lest som Grand Theft Auto-spela, Scarface og eit vell med anna popkultur basert på at ein slår seg opp i forbrytarhierarkiet.

Wei Shen har returnert til Hong Kong der han vaks opp, og han er der sjølvsagt for ein grunn. Etter å ha vore politispaner i San Fransisco vert han sendt til sitt gamle miljø for å infiltrere triaden – den kinesiske mafiaen – i Hong Kong, ein jobb som han går til av fleire grunnar.

Resultatet er at han vert slitt mellom politiarbeidet og sine gamle vener i triaden.

Sleeping Dogs er ikkje nyskapande på særleg mange måtar, delane overgår heilskapen. Likevel, plutseleg innsåg eg at eg hadde sunke ein del timar inn i det.

Les også: Hva betyr et terningkast?

Fleirstemt XP

Spelet gir deg ein slags falsk overbevisning om at du kan velgje mellom politi og røver. Dette er sjølvsagt feil. Båe historielinjer må følgjast for å drive spelet vidare. Politiarbeid gir deg såkalla «Cop XP», medan triadearbeid gir deg «Triad XP».

Du kan ikkje velgje vekk ein av dei, men dei kan ytterlegare påverkast av korleis du opptrer utanfor oppdrag.

I tillegg har ein «Face XP» som drivast av å gjere folk tenester, og å dra på date med jenter du møter – samt «Melee skills» ein får av å returnere jadestatuar til din gamle kung fu-meister.

Eigenskapstrea er delt i to som gir deg ulike eigenskaper, alt etter kva du velgjer. Frå politierfaringspoenga kan du til dømes anten velgje ferdigheiter som gir deg større mogelegheiter med bilar, eller med skytevåpen.

Ferdigheitstrea i «Sleeping Dogs» er i hovudsak todelte (Foto: Square-Enix).
Ferdigheitstrea i «Sleeping Dogs» er i hovudsak todelte (Foto: Square-Enix).
Blant kampferdigheiter kan ein velgje mellom to ulike kampstilar som går på raske angrep (mykje trykking på X-knappen), eller effektiv beinknekking (meir variert, effektiv stil).

Slik kan både knappetrykkarar og kampsportsspelfolket få sine ynskjer oppfylt.

Les også: Topp 5: Jackie Chan-filmer

Opphaveleg
True Crime: Hong Kong

Dette skulle opprinneleg vere ei nylansering av True Crime-serien, men etter at Activision la prosjektet frå seg i 2011 – etter budsjettspreng og forseinkingar – kjøpte Square-Enix det opp, og gav det eit nytt namn. Utviklar United Front har laga ein hyllest til Hong Kong-filmen.

Den openbare parallellen er kinesiske Infernal Affairs (som The Departed er basert på), men det store antalet slåsskampar – smart dekt av at det visstnok ikkje er like mykje handvåpen i Hong Kong som i USA – tilseier at utviklarane har eit langt og kjærleg forhold til kung fu-filmar.

Og – i takt med dei fleste kampsportfilmar – er det eit stort renn av kampar, naturleg nok ventar dei fleste med å angripe deg éin og ein, slik at dei er lettare å banke.

Kampsystemet kan minne om Arkham City, dog med litt mindre variasjon, der du flyter raskt frå motstander til motstander i dei større kampane.

(Anmeldinga held fram under biletet)

Everybody was Hong Kong fighting (Bilete: Square-Enix).
Everybody was Hong Kong fighting (Bilete: Square-Enix).

Best-of-samling

Men kampsystemet er ikkje det einaste som kjennest plukka frå andre spel. Med ei stor, open verd, oppdragsbasert driv, og ting som dating og kleskjøp er GTA IV-samanlikningane ikkje til å unngå.

I tillegg kan ein kjenne køyreelement att frå Need for Speed-serien, cover- og slowmotion frå ei rekkje skytespel, samt parkour-element frå Assassins Creed-serien. Av og til kjennest Sleeping Dogs litt ut som ei best-of-samling frå andre spel, som ikkje har vore samla før no – på godt og vondt.

Likevel klarar det tidvis å gjere ting betre enn sine inspirasjonskjelder. Handkampen er faktisk av det betre eg har sett i sandkasse-spel, og «GPS»-pilene som viser kvar du skal køyre er mykje meir intuitive enn berre ei linje på eit minikart.

«Fetch missions», utpressing av folk som skuldar deg pengar, kapring av motvillige varebilar, og etter kvart meir seriøse oppdrag som billøp og overtaking av dopbaronar – ispeidd blant anna å ta bileter av ein turistbloggar på date – vegen mot toppen er mangfaldig. Det er ikkje nyskapande, men eg oppdagar kjapt at tida går overraskande fort medan eg spelar.

Les også: — GTA er den store samtidsromanen

Hong Kong-style

Hong Kong, slik det er skildra i «Sleeping Dogs» (Foto: Square-Enix).
Hong Kong, slik det er skildra i «Sleeping Dogs» (Foto: Square-Enix).
Eg har aldri vore i Hong Kong, men reint utsjånadsmessig trur eg ikkje at utviklar United Front er så langt unna. Storslåtte sentrums-områder, ein travel indre by, businessverksemd og havneområder ser pent ut – sjølv om detaljrikdommen ikkje er like stor som i til dømes GTA-spela.

Det er heller ikkje til å kome vekk frå at det vert litt ekstra stemningsskapande med nattleg regnvér når byens mange fargar vert spegla i våt asfalt.

Eg skulle derimot ynskje at handlingane eg gjorde hadde større påverknad på verda rundt meg. Det betyr ikkje at eg meiner at folk bør vere livredd meg når eg eigenhending har halvert oppklarningsprosenten til politiet. men når eg fullstendig umaskert – i fullt dagslys – kan hjelpe politiet med narkotikarazziaer utan at det får konsekvensar for mi kriminelle karriere tykkjer eg det er merkeleg.

Som eit resultat av dette unngjekk eg konsekvent razzia-oppdraga, rett og slett for at det ikkje skulle rive meg ut av stemninga spelet ellers holdt meg i.

Triademiljøet er hardt, av og til litt parodisk seriøst, men det passar inn i ei seriøs handling. Dette er ikkje satire over samfunnet eller historisk framstilling av Hong Kong. Det er ein kampsportsundercoverpolitithriller. Som du kan spele i.

Spelet er testa på Xbox 360.

Kva tykkjer du om spelet sålangt?

  • Pingback: Sleeping Dogs | SportSquare

  • http://www.facebook.com/profile.php?id=618880503 facebook-618880503

    Mye enig her. Jeg faller nesten litt naivt pladask for alle sandbox-spill, men må si Sleeping Dogs egentlig var en positiv overraskelse. Gir meg ikke helt den store «wow»-faktoren, men fortsatt et spill jeg koser meg med. Foreløpig en sterk firer fra meg også, kanskje på grensen til en femmer. Er bare noen få timer inn i det.

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      «Naivt pladask» beskriver eigentleg ganske godt mitt forhold til sandkasse-spel som dette. Om eg skal lure meg ut på å gradere terningkastet mitt, så er eg ganske samd i det du skriv – underhaldande, men ikkje fantastisk.

  • http://www.facebook.com/arildsd Arild Sundet Dreier

    Endelig et xbox spill som er innenfor min smak :) Takk for anmeldelsen, har sett andre anmeldelser og ser den scorer bra fra alle så skal begynne på denne nå, og er jo tross alt en grei trøstepremie mens man venter på GTA5 og Assassins creed 3. :D 

    Spill.no – 5 – http://www.spill.no/default.aspx?section=artikkel&id=3312 
    Gamer.no – 8/10 – http://www.gamer.no/artikler/119633/anmeldelse-sleeping-dogs/
    VG.no – 5  - http://www.vg.no/spill/artikkel.php?artid=10068148

    GLEDER MEG!!!! 

  • Øystein Venås Årsnes

    «Av og til kjennest Sleeping Dogs litt ut som ei best-of-samling frå andre spel, som ikkje har vore samla før no – på godt og vondt.»

    Dette er da utvilsomt bare positivt. Har sjelden kost meg så mye med et sand-kasse spill. Byen ser helt fantastisk ut og yrer med liv, det er folk og sjapper over alt. Syntes GTA 4 var dørganes kjedelig egentlig og byen var jo helt død. Har ikke rotet meg til å prøve Arkham City ennå, så jeg har ingen erfaring med kampsport systemet der, men synes kampsystemet her fungerer skikkelig bra og noe av det mest underholdende har vært borti. Gjør meg ingen ting at det ligner noe annet, så lenge det fungerer. De fleste open-world spill ligger milevis unna.

  • http://twitter.com/aLmAnZio Fredrik Weisethaunet

    Jeg må nesten få trekke frem at anmeldelsen konsekvent overser spillets helt klare fordeler, og det som gjør at Sleeping dogs skiller seg ut fra mengden, nemlig historien og stemmeskuespillet.

    Narrativen i spillet er sterkt, og plottet er noe mer avansert en de typiske skurkeutgangspunktene sandkassespill som dette typisk har hatt. Sammenlignet med Saints Row III, mener jeg oppriktig talt at dette er et langt bedre spill. Samtidig oppfordrer jeg flere anmeldere til å se litt utenfor underholdningsverdien i spillet man anmelder, men også forsøker å se utgivelsen i en større sammenheng.

    Om man ikke gjør det, vil man for eksempel miste svært viktige og avgjørende elementer med mange spill. Det beste eksempelet som nå er dagsaktuelt, må være Spec Ops: The line. Der er det enormt å lese mellom linjene.

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Eg er samd i at dette er eit mykje betre spel enn Saints Row III, men eg er ikkje samd i at eg fullstendig overser historia i anmeldinga mi.  Meir avansert, tja, den har kanskje fleire plott-tvister enn ein del andre i same kategori, men ikkje særleg meir utartande? Stemmeskodespelet er derimot godt, sant nok, og det burde eg ha nemnd ein stad.

      Ellers, så må du ha fått veldig mykje meir ut av dette spelet enn meg om du samanliknar det med Spec Ops: The Line, eit spel eg meiner er bøttevis over dei fleste andre spel på «meir-enn-underhaldning»-skalaen. Spec Ops gav meg til tider vondt i magen, Sleeping Dogs gav meg i verste fall vondt i tommelen etter å ha spelt det nokre timar :)

      • http://twitter.com/aLmAnZio Fredrik Weisethaunet

        The heat of the moment er et fenomen som treffer kommentarfeltaktiviteten forholdsvis aktivt tror jeg. Jeg falt litt for den her. Jeg er foreløbig ikke ferdig med Sleeping dogs, men jeg mener ganske bestemt at historien er det bærende elementet her, og jeg føler ikke at det kommer godt nok frem. Samtidig ser jeg jo at du har nevnt det, men slik jeg ser det, er historien vektlagt en tanke for lite i anmeldelsen. Spesielt vil jeg trekke frem at karakterene i sleeping dogs oppleves som genuine, og som mindre karikert en GTA IV, og spesielt Saints Row. Underbygg dette med profilene du får tilgang til etterhvert i spillet.

        Winston er et godt eksempel. Ved første øyekast virker han som en typisk gangster, uten særlig moral og personlighet. Han er i utgangspunktet vanskelig å sympatisere med. Etterhvert får du som spiller alikevel innsyn i hans verdier, bakgrunn og holdninger, og får, i likhet med hovedpersonen, sympati for ham. Jeg er ikke sikker på om dette er en opplevelse jeg sitter med alene, men jeg opplever det som intensjonen til utviklerne at du som spiller også skal oppleve å vite hvilken side du sympatiserer med. Det er ikke bare hovedpersonen som dras mellom politiet og triaden, også du som spiller blir også tvunget til å begå noen kompromisser med deg selv. Om forsøket er vellykket eller ikke, vil jeg ikke stå som dommer for, men for min egen del var det det. Jmf. Triadekompissenes forventning om at hovedpersonen må drepe noen.

        Min henvisning til Spec ops, var mer myntet på spill-journalismen i sin helhet, og etter å ha lest din anmeldelse av nettopp spec ops angrer jeg meg noe for at jeg sa akkurat det. Poenget mitt var at spill-journalister tradisjonelt sett vurderer spill ut i fra hvor morsomme de er, og ofte glemmer å sette det i et større perspektiv. Spec ops er et godt eksempel å trekke frem som et spill du kan miste essensen av, om du bare forholder deg til underholdningsverdien. Det var ikke ment som en sammenligning direkte, men som et eksempel.

        Avslutningsvis vil jeg berømme deg for å nesten alltid svare på kommentarer, det utgjør faktisk en enorm forskjell i kvaliteten på «produktet» filmpolitiet leverer. Jeg foretrekker bestandig dere fremfor andre, selv om jeg ikke bestandig er enig.

        • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

          Ser kva du meiner med gode karakterer. Spesielt samanlikna med SR-serien er dette mykje betre, og meir til dels samd i i forhold til GTAIV, men òg her har universet eit heilt anna fokus. Som eg skriv, Sleeping Dogs er meir ein thriller enn dei satiriske miljøa som dei to andre (på kvar sin måte) teiknar.

          Eg synest òg at godt narrativ vert speidd ut av at spelet mest krever at du arbeider både for Cop og Triad XP. Då kjennest slitinga mellom triaden og politiet – iallfall for meg – mest som ei falsk overbevising, ergo greip ikkje historia meg i så stor grad (og det er sikkert difor eg nedprioriterte det då eg skreiv anmeldinga). 

          Samd med det du skriv om Spec Ops og journalistikk etter utdjupinga, ein kan bli litt borte i underhaldninga av og til, til og med i nyare versjonar av speljournalistikk (New Games Journalism, New New Games Journalism, osb.). Me prøver så godt me klarer ;)

          Avslutningsvis: Dude, dersom me ikkje ville ha hatt inn meininger, så hadde me ikkje hatt eit kommentarfelt! Og ingenting gjer meg gladare enn konstruktive diskusjonar under eigne (og andres) artiklar! :D

          • http://twitter.com/aLmAnZio Fredrik Weisethaunet

            hehe, hopper rett til slutten jeg:

            Jeg ser helt klart fordelen med et kommentarfelt, men NRK skiller seg ut. Det gleder også meg som spillentusiast å se at anmeldere tar jobben sin på alvor, og at man også ser kjærligheten til mediet man jobber med ligge under. Det er faktisk også et kjennetegn ved filmpolitiet som mangler hos de mer kommersielle aktørene. Det kan hende artikkelforfatterne svarer på kommentarer, men det er lenger i mellom. Om dette er fordi dere som jobber i NRK har større frihet til å ta dere tid til å gjøre jobben deres skikkelig, mens de øvrige ikke har denne friheten, eller om det skyldes at de øvrige er late skal jeg ikke spekulere i :P Men skryt bør komme det fortjenes. Det gjør det så absolutt her!

            Tilbake til tema: Hm, for min del har jeg hengt meg veldig lite opp i dynamikken. Jeg spiller spill først og fremst for narrativen, og må innrømme at jeg ble positivt overaska. Nå er jeg også generelt skeptisk til nyutgivelser, da det er lenger og lenger mellom de virkelig narrative perlene, men sleeping dog overasket veldig.

            For å dra den litt vel langt, men fortsatt innenfor det jeg kan stå for: Jeg mener karakterene i Sleeping dogs både er dypere og mer nyanserte en omtrent samtlige av de sentrale karakterene i Skyrim, spillindustriens mest oppskrytte spill. Ikke at jeg ikke likte skyrim, jeg har brukt over 80 timer på det, men det har mange svakheter som få anmeldere har turt å lukte på.

            Også til slutt, en liten oppfordring: Bli enda strengere, og gjerne foreslå ting som kunne gjort opplevelsen bedre.

            Ha en flott dag, og takk for den jobben du gjør.

  • cool guy mr007

    DETTE SPILLET ER DRIT KULT :D

  • soppen8000

    kan man kjøpe bedrifter i spillet