Lat meg berre starte med å seie: Det er veldig lite nytt i Sleeping Dogs. Spelet er bygd over same lest som Grand Theft Auto-spela, Scarface og eit vell med anna popkultur basert på at ein slår seg opp i forbrytarhierarkiet.

Wei Shen har returnert til Hong Kong der han vaks opp, og han er der sjølvsagt for ein grunn. Etter å ha vore politispaner i San Fransisco vert han sendt til sitt gamle miljø for å infiltrere triaden – den kinesiske mafiaen – i Hong Kong, ein jobb som han går til av fleire grunnar.

Resultatet er at han vert slitt mellom politiarbeidet og sine gamle vener i triaden.

Sleeping Dogs er ikkje nyskapande på særleg mange måtar, delane overgår heilskapen. Likevel, plutseleg innsåg eg at eg hadde sunke ein del timar inn i det.

Les også: Hva betyr et terningkast?

Fleirstemt XP

Spelet gir deg ein slags falsk overbevisning om at du kan velgje mellom politi og røver. Dette er sjølvsagt feil. Båe historielinjer må følgjast for å drive spelet vidare. Politiarbeid gir deg såkalla «Cop XP», medan triadearbeid gir deg «Triad XP».

Du kan ikkje velgje vekk ein av dei, men dei kan ytterlegare påverkast av korleis du opptrer utanfor oppdrag.

I tillegg har ein «Face XP» som drivast av å gjere folk tenester, og å dra på date med jenter du møter – samt «Melee skills» ein får av å returnere jadestatuar til din gamle kung fu-meister.

Eigenskapstrea er delt i to som gir deg ulike eigenskaper, alt etter kva du velgjer. Frå politierfaringspoenga kan du til dømes anten velgje ferdigheiter som gir deg større mogelegheiter med bilar, eller med skytevåpen.

Ferdigheitstrea i «Sleeping Dogs» er i hovudsak todelte (Foto: Square-Enix).
Ferdigheitstrea i «Sleeping Dogs» er i hovudsak todelte (Foto: Square-Enix).
Blant kampferdigheiter kan ein velgje mellom to ulike kampstilar som går på raske angrep (mykje trykking på X-knappen), eller effektiv beinknekking (meir variert, effektiv stil).

Slik kan både knappetrykkarar og kampsportsspelfolket få sine ynskjer oppfylt.

Les også: Topp 5: Jackie Chan-filmer

Opphaveleg
True Crime: Hong Kong

Dette skulle opprinneleg vere ei nylansering av True Crime-serien, men etter at Activision la prosjektet frå seg i 2011 – etter budsjettspreng og forseinkingar – kjøpte Square-Enix det opp, og gav det eit nytt namn. Utviklar United Front har laga ein hyllest til Hong Kong-filmen.

Den openbare parallellen er kinesiske Infernal Affairs (som The Departed er basert på), men det store antalet slåsskampar – smart dekt av at det visstnok ikkje er like mykje handvåpen i Hong Kong som i USA – tilseier at utviklarane har eit langt og kjærleg forhold til kung fu-filmar.

Og – i takt med dei fleste kampsportfilmar – er det eit stort renn av kampar, naturleg nok ventar dei fleste med å angripe deg éin og ein, slik at dei er lettare å banke.

Kampsystemet kan minne om Arkham City, dog med litt mindre variasjon, der du flyter raskt frå motstander til motstander i dei større kampane.

(Anmeldinga held fram under biletet)

Everybody was Hong Kong fighting (Bilete: Square-Enix).
Everybody was Hong Kong fighting (Bilete: Square-Enix).

Best-of-samling

Men kampsystemet er ikkje det einaste som kjennest plukka frå andre spel. Med ei stor, open verd, oppdragsbasert driv, og ting som dating og kleskjøp er GTA IV-samanlikningane ikkje til å unngå.

I tillegg kan ein kjenne køyreelement att frå Need for Speed-serien, cover- og slowmotion frå ei rekkje skytespel, samt parkour-element frå Assassins Creed-serien. Av og til kjennest Sleeping Dogs litt ut som ei best-of-samling frå andre spel, som ikkje har vore samla før no – på godt og vondt.

Likevel klarar det tidvis å gjere ting betre enn sine inspirasjonskjelder. Handkampen er faktisk av det betre eg har sett i sandkasse-spel, og «GPS»-pilene som viser kvar du skal køyre er mykje meir intuitive enn berre ei linje på eit minikart.

«Fetch missions», utpressing av folk som skuldar deg pengar, kapring av motvillige varebilar, og etter kvart meir seriøse oppdrag som billøp og overtaking av dopbaronar – ispeidd blant anna å ta bileter av ein turistbloggar på date – vegen mot toppen er mangfaldig. Det er ikkje nyskapande, men eg oppdagar kjapt at tida går overraskande fort medan eg spelar.

Les også: — GTA er den store samtidsromanen

Hong Kong-style

Hong Kong, slik det er skildra i «Sleeping Dogs» (Foto: Square-Enix).
Hong Kong, slik det er skildra i «Sleeping Dogs» (Foto: Square-Enix).
Eg har aldri vore i Hong Kong, men reint utsjånadsmessig trur eg ikkje at utviklar United Front er så langt unna. Storslåtte sentrums-områder, ein travel indre by, businessverksemd og havneområder ser pent ut – sjølv om detaljrikdommen ikkje er like stor som i til dømes GTA-spela.

Det er heller ikkje til å kome vekk frå at det vert litt ekstra stemningsskapande med nattleg regnvér når byens mange fargar vert spegla i våt asfalt.

Eg skulle derimot ynskje at handlingane eg gjorde hadde større påverknad på verda rundt meg. Det betyr ikkje at eg meiner at folk bør vere livredd meg når eg eigenhending har halvert oppklarningsprosenten til politiet. men når eg fullstendig umaskert – i fullt dagslys – kan hjelpe politiet med narkotikarazziaer utan at det får konsekvensar for mi kriminelle karriere tykkjer eg det er merkeleg.

Som eit resultat av dette unngjekk eg konsekvent razzia-oppdraga, rett og slett for at det ikkje skulle rive meg ut av stemninga spelet ellers holdt meg i.

Triademiljøet er hardt, av og til litt parodisk seriøst, men det passar inn i ei seriøs handling. Dette er ikkje satire over samfunnet eller historisk framstilling av Hong Kong. Det er ein kampsportsundercoverpolitithriller. Som du kan spele i.

Spelet er testa på Xbox 360.

Kva tykkjer du om spelet sålangt?

Om SPILLET

Sleeping Dogs