Det er sikkert vanskeleg nok å bli sliten mellom to menn, om ein ikkje skal bli sliten mellom to land òg.

Barbara, årets tyske Oscar-kandidat, omhandlar eit velkjent tema i film, med den nest mest omtalte perioden i tysk historie som bakteppe.

Filmen er kanskje litt vel gjerrig på detaljane, men med sterkt skodespel får me sjå korleis delinga av Tyskland påverka også «den vanlege mann» på landsbygda, ikkje berre sentrale strok i Berlin.

«Provinsen»

Barbara (Nina Hoss) har blitt forvist til det ho – litt nedsetjande – kallar «provinsen» i Aust-Tyskland. Frå å vere ein høgtståande barnelege i Berlin er ho no lege på eit distriktssjukehus på landet, ein stad hennar nye kollega André (Ronald Zehrfeld) meiner folk er redde for å bli sett på som annenrangs borgarar.

Men kvifor må ho reise dit? Ho elskar ein vesttyskar, og har søkt om tillating til å reise til han. I filmen vert dette, som så mangt anna, aldri sagt direkte. I det heile teke er filmen veldig glad i å ta seg tid med å fortelje oss historia si.

Samtidig som Barbara lengtar vekk frå det autoritære Aust-Tyskland får ho etter kvart kjensler for kollegaen André, som me heller aldri får heilt tak på om er av den gode sorten.

Han har absolutt fått beskjed av Stasi å følgje med på Barbara – heilt sikkert med lovnad om betre jobb, eller meir medisinsk utstyr – men om venlegheita hans er til fordel for hennar eller eigne interesser vert aldri besvart. Eit klokt val, som held spenninga i filmen oppe!

(Artikkelen held fram under biletet)

Legen André har Stasi i ryggen, kva er hans endelege motiv? (Foto: Arthaus)
Legen André har Stasi i ryggen, kva er hans endelege motiv? (Foto: Arthaus)

Seinsumarleg, men klaustrofobisk

I Barbara får me eit litt annleis blikk på 80-talets sosialistiske Tyskland. Det er ikkje grått og dystert på same måte som De andres liv, eller for så vidt Goodbye Lenin. Regissør Christian Petzold framstiller i staden miljøet hovudsakleg vakkert med fargar frå tysk seinsumar, forblåste grasknausar og landlege, nedslitne sjukehus.

På mange måtar er tilveret hennar eit fengsel, og ved hjelp av stille kamerarørsler og den stadige overvåkninga frå styresmaktene klarer filmen å presentere sjølv dei opne, tyske slettene som klaustrofobiske.

Til slutt må Barbara velje, eit uvisst liv i eit friare land, eller den overraskande store mengda varme ho finn gjennom å utøve yrket sitt i «provinsen». Det tek ei stund, blant anna gjennom ein stilleståande midtdel som varer litt for lenge, men mot slutten vert intensiteten skrudd opp igjen.

Syd under overflata

Gjennom legeyrket knyter Barbara og André tettare band (Foto: Arthaus).
Gjennom legeyrket knyter Barbara og André tettare band (Foto: Arthaus).
I staden for å fokusere på korleis politistaten tek vare innbyggjarane, er det heller mangelen på behandling som står i fokus. Sentralt er det stadig forandrande forholdet mellom Barbara og André, og undringa over kva det ultimate motivet er.

Balansen mellom desse to vert stadig flytta på, og sjølv om det er lite direkte konflikt syd kjenslene under overflata hjå både Hoss og hennar motspelar Zehrfeld.

Hoss’ Barbara er kald på utsida, men slit inst inne med ein orkan av kjensler. Zehrfelds André har varme auger, men tener kanskje ein kaldare agenda. Og i ei av dei fleire sidehistoriene får me sjå at òg den skarpe Stasi-agenten har eit hjarte.

Verken den eine eller den andre sida vert glorifisert, i daglegdagsheita skal det vere vanskeleg å vite kven som er gode og kven som er vonde.

Konkurrent til Kon-Tiki

Barbara er Tysklands kandidat til årets ikkje-engelskspråklege-Oscar. Den er altså blant filmane – saman med mellom anna Kon-Tiki og sveitsiske Min søster – som skal silast ut til dei fem som vert nominert til prisen i februar neste år.

Når den heilt opp? Kanskje ikkje, det kjem litt an på kva forhold Akademi-medlemmene har til etterkrigstida i Tyskland. Eg trur ein får meir ut av Barbara dersom ein har nærare kjennskap til livet i DDR, filmen nyttar lite tid på å fortelje det omliggande historiske.

Men ved hjelp av eit flott miljø og gode skodespelarar klarar filmen likevel å gi eit gripande, emosjonelt bilete av eit Aust-Tyskland fritt for det tyskarane kallar «ostalgi» – nostalgi til politistaten og dens mange merkelege skikkar. Det er så mangt ein kan bli sliten mellom, ikkje alt treng å vere bra for deg.

Om FILMEN

Barbara
  • Barbara
  • Slippdato: 28.09.2012
  • Regi: Christian Petzold
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: Barbara
  • Sjanger: Drama