Påskjøning er ein viktig del av spel. På ein eller anna måte må spel premiere deg for det du gjer, dersom du skal orke å nytte mange timar, ettermiddagar og helgar på eitt spel.

I nokre spel er det meir lågmælt, i andre er det veldig tydeleg. I Borderlands 2 låser du opp ein boks, følgt av ein sofistikert, tilfredsstillande, mekanisk lyd – før kista opnar seg og presenterer deg med eit smørgåsbord av deilege våpen.

Ingen dialogboks, ingen automatisk «plukk opp alt». Dersom Diablo 3 var «pure loot sex» så er Borderlands 2 «pure loot porn».

Ryktet går – Pandora består

Sidan Borderlands har planeten Pandora fått eit lite stikk av sivilisasjon. Handsome Jack har slått seg opp som eineherskar i det avsidesliggjande samfunnet, og tent seg styrtrik på innhausting av det sjeldne mineralet eridium – som fløymde over planeten etter opninga av kvelvet i det første spelet.

Saman med ryktet om eit andre kvelv, har fleire kvelvjegerar dukka opp, og det er her du kjem inn i biletet. Som éin av fire heltar kan du slå deg opp i verda for å stanse Handsome Jacks plan, og finne ut kva kvelvet består av.

Ver gunzerkeren Salvador, ein kraftplugg som føretrekkjer å avfyre to våpen samtidig; sirenen Maya, som kan kontrollere fiendar med tankens kraft; kommandosoldaten Axton, geriljahovud med eit automatisert våpen som sin beste ven; eller Zer0, ein snikmordar som raskt tek knekken på fleire i skjul av utplasserte lokkeduer.

Desse fire klassene kan i tillegg fordele ferdigheitspoeng til tre ulike klassetre, som utforskar spesielle deler av figurane sine eigenskaper.

Les også: Spelhausten eg gler meg til

Borderlands 2 - dei fire klassene (Bilete: 2K Games).
Borderlands 2 - dei fire klassene (Bilete: 2K Games).

Dess fleire me er saman…

I større grad enn før verkar desse fire å spele på lag med kvarandre. Spelet er artig åleine, men skin verkeleg når ein får samarbeide med andre – anten vener eller tilfeldige motstandarar over nettet.

Gunzerkeren treng draghjelp så han kan vere så nådelaus som han har lyst til, snikmordaren treng folk til å distrahere fiendar, og sirena fungerer utmerkt anten som healer eller slagmarkskontrollør med sine magiske evner.

Axton er ein one-man-army som med det rette klassetreet – altså Guerilla – er ein maktdemonstrasjon på kva som helst lag.

Sjølv om skjermen naturleg nok vert merkbart mindre om to speler på same maskin (splitscreen er ikkje optimalisert for widescreen-TV-ar), så er det godt å sjå at nokon spelutviklarar framleis let deg fysisk high-five medspelaren din.

Fiendane er akkurat så mykje smartare denne gongen at det er lurt med litt taktisk samspel. Så får det heller vere at ein må krangle om belønninga etterpå, Borderlands 2 har nemleg ingen automatisk fordeling av «loot». Dog, ei rettferdig fordeling er kanskje ulogisk i ei verd så gjennomsyra av «den sterkastes rett».

Frå solstikkoffer til store robotar. Alle hatar kvarandre på Pandora (Bilete: 2K Games).
Frå solstikkoffer til store robotar. Alle hatar kvarandre på Pandora (Bilete: 2K Games).
I dette nådelause samfunnet kjem du til å døy ofte – spesielt mot spelets mange bosser. Det kan vere irriterande i lengda, men desto meir tilfredsstillande når det til slutt går med det heilt rette våpenet.

Les også: Diablo 3: — Klikk, klikk, klikk, klikk, klikk, klikk, klikk, klikk, høyreklikk, klikk, klikk, klikk

Tilfeldig gjenspelingsglede

Eg skal ikkje stille meg direkte bak påstanden om at Borderlands 2 har «bazillionar av skytevåpen», men dei er neppe langt unna. Med eit par unntak – som oppdragsspesifikke boss-premier – er det aller meste av spelets mange ting-som-seier-pang tilfeldig samansett av ein imponerande stor randomiseringsmotor.

Dette vert raskt eit luksusproblem i ei verd der ryggsekken din berre har plass til 12 våpen. Vil du ha ein pistol som tek mykje skade, men som et kuler som om det var smågodt? Vil du ha hagler med store magasin, som skyt haglet ut etter låvedørsprinsippet? Eller kanskje ein maskinpistol som skyt eksploderande kuler som sprutar lilla gugge over alle i nærleiken?

Før eller seinare vil du finne eit våpen for deg, uansett kva merkeleg spelestil du skulle gå for.

For dersom ein skulle ha laga ei liste over kva det er mest av i Borderlands 2, så er nok våpen øvst, deretter mengda ulike fiendar, og på ein god tredjeplass mengda måtar du kan angripe spelet på.

Med éin Salvador og ein halv Axton under beltet har iallfall ikkje gjenspelingsgleda blitt mindre, og eg gler meg framleis til å ta for meg både Zer0 og Maya på ein ordentleg måte.

Og om ein liten månad kjem spelets femte klasse, mechromanceren.

Les også: — Ho er ei jente, ho elskar maskiner

Handsome Jack - Pandoras tyranniske eineherskar (Bilete: 2K Games).
Handsome Jack - Pandoras tyranniske eineherskar (Bilete: 2K Games).

Gjennomsyra av moro

Hovudhistoria fokuserer på Handsome Jack, din parodisk vonde motstandar. Men dei mest glitrande figurane finn du over alt elles.

Det er i sideoppdraga spelets beste sider ligg – i skitne bakgater, på ein isbre, eller mellom sandsteinsøyler i ørkenen. Her får du ferda ut leigesoldatkontraktar på deg sjølv, eksistensielle samtalar med robotar, og biologiske namngiving på ting som eigentleg vil ete deg.

Av og til er dei berre «fetch quests» med utvida dialog, men dialogen er god nok til å halde sjølv gjentakande oppdrag morosame. Skal eg drepe femten «bullymongs»? Ok, men berre dersom Sir Hammerlock kan kommentere alt eg gjer.

Claptrap - som insisterar på at du burde vere evig takknemleg til han (Bilete: 2K Games).
Claptrap - som insisterer på at du burde vere evig takksam til han (Bilete: 2K Games).
Blant dei mange du møter langs vegen er faktisk Claptrap min favoritt – roboten som redder deg i starten av spelet, og dermed meiner at du står han i evig gjeld.

Den vesle skraphaugen utan indre tankeprosess lirar av seg deprimerte og skremte gullkorn, til trass for ei alltid like positiv røyst. Han vert difor eit ypparleg symbol for Pandora, som sjølv med sitt dystopiske utfall er ei fargesprakande og karakteristisk verd.

Historia går ikkje så djupt som ein kanskje skulle ynskje, men det er underhaldande frå start til slutt.

Les også: Rage: Postapokalyptisk helvete

Oppfølgjar på sitt aller beste

Ja, eg var absolutt fan av Borderlands, og eg tykkjer difor at Gearbox her har gjort akkurat det ein bør med ein oppfølgjar.

På den eine sida tek den vare på det beste frå det førre spelet, eit fargemetta univers, store belønninger, og ordentleg skytemoro.

På den andre sida, så er spelet fóra med såpass mange nye figurar, våpen, og valmogelegheiter som kan gjere kven som helst til ein vitskapsmann når det gjeld effektivitet og statistikk.

Minst halvparten av gleda i Borderlands 2 kjem frå jaget etter det neste sofistikerte, tilfredsstillande klikket. Mitt nye favorittvåpen er alltid – potensielt – like rundt hjørnet…

Kva tykkjer du om spelet så langt? Kva er din favorittklasse?

(Spelet er testa på PS3.)

Om SPILLET

Borderlands 2