Sist gong me såg desse to på skjermen var i den fantastiske Drive. Denne gongen ynskjer derimot Gosling å halde seg bak kameraet, medan Hendricks skal få skine åleine. I eit intervju med Vulture avslørar ho litt meir om prosjektet, som det hittil har vore lite kjend om.

Filmen har fått namnet How to catch a monster, og handlar ifølgje Hendricks om ei åleinemor.

— [Ho] tek seg av to born, og prøver å lage ein heim for dei og eit trygt miljø på ein stad som er stadig verre å vere, seier ho. Og eg finn meg sjølv i ein surrealistisk klubb som setjer meg i ei knipe, og i mellomtida er gutane på sine eigne eventyr der dei oppdagar ein underjordisk by.

Klubben Hendricks rollefigur arbeider på skal etter eiget utsagn vere ein fetisjklubb.

Les også: Blue Valentine: — Williams ble Oscar-nominert. Gosling burde vært det.

Spesiell forespørsel

Nei, Gosling spurde kanskje ikkje heilt slik. Her på «Maktens menn»-premiera (Foto: Reuters/Mario Anzuoni).
Nei, Gosling spurde kanskje ikkje heilt slik. Her på «Maktens menn»-premiera (Foto: Reuters/Mario Anzuoni).
Men korleis spør Ryan Gosling når han vil ha deg med i filmen sin? Eit populært nettmem viser eit bilete med Gosling, opninga «Hey girl.» og ein påstand.

Det var ikkje heilt slik, ifølgje Hendricks.

— Han sa ikkje «Hey girl», men resten er rett, seier Hendricks og seier at ho kjende seg smigra over tilbodet.

Gosling sendte ho manuset og konseptkunst i ein boks, som kun kunne opnast med ein spesiell nøkkel.

— Det var ei full pakke. Og så las eg manuset og forelska meg i det, så eg ringde tilbake og sa «Ja, takk!».

Les også: Mad Men: — Noe av det mest sofistikerte du kan se på en tv-skjerm!

Ambisiøs regidebut

Hendricks trur ikkje at regidebuten set ein stoppar for Goslings ambisiøse prosjekt.

— Eg er sikker på at den vert utruleg smart, og Ryan har alt storyboard og bileter av nabolag og heimar, og han samlar alt musikke til den.

— Når du les den verkar den som eit minne. Noko frå barndomen, som du ikkje heilt klarar å plukke ut.

Ifølgje tidlege uttalelsar er den underjordiske byen på veg vekk, ei slags fantasyverd . Er det lov til å håpe på visuelt sterk, mørk fantasy ála Brazil, De fortapte barns by eller Pans labyrint?

Med på laget har Gosling produsentane frå mellom anna Drive, Scott Pilgrim og Wanted. Filmen er venta å starte innspeling til våren, og kome ut i løpet av 2014.