Gamescom, Köln: — Turbasert mekanikk er sentralt i speldesign, og det ville vere synd om det døydde ut (…) Den djupna og rikdommen ein finn i turbaserte lagtaktikkspel kan ikkje matchast!

Garth DeAngelis, sjefsprodusent på XCom: Enemy Unknown, er ein altetande speler, men har altså stor forkjærleik for dei klassiske turbaserte spela. Saman med designer Jake Solomon bestemte han seg for å gjenskape ein av spelfavorittane, det var nærast ei krossferd.

— For mange år sidan fortalte han [Solomon] meg at me verkeleg burde gjenskape Xcom, og no er tida å gjere det på. Me har utsøkt teknologi, me kan gjenskape mange av dei viktigaste elementa i det opphavlege spelet, seier DeAngelis.

Sjå videointervju i toppen av saka.

Det opphavlege XCom-spelet – UFO: Enemy Unknown – kom ut i 1994, og inspirerte fleire oppfølgjarar, bøker og andre spel fram mot byrjinga av 2000-talet. Årets utgiving er ei utvida oppdatering av det originale spelet.

XCOM: Enemy Unkown. (Foto: 2K Games)
Denne kisen drap alle du elskar, kva har du å seie til det? (Foto: 2K Games)
— Me ville verkeleg vere trufaste mot anden til originalen, det var viktig for oss gjennom heile utviklingsprosessen, presiserer han.

Les også: Alt innhald frå Gamescom 2012, verdas største spelmesse

Skytespel er overalt

— Eit par av dei største skytespela har selt utruleg godt, og når det skjer så har ein alltid mange utviklarar og utgivarar som vil hive seg med på moroa. ‘Mange liker dette, mange kjøper det, la oss prøve!’, men etter ei stund vil ein nå eit mettingspunkt. Sjangeren får etter kvart veldig mange kopiar.

Produsenten er glad han får vere ein del av eit selskap som kan prøve noko anna, sjølv om spelet òg har sterkare visuelle element inspirert av andre skytespel.

— Viktige augneblink har nydelege filmatiske scener som kunstavdelinga har laga, men måten spelarar kjem dit er via ein vev av val som er ulik kvar gong.

Les også: Sniktitt: XCom: Enemy Unknown: — God gammeldags rominvasjon

Kvar spelar, si historie

Det viktigaste for DeAngelis var den indre historia, korleis ein skapar soldatane sine og kva roller ein sjølv tildeler dei.

— Historia som ein skapar i hovudet, det er utruleg korleis forteljingane utspelar seg og kva kjensler ein får for det som i prinsippet er digitale actionfigurar.

— Du vil ikkje at dei skal døy, og når dei døyr så hugsar du når og kvar på kartet. Du hugsar korleis romvesena drap mor di, og korleis du vil hemne deg på romvesena fordi dei gjorde det. Det var dette me ikkje ville ta vekk, seier han.

— Alt er der framleis.

XCom: Enemy Unknown har sleppdato den 12. oktober

Kva er forholdet ditt til XCom-spela? Er du ein turbasert nostalgikar, eller berre lei av skytespelkopiar?