Lærar ved Nordahl Grieg vgs. i Bergen – Aleksander Husøy – startar denne hausten, saman med Vegard Relling, opp eit større prosjekt med å nytte Civilization 4 i både samfunnsfag- engelsk-, og norskundervisning, men kvifor?

— For det første er det eit spel eg har god kjennskap til sjølv, og sjølv har fått eit læringsutbytte av. Utover det, så trur eg dette er eit spel som kan appellere til både guter og jenter, seier Husøy.

— Dette er eit medie som har stort potensial, iallfall for læring. Då eg vaks opp, med spel som Civilization 2, Age of Empires, Caesar, var det noko som vekte mi interesse for historie, statsvitskap, geografi – som seinare førte til at eg studerte statsvitskap.

Aleksander starta i vår ein blogg for å følgje prosjektet sitt. Ved å publisere ideane frå starten av håpar han at andre kan bli inspirert av arbeidet, og få augene opp for spel i skulen. Sjølv fekk han inspirasjonen frå ein anna nordmann.

— Tanken om å faktisk sjølv kunne gå i gang med eit spelprosjekt kom for alvor i gang for cirka to år sidan, då eg høyrde Magnus presentere sine erfaringar med Assassins Creed. Dersom han kan gjere dette, så kan eg òg.

Magnus Sandberg er lærar ved Stovner vidaregåande skule i Oslo. Alt i 2010 vann han ein Del og bruk-pris for sitt arbeid med å nytte Assassins Creed 2 i historieundervisninga. Han har tidlegare òg nytta Minecraft og andre spel i læringssamanheng.

Desse to møttest i Søndagsmorgen for å diskutere korleis spel kan nyttast som eit reiskap for å lære i skulen i dag. Høyr intervjuet her:
[audio:https://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/09/AleksanderHusoyogMagnusSandberg.mp3|titles=Lærerne Aleksander Husøy og Magnus Sandberg om spill i skolen på Søndagsmorgen]

— Me les ikkje berre lærebøker

Magnus Sandbergs film om eget skoleopplegg
Sjølv om både Civilization 4 og Assassins Creed 2 er basert på historiske hendingar, var dei ikkje akkurat meint som pedagogiske spel i utgangspunktet. Sandberg meiner at det ikkje er særleg annleis enn til dømes å lese romanar eller sjå filmar ellers.

— Me les ikkje berre lærebøker, me les moderne og eldre bøker som er laga for underhaldning, og så tolkar me det, seier Sandberg.

— Sånn sett trur eg spel vil kome meir inn i skulen som noko som må tolkast, og blir meir interessant og rikt om ein tolkar det – akkurat som bøker, film og denslags.

Seks månader med research

Under årets Gamescom intervjua me Alex Hutchinson, kreativ leiar for Assassins Creed 3, oppfølgjaren til spelet Sandberg baserte historieopplegget si på. I motsetning til det førre – som hadde handling frå renessansens Italia – vil trearen finne stad under den amerikanske revolusjonstida.

I følgje Hutchinson kan nok Sandberg vere trygg på at også dette spelet vil vere historisk etterprøvbart.

— Me brukte omtrent seks månader – på prototyper, las bøker, såg dokumentarar, og såg filmar for å sjå kva fantasiar folk hadde om den tida.

— Og me prøvde verkeleg å replikere den verda for folk, for å gi dei fantasien om å vere ein turist i den tidsperioden, for å gå tilbake og besøke 1700-talets USA.

Les også: Alt frå Gamescom 2012

Spel er òg kjelder

Sandberg er positiv, men meiner at kjeldekritikk framleis er noko av det viktigaste å lære til elevane. Spel er òg kjelder, på lik linje med film og bøker, meiner han.

— Me skal lære om kjelder i historiefaget, men kva er ei kjelde? Det kan vere det historikarar nytter – bunker med dokumenter og store arkiv – men ei kjelde er òg den kjelda vanlege folk har til si historie. Då er jo film og spel veldig viktige kjelder, og då er det dei me må vere kritisk til.

I Civilization 4 skaper du historiens gang sjølv. Husøy meiner at det er andre ting enn historisk korrektheit som er viktig for hans prosjekt, som korleis ein statsleiar tenkjer.

— At hendingane som foregår i spelet skal vere mest mogeleg historisk korrekte, er ikkje eit mål.

— Eleven som spelar Civilization 4 har mogelegheita til å gjere ulike prioriteringar for den staten dei leiar. Det er først og fremst konsepta, og korleis dei relaterar til kompetansemåla – særleg innanfor internasjonale forhold – i samfunnsfagdelen som er det som er det som er det verkeleg interessante der.

Les også: Civilization-designer: — Du skapar di eiga verd

(Intervjuet held fram under biletet)

Korleis burde ein løyse internasjonale konflikter? «Civilization»-serien gir deg mogelegheit til både diplomati – og… hardare metoder (Bilete: Firaxis).
Korleis burde ein løyse internasjonale konflikter? «Civilization»-serien gir deg mogelegheit til både diplomati – og… hardare metoder (Bilete: Firaxis).

Elevane er positive

Nyskaping kan verke skummelt, og dei to har møtt kritikk frå ulike hald for prosjekta sine. Sandberg seier at mange lærarar er verken kritiske eller positive, men rett og slett synest det er rart. Elevane sjølv har vore positive.

— Eg har gjort det med fleire klasser, og eg har faktisk ikkje hatt ein einaste negativ tilbakemelding frå elevane. Både dei som ellers sluntrar unna og helst vil ha fri, og dei som jobber hardt med fag – alle har utbytte av det, seier Sandberg.

Husøy kjenner seg igjen i det Sandberg sier, og har fått klare oppfordringer frå skulen til å gå i gang med prosjektet, men har møtt ein del skepsis på korleis han skal få jentene med på dette:

— Generelt så trur eg at jenter er meir interessert i dataspel enn det den allmenne oppfatninga tilseier.

Sandberg trur settinga har mykje å seie, og har observert noko blant fleire av jentene som kanskje ikkje har vore så interessert i spel før.

— Desse jentene vert plaga av ein storebror eller lillebror som okkuperar konsollen heime heile tida. No set eg dei i ein fagleg setting, utan irriterande småbrør. Då ser òg dei kva dette mediet er.

Les også: Spel som kunnskapsformidler

Framtida for norske klasserom?

Desse lærarane bedriv nybrottsarbeid, men korleis trur dei sjølv at framtida er for spel som ein del av den norske skulen om ti år?

— Eg håpar det vil ha ei mykje større rolle enn det det har i dag. Spelmediet i dag — iallfall om ein samanliknar ti-tjue år tilbake i tid – er noko veldig anna. Sånn som eg ser det, så burde ein byrje å sjå på spel på same måte som romanar, likeins som ein ser på filmar, og den type ting, seier Husøy.

Sandberg meiner at læreverka burde reflektere over spel som læringsmetode i større grad.

— Man bør i større grad gå inn i ei rolle, til dømes dersom du skal vere fredsmeklar i Midt-Austen, så trur eg du lærer betre ved å vere i spel-liknande situasjonar for å skjøne det komplekse – enn om du berre skal lese ei punktliste over det som er viktig å hugse.

— I dag sit veldig mange elevar på ein stol og høyrer på ein lærar som aldri heilt vert ferdig med betraktningar på eit fag dei driver med, så eg har inntrykk av at elevane er veldig glad for å teste noko anna – og går inn i det med stor entusiasme, seier Sandberg.

Kva spel har du lært noko av? Kva spel kan fungere i klasserommet?