– Då me sat og såg serien forsto me med ein gong at denne, den må me vise i sin heilskap på festivalen, sa bookingansvarleg for festivalen, Todd Brown, til NRK tidlegare i september.

NRK-serien Hellfjord vart plukka ut til å representere Noreg på den anerkjente kultfilmfestivalen Fantastic Fest, og dette er første gong dei viser ein heil TV-serie.

Dermed fekk amerikanarar og andre tilreisande i går sjå tre og ein halv time med norsk TV-humor, pitcha som «Twin Peaks møter Hot Fuzz».

Dette er den første TV-serien til det norske selskapet Tappeluft (Kill Buljo, Død snø, Tina & Bettina), basert på ein idé av Zahid Ali, Tommy Wirkola og Stig Frode Henriksen.

I Hellfjord blir Oslo-politimannen Salmander (Zahid Ali) motvillig sendt til den fiktive bygda Hellfjord etter at han ved eit uhell drep politihesten sin i full offentlegheit.

– Fjordane er ikkje det dei ser ut som

Filmnettstaden Film School Rejects gir TV-serien gode tilbakemeldingar, og ender opp på «A-», nest høgaste karakter.

– Det er bygd på nokre veldig smarte idear, og flyt uanstreng og lett rundt i verda den har laga. Ingenting er feilplassert, uansett kor «outlandish» og eksentrisk det er, alt fungerer fantastisk, skriv meldar Michael Treveloni.

– Som eit Odd Nerdrum-bilete som har sprunge til liv (berre med meir humring). Så slår sanninga meg: sesong to er ikkje ein gong laga enno, og den kan ikkje kome raskt nok, avsluttar han.

Patrick Syversen, som òg har regissert Rovdyr (Foto: Euforia Film).
Patrick Syversen, som òg har regissert Rovdyr (Foto: Euforia Film).
Det einaste Treveloni trekkjer filmen ned for er tidvis støytande og sjokkerande innhald. Med andre ord er filmen neppe langt unna humoren me alt har sett i til dømes Kill Buljo og Død snø.

Latter og spontanapplaus

Patrick Syversen, ein av regissørane for serien, meiner humoren har mykje å seie for at dei i det heile teke vart invitert til Fantastic Fest.

– Dei liker humoren vår. Me var her i fjor og viste Hjelp, vi er i filmbransjen, og det var den beste visninga av filmen eg har vore på.

Saman med Zahid Ali, Tommy Wirkola og Stig Frode Henriksen overvar han visninga av «Hellfjord», og rapporterer om mykje latter og spontanapplaus fleire stader i episodane.

Etter visninga drog dei på Hellfjord-fest, der det vart servert rakfisk, lutefisk og akevitt. Naturleg nok.

Første episode av Hellfjord har premiere på NRK1 tysdag 9. oktober, klokka 22.30.

Twitter-buzz

På Twitter var fleire begeistra over det dei nett hadde sett. Her er nokre utvalde reaksjonar på Hellfjord.