Foreldre har stort sett hatt sex. Ja, til og med besteforeldre har ein eller anna gong kost seg i sengehalmen. Om dei framleis gjer det, er derimot ein heilt anna sak.

Eldre menneskes seksualitet har blitt utforska på film før, men klasseskodespelarar som Tommy Lee Jones og Meryl Streep tek Hope Springs eitt nivå høgare enn den elles ville ha vore.

Arnold (Tommy Lee Jones) og Kay (Meryl Streep) har iallfall ikkje hatt sex på lenge. Gjennom eit 31 år langt ekteskap har den berømte gnisten flydd ut av forholdet, og resultatet er ei rutine som er omtrent like spennande som ein 13 kroners frosenpizza. Åtskilde soverom, to egg og ei skive bacon til frukost kvar dag, og knappast eit kyss på kinnet.

Kay er lei den evige runddansen, og saknar intimitet. Difor melder ho dei båe på intensivterapi hjå den velkjende parterapauten Dr. Feld, i den idylliske småbyen Hope Springs.

Polert

Regissør David Frankel har med filmar som Marley & me og The Devil Wears Prada alt fått eit uttrykk som har festa seg. Koselege historier om folk med utfordringar, som til slutt får ein eller anna slags form for løysing på problema sine – der rollene er gitt til store Hollywood-skodespelarar.

Målet er at du skal ha ledd, humra, tenkt og kanskje grått litt før den halvanna timen er omme. Det er teflonglatt og pent filma, utan dei heilt store provokasjonane.

«Same procedure as every year, Arnold» (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
«Same procedure as every year, Arnold» (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Les også: The Best Exotic Marigold Hotel

Særleg utfordrande? Nei, det er den ikkje, med mindre du skulle vere allergisk mot gamle folk som er glade i kvarandre. Litt flaut kan det kanskje vere – dette er ikkje nødvendigvis filmen du ser saman med mor di – men det er gjort toleleg av eit koseleg manus som både behandlar temaet og figurane sine på ein god måte.

Gode skodespelarar

Tommy Lee Jones er utmerkt som den grå mannen som slo av libidosikringen sin for eit lite tiår sidan. Å sjå oppvekkinga hans i terapisamtalar – frå opphengsla skuldrer når det vert snakk om konas orgasmar, til eit sjølvgodt smil når han vert tvungen til å tenkje gjennom gamle seksuelle fantasiar – er glimrande film.

Steve Carrell i si mest sobre rolle hittil, som samlivsterapeuten Dr. Feld (Foto: Norsk Filmdistribusjon).
Steve Carrell i si mest sobre rolle hittil, som samlivsterapeuten Dr. Feld (Foto: Norsk Filmdistribusjon).

Steve Carrell gjer i tillegg si kanskje mest sobre rolle hittil, som Dr. Feld. Det er nesten merkeleg kor godt han fungerer i ei rolle som ikkje spelar på figurkomikk i det heile teke. Timingen har han likevel inne, og visdomsorda han leverer kan sikkert fungere på erfarne par som opplever filmen også, ikkje berre Kay og Arnold.

Streep er Streep, og dei siste åra trur eg ikkje at eg har sett ein einaste rolletolking der ho ikkje har heva nivået på filmen betrakteleg. Sjølv The Devil Wears Prada (frå same regissør) er meir enn sjåverdig på grunn av hennar sans for og kontroll over rollene sine.

Les også: Jernkvinnen: — Meryl Streep gjør en fantastisk hovudrolle

Litt for raskt, litt for enkelt

Avslutninga kjem litt for raskt – litt for lett, nesten litt for enkelt. Andre akt derimot, som dukkar inn i forholdet og korleis våre to hovudkarakterar kom dit dei var i dag, er mykje betre.

Med svakare skodespelarar hadde denne filmen fort falt gjennom, men nettopp på grunn av nær perfekt casting klarar den likevel å ytre noko som fester seg om stagnerte forhold – uansett om du er 25 eller 60.

Hope Springs behandlar temaet sex blant godt vaksne personar på ein godt vaksen måte, om enn kanskje litt for snilt? Vel, det kan vere at eg berre er for ung enno.

Kva tykkjer du om Meryl Streep? Legg att di meining i kommentarfeltet under.

  • playboy33

    Nei og nei og nei…Huff

  • rellefekcor

    Hva betyr “naudsynleg”?? Takknemlig for svar. <3

    • http://www.facebook.com/profile.php?id=732035124 David Børresen

      Nødvendig, bør bøyes litt i teksten for det skulle nok vært nødvendigvis. 
      Et rart ord er det, anvendelig i nød er logisk, noe som blir synlig i nød åpner for bredere bruk. Men det er vel fast bestemt et sted.

      • rellefekcor

        Takk skal du ha!! :) Så da skulle det ideellt sett stått “naudsynlegvis”, og da hadde det vært mer forståelig også.