I konkurranse med Kompani Orheim og Som du ser meg vart Kon-Tiki i dag sendt til Oscar-akademiet for vurdering til prisen for beste ikkje-engelsk-språklege film.

Som du ser meg-regissør Dag Johan Haugerud var glad for i det heile teke å bli valt ut som éin av tre.

— Det er jo ros å kome på ei slik liste, og det vert ein glad for, seier Haugerud. Men før dagens avgjersle hadde han ikkje dei store forhåpningane.

— No er jo eg negativ til ting i utgangspunktet, seier Haugerud.

Sjå på filmane som har vunne for beste utanlandske Oscar

Filmens produsent Yngve Sæther – som også er produsent for Kompani Orheim – meiner at Som du ser meg er meir lik andre vinnarar gjennom tidene.

— Når ein ser på kva filmar som har vunne for beste utanlandske Oscar, så er det jo slike som dette, seier han.

Dei siste åra har prisen gått til filmar som iranske Nader og Simin og danske I en bedre verden, samt argentinske Hemmeligheten i deres auge.

— Dette er sterke emosjonelle, psykologiske drama. Det er ikkje… eventyrfilm, følgjer han opp.

Det siste er nok eit stikk til oppdagingsreisa i Kon-Tiki, som altså seinare vart valt ut av NFI som den norske Oscar-representanten.

Les også: Som du ser meg: — Utviser en behersket forteljarstil

Dei tre norske filmane som var nominerte til Oscar-kandidatur.
Dei tre filmane som var nominerte til norsk Oscar-kandidatur. Den utvalde vart til slutt «Kon-Tiki».

Interesserer seg meir for kvinner enn for menn

Ved årets Amanda-utdeling var det berre to kvinner nominert i kategorien for beste kvinnelege skodespelar, mot fire som det plar vere. Haugerud meiner det er synd at kvinneverda ikkje vert utforska oftare, men seier at det heller ikkje er poenget med Som du ser meg.

— Eg har ikkje eit kvinnepolitisk utgangspunkt for filmen, seier Haugerud.

— Men du har vel sagt at du er meir interessert i kvinner enn i menn, skyt Sæther inn.

— Ja, det gjer eg, svarar Haugerud.

— Kvardagskommunikasjonen som skjer mellom kvinner er ofte litt annleis enn den som hender mellom menn, men det kan òg vere at den kvardagskommunikasjonen som skjer mellom menn eigentleg manglar litt i filmar òg.

Dag Johan Haugerud, regissør på «Som du ser meg» (Foto: Finn Ståle Felberg).
Dag Johan Haugerud, regissør på «Som du ser meg» (Foto: Finn Ståle Felberg).
Haugerud peikar på at filmar med stor overvekt av menn gjerne er meir actionprega eller thrillerfilmar, som heller ikkje tek pulsen på kvardagsmennesket.

Oppteken av ord

— Filmen handlar om menneske som ikkje blir sett for den dei er, og som har vanskeleg for å få respekt frå andre for dei valga dei tek, og liva dei har lyst til å leve – og dei misforståingane som oppstår i det, held Haugerud fram.

I tillegg til å vere regissør har Haugerud også gitt ut fleire bøker. Som forfattar er han veldig oppteken av at replikkane vert riktige.

— Det er litt rart. Eg tykkjer jo det er kjempebra når skodespelarane kjem med innspel, men eg kan jo òg oppleve på settet at eg tenkjer ‘Nei, kvifor seier ho ikkje det?’. Det skjer også, at eg regisserer så omhyggjeleg.

Eit år med lesing

Regissøren og skodespelarane nytta eit heilt år fram mot innspeling på leseprøver for å sjekke kva som fungerte og ikkje fungerte. Viktigast for Haugerud var at det ikkje skulle verke som ein film. Det skulle ikkje vere ein flettverksfilm der alle historiene var knytt saman, i staden skal realisme vere i alle deler av filmen.

— Om det skal kjennest sant, og organisk, så må alt ha ein funksjon. I blant når ein puttar roller inn i andre situasjonar enn der dei skal vere, så vert det ofte forsert – litt påtatt – og det føler eg ofte øydelegg for meg når eg ser flettverksfilmar.

— At det same kan går føre seg mange stader samtidig, men på ulike måtar, det er det som er flettverkstanken her.

— Veldig ofte når eg går og ser ein film, så føler eg: ‘Dette er ein film, dette er eit filmplott. Du skjønar fort kvar det går, og du vert litt lei av det’, seier Sæther.

— Det er heldigvis ein sterk tradisjon innanfor film, både amerikansk og europeisk, som skildrar kvardagslivet òg – men det er litt vanskelegare å få den finansiert og få den opp og stå.

Som du ser meg har Noregspremiere den 14. september.

Kva tykkjer du NFI leggje vekt på når dei plukkar ut dei norske representantane?