Med blant andre Netflix og HBO Nordic på veg inn i den skandinaviske marknaden er det ingen tvil om at strømningstenester byrjer å starte opp for fullt i Noreg og omegn.

Men det stansar ikkje der. Ifølgje danske TV2 Beep vil sjølvaste Spotify også streame HBO-serier.

Saman med vinteren kjem ein heil bråte mogelegheiter til å sjå HBO. (Foto: HBO)
Det har tidlegare vore mogeleg å streame trailerar og reklamar på Spotify, og mange har lurt på om dei òg skal ta steget inn i videomarknaden. Spotifys grunnleggjar, Daniel Ek, har tidlegare opna for at dei kjem til å gjere dette i framtida.

Ingenting er bekrefta enno, men Beep skriv at Spotify no kjøpslår om rettigheitene til HBO-seriar, for å bli endå eit ledd i HBO-distribueringa i Norden.

Har henta amerikansk streamingsjef

Spotify har allereie rekruttert Mike Berkley frå det amerikanske nett- og kabelselskapet Comcast. Han var tidlegare direktør i selskapet, som er USAs største på privatbreiband og som blant anna har levert streamingtenester for sportskanalen ESPN under OL i Vancouver. No arbeider Berkley som produktvisesjef hjå Spotify.

Ifølgje kjeldene til Beep, som skal vere tett på informasjonen, er dette eit ledd i arbeidet med å utvide Spotify til ein film- og TV-divisjon ved sidan av musikken.

Les også: The Newsroom: — Ein manns fantasi over korleis journalistikk burde vere

Dette er som sagt ikkje bekrefta, men det er logisk valg. Spotify har vore eit friskt pust i musikkbransjen og kan forhåpentlegvis vere med på å gjere noko av det same for skjermunderhaldning.

Dette vert etter alt å døme ved sidan av HBOs allereie eksisterande tilbod – som alt består av ei komande streamingteneste, samt spesialavtale med C-More som visar seriar éitt døgn etter amerikansk sendetid.

Norden som prøvekaninar?

NRKbeta-doktrina: Den einaste måten å kontrollere innhaldet sitt på er å vere den beste tilbydaren av det.
Eirik Solheim, NRKbeta

Med unntak av ordinære sendingar er Norden dermed dei første som vil få tilgang på HBO-serier, og av dei einaste som får seriane som streaming. Ikkje ein gong USA får desse tenestene. Eit hardt framstøt mot piratverksemd, og eit godt eksempel på NRKbeta-doktrinen.

Det kan verke som om dei nordiske landa – med vår høge andel av breiband og store apetitt på TV-serier – er eit prøveområde for streamingtenester (og eg kan ikkje seie at eg ikkje er nøgd med det).

Les også: True Blood S05: — Det kan ikke bli mer blodig en dette

Spotify-kundar kan dermed få tilgang til å streame film- og TV-serier – anten gjennom Spotify, eller eit eiget program – og HBO vert neppe den einaste leverandøren når tenesta skulle kome.

Pris, fleire seriar og lanseringsdato er ikkje kjend enno – sidan HBO og Spotify ikkje kommenterar rykta – men dette vert neppe det siste me høyrer om dette.

Saken oppdaterast.

Kor mykje er du villig til å betale for Spotify med både musikk- og TV-serier?